Um Målmannen

Målmannen er eit språk- og kulturpolitisk tidskrift, redigert på høgnorsk. I Målmannen finn ein artiklar knytte til tema som språk, kultur, politikk, musikk, filosofi, innvandring, islam, norsk og europeisk nasjonalisme etc. Målmannen er bladet som vågar å setja fokus på dei kontroversielle spursmåli med ei kompromisslaus sanningssøkjande tilnærming!

Målmannen er eit organ for ordskifte og refleksjon kring målsak og andre aktuelle spursmål. Bladet siktar seg inn mot reflekterande menneske som søkjer etter nye tilnærmingar til målsaki. Me ynskjer å opna for artiklar som søkjer djupare enn til berre skildringar av dagnære saker. Skal målsaki og serleg høgnorsksaki hava nokor framtid, meiner me at det må skapast eit medvit millom folk som vil strida for Aasen-målet i dag, utan umsyn til fastlæste posisjonar. Helder enn å dyrka gamle heltar vil me leita oss fram til nye framtidssyner for målreisingsarbeidet. Bladet vert utgjeve av Samorganet Målmannen.

Bladet Målmannen hev ei sergjerning i å setja søkjeljos på språklege emne med fylgjor for den norske målreisingi. Det er trong for ordskifte og eit auka medvit um dei grunnleggjande spursmåli i målsaki. Det er og viktugt å syna målet i bruk, i stykkje og innlegg av meir ålmennkulturelt slag. Den tradisjonelle norsken frå 1917 er ikkje so mykje nytta i norsk ålmenta, og det lyt gjerast ein innsats for å halda uppe ein livande skrifttradisjon. Målmannen skal vera ei rettleiding for deim som ynskjer å odla skriftmålet sitt i norsk leid.

Målmannen hev kome ut nokre år no. Når me som stend attum bladet, er fastsette på å halda fram arbeidet med å gjeva ut bladet i åri som kjem, er det av di me meiner det fyller ei viktug rolla i den norske målstoda. Etter kvart som tidi gjeng, stend det alt klårare fyre oss at den organiserte målrørsla treng korrektiv og at det vert sett fram alternative framvegar for målreisingi.

Redaktør for Målmannen er Olav Torheim.  Bladet fylgjer Redaktørplakaten og Ver Varsam-Plakaten.

Bladpengar er kr 150 i året. Prøvenummer er fritt.

Kontaktinformasjon

Post: Postboks 599 Sentrum, 5806 Bergen

Telefon: 99156428

E-post: [email protected]

Skype: fivreld25