Skal ingenting få konsekvensar?

Konsekvensutgreidingane for utbyggingi av Midtmarka og Rotemyra på Flatøy framstår som reine tingingsverk.

Vest-Land Eiendom A/S ynskjer å gjera det verdfulle naturområdet på Flatøy um til ein «regional småby» med «urbant preg». Konsulentselskapet Opus hev på uppdrag frå Vest-Land Eiendom kome med «konsekvensutgreidingar» både for landskap, kulturminne og næringsliv.

Diverre vantar heilskapen fullstendig. For ikkje berre ser dei på landskap, kulturminne og næringsliv kvar for seg. Jamvel i dei einskilde rapportane held dei fram med å dela ned problematikken og nyttar seg av smarte kalkylar som til slutt pulveriserar alle negative konsekvensar.

Konsekvensar for landskap

Um ein ser på konsekvensutgreidingi for landskap, so nyttar Opus A/S seg av ein graf der umfanget av naturinngrepet er er på y-aksen og verdien av naturområdet er på x-aksen. Høg verdi på naturområdet og stort negativt umfang av inngrepet skal gjeva stor negativ konsekvens – medan liten verdi på naturumrådet og lite negativt umfang av inngrepet gjev liten eller ingen negativ konsekvens.

I staden for å sjå på heile naturområdet under eitt, so kløyver utgreidarane upp i Delområde 1 (Krossnessundet/Håøysundet), Delområde 2 (Osterfjorden) og Delområde 3 (Radfjorden).

«Nord i delområdet blir utmarksområda på strekket Skjenhøyen – Søra Eidavika utsett for massiv utbygging,» konstaterar Opus for Delområde 1 sin part. Men verdien av Delområde 1 estimerar dei til å vera «middels» – og soleides endar konklusjonen med at det berre vert «middels negativ konsekvens», endå realiteten er at heile naturområdet vert fullstendig øydelagt.

Delområde 2 femner um mesteparten av Rotemyra. Her slær dei fast at «[e]i transformering av områda her vil rasere gammal kulturmark, som rett nok ligg utan nemnande innsyn. Den største ulempa vil vere at ny bygningsmasse skapar silhuettverknad mot himmelen i nord og vest.». Her vert «middels verdi» og «middels negativt omfang» nytta til å konkludera med at konsekvensen er «liten til middels negativt».

Til slutt kjem me til delområde 3. Dei slær fast: «Dei høgstliggjande områda i Midtmarka og vidare nordaustover mot Hagelsund vil bli råka av kompakt utbygging. Forutan tap av utmarksareal, vil utbygginga skape silhuett mot sør.» Og endå ein gong: «Middels verdi» på området og «middels negativt omfang» gjer at ein hamnar på ein konsekvens som berre er «middels negativ».

Det er berre heilt vanleg natur som vert fullstendig øydelagd, difor er konsekvensen berre middels negativ…

Konsekvensar for kulturminne

Framgangsmåten er den same i konsekvensutgreidingi for kulturminne og kulturmiljø. Um kulturmiljøet på Flatøy Vest slær Opus fast at: «Her ligg fleire ulike typar kulturminne: sju steinalderlokalitetar, ein jordkjellar, eit noko gjengrodd kulturlandskap med fleire steingjerder og eit sjøhus». Dei vurderar området til å ha stor verdi.

Dei vurderar umfanget av «utbyggingsalternativ 1A» som «middels negativt» og landar på «stor negativ konkvens». Men med «utbyggingsalternativ 1B» vert det laga ei «omsynssone» kring ein steinalderlokalitet som elles hadde vorte øydelagt, og dermed vert omfanget endra frå «middels negativt til «lite negativt omfang». Med «stor verdi» og «lite negativt omfang» so endar ein på berre «middels negativ konsekvens».

Eit anna område som vert vurdert til å vera av «stor verdi» er kulturmiljøet på Håøya. Her heiter det:  «Kulturmiljøet Håøyna er vist i figur 41, og omfattar heile Håøyna, berre ein liten del av det definerte kulturmiljøet ligg innanfor plangrensa. Kulturmiljøet famnar om ulike typar kulturminne: to steinalderlokalitetar, steingjerder, restar etter gardsbruk, ein mekanisk verkstad og restar etter militære anlegg.»

Dei mest umfemnande inngrepi kjem til å skje i Skitnedalen og Midtmarka – og Opus vurderar det som eit «stort negativt inngrep». Um verdien på området skriv dei at:

«Kulturmiljøet har ei avgrensa tidsdjupne med kulturminne frå nyare tid, alle. Alle enkeltminna ligg i utmark og kulturmiljøet har samanheng med opphavleg miljø og funksjon. Kulturmiljøet har stor opplevingsverdi og dei fleste av enkeltminna ligg tilgjengelege, og til ein viss grad synlege, frå turstien til Håøyna. Kulturmiljøet har ikkje den største kunnskapsverdien, ingen av enkeltminna er særskilt sjeldne eller særskilt tidstypiske. Kulturmiljøet er likevel lokalt viktig og representerer ein del av Flatøy si lange historie med menneskeleg aktivitet.»

Dei konkluderar med liten til middels verdi av området, og endå um det er eit stort negativt inngrep so endar ein med middels negativ konsekvens.

Til liks med Skitnedalen so er utbyggingi på Rotemyra vurdert til stort negativt omfang. Um kulturminne på Rotemyra slær Opus fast at: «Delar av Rotemyra er eit godt bevart kulturlandskap med fine døme på steingjerder. I nord og vest er kulturmiljøet avgrensa og forstyrra av E 39 og i sør av nyare bustadfelt. Kulturmiljøet representerer vanlege kulturminne i Nordhordland og har også ei avgrensa tidsdjupne. Kulturmiljøet inngår likevel i ein lokal samanheng og er ein del av gardshistoria på Flatøy. […] «Skøytedammen» vart anlagt på 1970-talet og representerer ikkje noko særskilt kulturhistorisk verdi.»

Dei konkluderar med at området hev «liten verdi» og at det store negative inngrepet berre gjev «middels negativ konsekvens».

Alle område med stor verdi hev middels umfang på ingrepi. Der inngrepi er store er verdi på landskapet lite. Litt av eit samanfall…

Konsekvensar for næringsliv og sysselsetjing

Når det kjem til næringsliv og sysselsetjing, so lokkar Opus med at:

«Eit grovt anslag på nyskapte arbeidsplassar på Flatøy i samband med planframlegget, kan totalt tenkast å liggja på kring 1500 permanente plassar ved full utbygging-I tillegg vil det i ein periode på 20-40 år vere ein midlertidig, men langvarig, positiv effekt for bransjespesifikk sysselsetting (bygg og anlegg fortrinnsvis),gitt at det blir nytta lokale aktørar. Områdeplanen sin ambisjon om 2 500 arbeidsplassar i planområdet kan derfor godt tenkast å bli oppfylt.»

Les ein nærare i planen, so ser ein at dette er tal og estimat som vert henta ut frå rein luft. Som når dei reknar kvadratmeter med umregulert næringsareal yver i arbeidsplassar. Einaste næringsverksemdi i området per i dag er Norbetong, og den verksemdi skal altso vekk.

Tendensen hev vore at Frekhaug sentrum døyr burt. Det er åt å verta ein soveby. Men på Flatøy, som er endå nærare Knarvik, skal dei i framtidi få til det ein ikkje fær til på Frekhaug i dag?

Det meste konkrete som planskildringi viser til er arbeidsplassane innanfor kommunale tenester som må etablerast i den nye småbyen, som skule og barnehage. Dette samstundes med at til dømes Rossland skule lengre nord på Holsnøy hev vore truga av nedlegging.

Kva med heilskapen?

Konsekvensutgreidarane dekomponerar konsekvensane ned i landskap, kulturminne og næringsliv. Og dei held fram med i dissekera landskap og kulturminne ned i isolerte småbitar der konsekvensane kvar for seg vert middels eller småe. I konsekvensutgreidingi for næringsliv lovar dei oss arbeidsplassar som enno ikkje finst.

I realiteten er utbyggingi eit stort tap for Meland, Lindås og Radøy i sin heilskap. Midtmarka, Håøya og Flatøyosen hengjer saman, naturupplevingi vert øydelagd – endå um sume lokalitetar skal få skjermingssonor for å få konsekvenstabellen til å gå upp.

Med utbyggingi på Rotemyra so misser ein verdfull matjord. Framtidi er uviss, og det er ikkje berekraftig å byggja by på Flatøy.

Men det viktugaste av alt er at heile Nordhordland endrar karakter, det vert ein annan stad å bu. Med full utbygging på Flatøy kjem folketalet i den nye «regionale småbyen» heilt upp i 8000 – det er ei dubling av folketalet i det som fram til 2020 var Meland Kommune. Me gjeng frå å vera bygdesamfund til å vera ein stad dei fleste menneski bur i ein by.

Politikken med å samla folk i store senter er heilt medviten frå styresmaktene si sida. Når fleirtalet av folket bur i byar og er meir avhengige av sjefen sin enn av grannane sine, då endrar den sosiale dynamikken seg.

I bygdesamfund er folk hjelpsame og kreative. I byar bur ein tett på menneske som ein ikkje kjenner. Vil me vera politiske aktørar i eigen kvardag eller vil me vera passive mottakarar av kommunale og privatiserte tenestor? Pengesterke interessegruppor ynskjer seg det siste.

Ei fyrebying til bergensutviding

Og kva slags by er det me kjem til å få på Flatøy? Er det ein by som kjem til å vera eit naturleg senter for resten av Nordhordland? Nei. Det er ein by som ligg strategisk på E39-strekket millom Knarvik og Bergen. Når Nyborgtunnelen kjem so er ein 5 minutt frå Åsane og Nyborg, der utbyggingi av bustader, kjøpesenter og næringsverksemd held fram som før. Det byggjer seg upp eit semi-urbant belte heile vegen frå Bergen til Knarvik.

Endå kommunereformi hev halde på i seks år no, so hev kommunalminister Monica Mæland slege fast at det tek ikkje slutt. Målet er endå færre og større kommunar. Det er på ingen måte urealistisk at den nye «småbyen» på Flatøy kjem til å vera innlema i Bergen kommune når han ein dag stend ferdig…

Lat oss ikkje gløyma at sist gong ordskiftet um kommunereform stod på so vilde politikarane jamvel ha utkantkommunar som Osterøy, Samnanger og Austevoll inn i Bergen. Høgre og Frp sitt mål med kommunereformi var å redusera talet på kommunar ned til 100, i tråd med ynsket frå NHO. Dei kjem ikkje til å gje seg før dei er hamna der.

Det gamle Flatøy-bygdesamfundet på 400 menneske kjem til å verta fullstendig yverkøyrt når Midtmarka og Rotemyra vert folkesett av 8000 byfolk. Desse byfolki kjem korkje til å læra nordhordlandsdialekt eller tileigna seg nokon slags ny og kunstig Alver-identitet. Ein må rekna med at dei fleste kjem til å arbeida i byen. Kva skulde dei ha imot vidare Bergens-sentralisering?

Det er naturlegvis politisk mogleg å planleggja ut frå heilt andre visjonar – der Alver Kommune legg upp til at Meland, Lindås og Radøy framleis skal få utvikla seg sjølvstendig som levande lokalsamfund. Kommunen kann prioritera utvikling av dei gamle kommunesentri Frekhaug, Manger og Lindås – med tilsvarande regulering av både bustader og industri. Konsekvensutgreidarane kann koma upp med vel so fine tal då med, slik er det no ein gong med uppdragsforsking….

Det skal ikkje stikkast under ein stol at næringslivet i Nordhordland Handverk- og Industrilag hev pressa på både for å få storkommune, nyborgtunnel og småby på Flatøy. Men kann det tenkjast at dei sagar yver den greini dei sjølve sit på? Folk i Nordhordland hev havt ein arbeidsmoral og ein kreativitet som ein må ha vokse upp på landsbygdi eller på gard for å ha tileigna seg.  Mange store og suksessfulle industrihistorier hev starta upp i det små på familiegarden – og so hev det balla på seg. No kjem heile samfundet i Nordhordland til å endra karakter…

Alternative visjonar for Meland, Lindås og Radøy

I staden for å byggja ein ny by langs E39 på Flatøy, so kann ein få fart i arbeidet med Sambandet Vest og få knytt saman Herdla, Øygarden, Holsnøy og Radøy. Det hadde vore ein politikk for å faktisk få etablert naturlege sentrum i Nordhordland – i staden for å medverka til ein politikk som gjer Hordaland til eit einaste Stor-Bergen.

Men då vert det ogso eit verdival um kva slags Nordhordland me ynskjer oss. Desentralisert og med levande bygder – eller ein stusseleg eksistens som ein sentralisert bergenssatellitt.

Folketalet i Meland hev auka med 40 prosent sidan år 2000, ressursane trengst til å utvikla Holsnøy – ikkje til å byggja ein by på Flatøy som bygdefolket der ikkje vil ha.

Sjølv ynskjer eg ikkje den samfundsumdaningi som den regionale småbyen fører med seg. Og eg tykkjer me skal høyra på bygdefolk på Flatøy som ikkje ynskjer å missa heimbygdi si.

I staden for byvekstavtalor og storbyekspansjon so kunde lokalpolitikarane reist parolen um sosial bustadbygging der folk bur. Slik det er i dag so er det so godt som uråd å få bygt seg eige hus i eit LNF-område, um det so er for å flytja heim att til bygdi der ein voks upp. Til og med småe endringar og umbyggingar for å kunna halda fram eller ta upp att gardsdrifti er vanskeleg å få til. Den ferdigregulerte eksistensen i blokk eller byggjefelt er det einaste styresmaktene vil tilby oss i dag.

Berre planane er store og pengeinteressone sterke nok, so er det ikkje noko problem å få jamna heile LNF-område med jordi, som med Vest-Land Eiendom sin «urbane småby» på Flatøy – men elles møter folk veggen når dei vil ta initiativ der dei bur. Denne politikken kjem til å verta endå meir hardhendt når meir enn 8000 menneske skal kanaliserast inn i bustadblokker på Flatøy.

Nordhordland i dag er faktisk staden å vera: Vill og vakker natur, kystkultur, levande bygder, nynorsk og strilamål. Frå Flatøy Rock til Kystsogevekene, her er det menneske som vil skapa noko – me er ikkje berre passive forbrukarar av styresmaktene sine «effektive» og «robuste» tenester. Vil du byta alt dette verdfulle imot historielause monsterstrukturar, marknadsliberal materialisme og globalisering?

Med den urbane småbyen på Flatøy er redd for at me misser både natur, kultur og livskvalitet. Å segja nei til by på Flatøy er soleides eit verdival. Men me kann koma til å kjenna det på setleboki med. For me risikerar ogso å missa «det vesle ekstra» som framigjenom hev gjort folk i Nordhordland so gode på næringsutvikling og entreprenørskap.

Olav Torheim

Her byggjer dei bompengebyen
Farvel Flatøy