Woke-aktivisme og avlysingskultur

Doktorgrad i afrikansk historie? Det hjelper ikkje dersom du er kvit…

Nett no er det slik at den amerikanske «cancel-kulturen» hev nådd Tyskland. I samband med det so kom det nyss eit forvitnelegt medieuppslag. Det sveiv seg um ein gamal kvit professor som skulde ha fyrelesing um kolonitidi i eit afrikansk land. Sidan meir enn 90 prosent av massemedia er kontrollert av vinstresida, so er det alltid verdt å merkja seg kva det er som framleis slepp gjenom «sensuren».

Fyrelesingi skulde haldast i samband med eit «initiativ mot rasisme», men heilt frå byrjingi av vart han avbroten av studentar – dei fleste kvinnelege – som gjekk rett på honom og hevda at «som aldrande kvit mann kann du ikkje snakka um kolonialisme». Han kunde einast tala um temaet frå eit europeisk perspektiv.

Den nye rasismen

På denne måten hadde dei minka honom ned til hudfargen og alderen hans. Professoren vart so sett ut at han visste ikkje kva han skulde gjera. Det enda med at resten av tilskipingi vart avlyst.

Det var med andre ord ingi tilskiping for toleranse. Eller: Det var snarare ei tilskiping for ein toleranse som er so intolerant at han tippar yver i reinhekla rasisme.

Ei liti jamføring: Når eg hev tannverk so gjeng eg til tannlækjaren. Tannlækjaren tek vare på sine eigne tenner og hev ingen tannverk. Skal eg segja til tannlækjaren at «du kann ikkje snakka med meg um tannverk, for du hev aldri kjent på tannverk slik som eg gjer det»?

Eller korleis kann vinstreaktivistane tala um «nazismen» og NS-tidi når dei ikkje sjølve hev upplevd denne tidi og når dei kanskje ikkje ein gong hev kvit hud? Når dei ikkje er tyskarar? Burde det ikkje då vera slik at «du kann aldri klara å sjå dette frå eit tysk perspektiv, men einast frå ditt eige…» ?

Ein stille revolusjon

Det var Antonio Gramsci som tala um vinstresida sin «marsj gjenom institusjonane», og det er dette som hev hendt i dei seinaste 15 åri – heilt i det stille. Denne framgangsmåten bør ein vera klår yver når ein vert vitne til at vinstreorienterte studentar trugar og intimiderar annleistenkjarar. Både i USA og i Tyskland hev denne ukulturen greidd å verta ein maktfaktor. Menneske som vert brennmerkte av di dei ikkje er på lina med den vinstreekstreme eller vinstreliberale ideologien, dei møter veggen både sosialt og i arbeidslivet. På universitet og i akademia er det eine og åleine vinstreradikalt tankegods som skal få råda, og det kamuflert som «vitskap» og «forskingsresultat». Målsetnaden er å skapa eit heilt nytt samfund.

Målet er dessutan å forma unge og naive menneske som enno ikkje hev funne noko fast haldepunkt i livet. Her sviv det seg ikkje um nokor personleg forming i ordet sin rette forstand. Snarare sviv det seg um ei ideologisk instrumentalisering. Dei unge skal verta brikkor i eit strategisk spel.

Endemålet deira er både rasistisk og sexistisk, det er til sjuande og sist mordarisk. Den kvite mannen skal kverva burt, verta utrudd. Kvite kvinnor skal underkasta seg dei nye herrane sine. Dei må vekk, dei med, men dei kann enn so lenge brukast som mødrar til den neste ættleden. Soleides er ikkje alt tapt for dei, so lenge dei berre gjev upp identiteten sin og upphavet sitt. Dei må sleppa ned sin eigen individualitet og ta imot ein ny pseudoidentitet som «woke»-rørsla tilbyd dei. Og «woke»-rørsla, det er den kommunistiske rørsla. Ho kjem berre i ei ny innpakking – der alle som ikkje er med på notane vert stempla og utdefinerte som «nazistar».

Kyns- og raseskilje i underhaldningsindustrien

Ser ein burt frå det som hender i akademia, so er vanlege massemedia komne vel so langt med å fortelja oss kva det nye samfundet hev å tilby oss. Kvite kvinnor ligg med dominerande svarte menner. Det er stødt det same bilætet som vert kasta fram. Eit svært gamaldags og rasistisk bilæte av den svarte mannen som eit seksuelt beist. Um ein kvit mann skulde klaga på denne framstellingi, so heiter det at han sjølv hev for liten penis. Dubbelmoralen er verkelegt til å undrast yver. Dei vinstreekstreme «woke»-aktivistane klagar allvegen yver intoleransen hjå vanlege folk (les: cis-white-male-rapists). For alle menneskekroppar er like fine. Feite menneske er i røyndi heilt perfekt skapte. Det er eit narcissistisk dokketeater der ein ljodsterk minoritet fær dominera offentleg ordskifte.

Soleides hev «cancel-kulturen» kome so langt at hovudskodespelarar i store filmar frå populærkulturen vert reinska burt av di dei hev rang hudfarge eller rangt kyn. Det kann ikkje lenger vera slik at ei kvinna vert berga av ein heterofil kvit mann, skal det heita seg. Eg tenkte i min naivitet at det sviv seg vel um menneske, og me er vel alle fine og verdfulle? Men der tok eg i miss. Endå um kyn og rase berre skal vera sosiale konstruksjonar og ikkje svara til nokon slags realitet…

I nye filmar syter dei alltid for at prinsessa vert berga av ein svart helt eller ei svart heltinna. I dei nye Star Wars-filmane finn ein menneske frå alle slags etnisitetar, burtsett frå i det vonde imperiet: Der er dei berre kvite menner, alle som ein. Og Arielle må vera svart, endå det er eit dansk folkeeventyr um ei raudhåra havfrue. På den andre sida so kann ikkje kvite ha dreadlocks, for det er den kulturelle eigedomen åt dei svarte («cultural appropriation»).

Det er mest komfortabelt å vera «god»

Lat oss kalla ein spade for ein spade: Dei vinstreradikale «woke»-menneski driv med ein aggressiv og rasistisk undertrykkingspolitikk. Det er ein utrydjingsideologi som serskilt fær innpass hjå veike og redde menneske som ikkje torer å segja imot. Argumentasjonen deira kann vera so dårleg som han berre vil so lenge motargumenti ikkje fær sleppa til i det heile.

«Woke»-aktivistane hev arbeidd trottugt med å fjerna både religion, familie, nasjonal identitet og alt anna som kann gje menneske ei kjensla av hopehav og tilhøyrsla. For ei ung og veik kvinna er «woke»-ideologi den pilla ho må svelja for å få attende ei slags tryggleikskjensla.

Slik hev det vore i tidlegare tider med. Anten ein talar um tidi 1933-1945 eller 1949-1989 (DDR). Um ein melde grannen sin politiet, so var ein ikkje berre eit godt menneske – det lønte seg med, både materielt og sosialt. Det som lønte seg, det var det som var i tråd med «partilina».

Det er nett på same måten når dagsens «soy boys» trur dei skal sin part av kaka, berre dei er entuasiastiske nok i trakasseringi mot annleistenkjarar. Sanningi er likevel at dei berre er nyttige idiotar i ein strategi som dei sjølve ikkje skynar umfanget av. Dei korkje kann ein vil forstå, for dei fylgjer berre straumen. Dei trur på det som massemedia fortel dei, og massemedia hev vinstresida for lengst fenge i si hole hand.

«Woke»-ideologien og identitetspolitikken hev undergrave den nasjonale solidariteten på ein slik måte at «inngruppa» avgrensar seg til dei som deler den same ideologien. Dei som ikkje vil vera medlauparar, fær den økonomiske og sosiale dødsdomen.

Verdi sedd med woke-brillor…

Kven skal berga USA og Europa frå seg sjølv?

Det vart i si tid hevda at USA hev berga Tyskland frå både nazismen og kommunismen. Det er ein påstand som er høgst umdryfteleg, men kven er det i so fall som denne gongen skal berga oss frå den amerikanskimporterte «woke»-ideologien? Skal nokon berga USA frå seg sjølv?

Det kjem ingen Jeanne d’Arc eller Arminius dalande ned frå himmelen for å berga oss. Det kjem til å verta fullt og heilt upp til oss sjølve kor stor makt «woke»-rørsla kjem til å få her hjå oss…

Peter Schreiner