Kampen um ordi

Når vindauga stend ope, kjem myggen inn. Etter andre heimskrigen stod vindaugo vidopne.

Etter tvo øydeleggjande krigar var det tid for å sleppa inn frisk lufti. Krigane hadde øydelagt tvo ættleder og ført til at det ikkje lenger var dei gamle europeiske stormaktene som sette dagsetelen i verdi. Ein sat i staden att med USA og Sovjetunionen som einerådande supermakter. Samstundes var det nett denne sannkjenningi som førde til at dei gamle rivalane Tyskland og Frankrike byrja finna saman.

I denne friske lufti smaug dei blodsugande myggane seg inn. Det var eit skrømt som ikkje ein gong tvo verdskrigar hadde teke knekken på, snarare tvert imot: Ein individuell likskapstanke, som i røyndi berre hev skapt meir ulikskap på det sosiale umkverve.

I kommunistiske statar hev den røynlege „likskapen“ i beste fall vore jamt fordelt armod på det materielle umkvervet. Som regel ikkje ein gong det, for det fanst både gode kommunistar og korrupte kommunistar som forsynte seg grovt av die fyremunene som partikarrieren gav deim.

Det gjekk ikkje so lenge etter krigen fyre det vart klårt at dei vestlege statane ikkje vilde vera med på det kommunistiske eventyret i aust. Og seinast etter dei blodig nedslegne uppstandane på 50- og 60-talet i Tyskland, Ungarn og Tsjekkoslavakia so var det klårt at helder ikkje folkefleirtalet i auststatane stelte seg attum det systemet som Sovjetunionen hadde prakka på dei.

Dimed endra strategien seg. Makti i Vest-Europa måtte vinnast kulturelt før ho kunde vinnast politisk. Det vart til ein kamp um ordi, der kommunistkadrane freista å taka yver daglegdagse ord og umgrep og fylla deim med nytt og framandt innhald.

Miljøvern og heimstadvern

Eit godt døme på dette kunde vera „klimakampen“. Normalt vilde ein tenkja seg at det å verna um natur og miljø var ei konservativ sak der det sveiv seg um å taka vare på heimstaden og kringværet sitt. Men med den „grøne“ rørsla som voks fram i Tyskland på 1980- og 1990-talet, og som jamvel kom til regjeringsmakt ved årtusenskiftet, so er „grøn“ politikk vorte umdana til ein ultraliberalisme både når det kjem til familiepolitikk og innvandring.

J. C. Dahl, 1826, «Utsyn Feigumfossen i Lysterfjorden»

Det er tragisk at det hev vorte slik, for natur og miljø er verkeleg eit brennande spursmål. Naturvern og heimstadvern er eit eldgamalt tema. Ser ein historisk på det so er det i nytidi vorte forankra i romantikken: Kvar ei kunstarisk stemneleid i denne tidbolken såg på naturen, nasjonen og den yverordna folkeåndi i ein heilskap. Det var slik dei såg det, dei store tyske diktarane som mana til kamp mot Napoleon sin okkupasjon.

Antirasisme og sosial rettferd

På same måten hev vinstresida kuppa den „antirasistiske“ kamp. I eit heilt hundradår hev dei nytta antirasisme som eit verkty for seg sjølve. Ser ein historisk på det, so byrja det med at dei lova sjølvstende til dei avhengige kolonilandi. Sjølvstende åleine kunde ikkje løysa problemi deira, men der med lova dei gull og grøne skogar. Når problemi ikkje løyste seg av seg sjølve so forklårar dei det med «nykolonialisme» og «strukturell rasisme».

Det er einast i Kina at kommunismen framleis er for ein maktfaktor i verdi å rekna. Og der er «kommunismen» for lengst komen fram som eit nytt, ultranasjonalistisk og aggressivt kleptokrati. Det er fint lite att av den gamaldagse maoismen. Systemet fungerar etter reglane i marknadsøkonomien, jamvel um styresmaktene hev ei sterk hand på rattet enno.

«Revolusjon heiter å aldri ljuga» (plakat frå Cuba)

Koloniar er det ikkje fleire att av, men temaet rasisme er meir aktuelt enn nokosinne. Det vert stødt skapt nye narrativ, og fyremålet med det heile er å øydeleggja den naturlege og heimstadbundne identiteten åt folki i verdi. Identitet skal vera noko flytande som kvar og ein skal setja saman, nett som ein gjeng ikring og plukkar varor på ein supermarknad. Identitetar som er eksklusive og røtte i noko handfast, dei skal vekk. Som med kynsidentiteten («kyn er ein sosial konstruksjon») eller religionen («religionen din er meiningslaus»). Eller med instrumentaliseringi av den kristne nestekjærleiken og arvesyndi. No heiter det at «du er kvit og difor er du medskuldig i kolonialismen og den strukturelle rasismen».

Desse endemåli hev eg teke fyre meg fyrr. Endskapen på det heile er: Kløyving, atomisering og isolering av einskildmenneski. Slik skal ein slusa dei inn i erstatningsreligionen kommunisme.

I Tyskland hev vinstresida snike seg inn i skulesektoren, kunsten og media. Det er vorte til domene som dei hev teke kontrollen med. Framfor alt hev dei teke kontrollen med språkbruken. Ordet «miljø» er vorte konnotert til vinstresida sitt verdisett. «Toleranse» er eit vinstre-umgrip – endå um millomfolkeleg forståing og gjensidig respektfull kommunikasjon ikkje akkurat er noko som vinstresida kann segjast å stå for. Dei verkeleg tolerante finn ein gjerne der ein minst ventar dei, medan vinstresida aldri er interesserte i ein open og fordomsfri diskusjon. Når dei gjeng inn i ein diskusjon so er det med ein agenda som dei skal driva igjenom.

Kva gjer me no?

I denne teksti hev eg forklåra mykje, kann henda meir enn eg trong um å gjera. Eg tenkjer at det ikkje lenger er so mykje som må forklårast. Folk ser med eigne augo korleis vinstresida propaganderar og kor aggressive dei er når dei skal valsa yver andre. Dei forstår kva det er som skjer.

Viktugare er det for oss å koma på framvegen att. Me må taka attende dei umgrepi som høyrer til daglegtala i millomklassen. Toleranse er ikkje noko vinstre-umgrip. Miljøvern er ikkje ei vinstre-sak. Sosial rettferd er ikkje noko som vinstresida kann slå seg på bringa for.

Me lyt kjempa um umgrepi og vinna deim attende. Me lyt vinna attende det som dei hev naska til seg medan me såg ein annan veg. Kommunismen er framleis ein underskots-ideologi: «Me kjem alle til å døy av di me hev øydelagt miljøet, og det finst ikkje nok pengar til alle». Eller: «Det finst ikkje nok pengar, me kjem oss aldri vidare so lenge me ikkje hev nok materielle verdiar». Dei kjem aldri til å få nok, for slik er heile tankesettet deira. Lat oss finna noko meir konstruktivt som me kann setja upp mot dette tankesettet. Lat oss gjera språkbruken meir konstruktiv:

  • Miljøvern. Me kann byrja med miljøvern. Miljøvern er ei patriotisk sak. Han som vil vera um kringværet sitt, han må byrja med å planta tre kring huset sitt. Når hagen er grøn, so hev ein noko å dela med grannane sine. Slik kann alle vinna. På vinstresida kann dei vatna ein kva som helst slags hage, men til slutt er dei alle turka upp.
  • Sosial rettferd. Sosial rettferd fær me til betre. Sosial rettferd gjeng nedanfrå og upp. Lat oss med ordleggja det slik! Når me arbeider saman for eit konstruktivt fyremål og ei betre verd, då finst det meir enn nok til oss alle. Det treng ikkje um å vera noko nullsumspel der ein må ta frå nokon for å gje til andre. Klarar me å samarbeida, kann me skapa større verdiar enn det som var fyrr!
  • Toleranse. Toleranse er vårt framtidsumgrep. Me hev yverlevd alle slags samanbrot og politiske stormar. Um ein ser burt frå borgarkrigen i Jugoslavia so hev me havt fred i Europa heilt sidan andre heimskrigen tok slutt. Lat oss strekkja ut handi til dei som stødt hev strekt handi til oss. Me kann føra ei konstruktiv samtala um interessor og motsetnader. Me kann verta samde um kva som samlar oss og kva som skil oss.

Vinstresida maktar ikkje anna enn å skrika um kven som er god og kven som er vond, kven som er undertrykt og kven som må kastast frå alle posisjonar. Dei skal ha alt eller ingenting, anten er ein med eller so er ein mot.

Me derimot, me kann arbeida med alle, for me hev forståing og respekt for folk. Me ser potensialet for framtidi. Og me hev tru på framtidi!

Rasisme er eit tema for vinstresida av di dei ynskjer seg eit utopisk framtidssamfund der alt er skapt frå blanke ark. Dei vil at dei europeiske menneski og kulturen deira skal verta burte. Han skal skiftast ut med ein «ny kultur» som dei aldri kann setja ord på eller gjera greida for – han vert verande abstrakt og innhaldslaus. Det er aldri meir enn ein idè frå deira sida.

Me derimot, me vil taka vare på kulturen vår og byggja vidare på honom. For kulturen held seg berre livande når han fylgjer med i tidi. Me ynskjer å liva respektfullt saman med andre. Som grannar og frendar. Men me vil ikkje at dei trakkar yver grensone våre, korkje individuelt, sosialt eller nasjonalt. Vinstresida skaper berre meir rasisme når dei fører ein politikk som intimiderar folk.

Me vil ha retten til å vera rause med grannane og venene våre. Slik kann dei få vera med på framstegi og velstandsvoksteren vår.

Til slutt so er det upp til oss um me maktar å ta attende frå vinstresida dei umgrepi som eigenlegt høyrer heile manneætti til. Lat måla våre eigne fargar yver det gamle laget med raudt, nett slik som dei ein gong måla raudt der det ein gong var grønt. Lat oss måla med våre eigne vårfargar, uppbrotsfargar, velstandsfargar og framtidsfargar.

Peter Schreiner