Tysk tvangsprostitusjon

I Tyskland kallar ein det for “vinstrevridd” når ein til dømes hev teke gensaren på seg den range vegen, når held ei bok på skeiva eller hev snudd eit bilæte på hovudet. Og no for tidi hev Tyskland sjølv vorte eit umsnudd bilæte.

Her um dagen spratt det boktips fram på dataen min, takk vere einkvan reklamealgoritmen: “Schneewittchen und der böse Schneekönig”. Det er ein biografi som fortel oss um ei 14 år gamal jenta som vart forførd av ridelæraren sin og som dinæst vart send ut i tvangsprostitusjon.

Porno og prostitusjon: Store pengar til bakmennene og moralsk kapital for liberalvinstre

Endå so forvitnelege og viktuge sovorne bøker er, so lyt ein ikkje gløyma at Tyskland nett no vert kalla for “den europeiske bordellen”. Tyskland er knutepunktet for menneskehandel i Europa. Det er mål for sexturistar, og denne “turistbransjen” er i hendene på arabiske storfamiliar eller tyrkiske verksemder. Som regel er det austeuropeiske kvinnor som dei lokkar til Tyskland med tilsynelatande seriøse jobbtilbod. So snart dei er komne til Tyskland so vert dei utnytta i årevis som sex-slavinnor. Dei kvinnone som freistar gjera motstand, dei vert ofte berre heilt burte. Dei vert myrda. Av gode grunnar er det mange som ikkje vågar gjera noko slag. Andre tek sine eigne liv. Dei som yverliver er øydelagde for livet.

Dessutan er det i dei seinaste åri vorte nækt eit hopetal med store barneporno-ringar. Ein lyt gå ut frå at desse ringane einast er toppen på eit isfjell. Sidan sakene enno vert etterforska, og – kanskje aller mest difor – sidan temaet er ufjelgt å ta upp, so vert det ikkje tala stort um dette i offentleg ordskifte. Med mindre det sviv seg um yvergrip som katolske prestar stend attum. Dei sistnemnde misbruksskandalane vert nytta i liberale media for alt det som dei er verde.

Bakgrunnen for det heile er at vinstreorienterte media i grunnen ikkje interesserar seg for einskildmenneske. Dei interesserar seg for utopiar og røyndomsfjerne målsetnader. Då må tal og statistikkar pyntast på, kjenslor må manipulerast fram, merksemdi må leidast ein annan veg. For det skal stødt gå i “den rette leidi”. Og den rette leidi, det er alt som kann hindra folk frå å tru sine eigne auge.  

“Venstrevridd” er det å gå som katten kring den varme grauten når det kjem til den unemnelege stoda i Tyskland. Ei stoda som skriv seg frå tvangsprostitusjon av tallause kvinnor. Offisielle tal finst det ikkje. Nett no er det registrert kring 40.000 prostituerte i Tyskland, desse som dei vinstreorienterte kallar for “sexarbeidarar”. Men myrketali er store, ein reknar med at det er kring 400.000 menneske i Tyskland som kann kallast for prostituerte. Um ein ser på måten som prostitusjonen vert driven på, so kann um lag helvten av dei reknast for tvangsprostituerte. Då talar me um ein kvart million, cirka 250.000 menneske, som vert haldne som slavar i Tyskland. 

Dei vinstreorienterte talar freidigt um “sexarbeidarar”, endå eit stort myrketal av kvinnor er haldne som fangar i dette “sexarbeidet”. Det sviv seg ofte um heilt vanlege, utdana – men blakke og forsvarslause – kvinnor frå Tyskland, Ukraina, Polen og Russland. Og dessutan kvinnor frå Afrika og Asia.

På same måten som med tvangsprostitusjonen so finst det helder ingen pålitande statistikk når det kjem til yvergrep mot born. For barnepornografi og yvergrep mot born so kann ein berre spekulera i tali, dei fleste brotsverki vert aldri avdekte. 

Born og unge vert ofra i namnet åt antirasismen og den seksuelle frigjeringi

Frå Storbritannia, so veit me – takk vere det grenselause modet åt eitt av ofri deira – at eit organisert pakistansk miljø stod attum eit umfemnande seksuelt misbruk av mindreårige gjentor. Noko “einskildtilfelle” kunde det slett ikkje kallast for, til det var verksemdi altfor umfemnande og altfor godt organisert. Politiet visste um det som hende, men dei såg ein annan veg av di dei var redde for å verta stempla som rasistar. Nett dette visste gjerningsmennene å utnytta, dei visste at “toleransen” kom deim til gode og dei spela minoritets-kortet sitt for alt det som det var verdt. Byrja nokon å gå deim etter i saumane, so skreik dei ut um “rasisme” og “islamhat”.

Spyrr ein unge folk i Tyskland um kva slags møte dei hev havt med folk frå den islamske verdi, so er det mange som heilt uuppmoda fortel um seksuelle yvergrip. Dei færraste av desse yvergripi dukkar upp i statistikken. Jamvel i Storbritannia vart det tydelegt at det sveiv seg um jakt på europeiskætta born. Desse borni var for “white trash” å rekna, kvitt bos – og dei vart tekne hand um som um dei var bos. 

Endå um brotsverki i Storbritannia til slutt vart uppklåra, so var det berre nokre fåe av gjerningsmennene – um nokon i det heile – som fekk ei straff som stod i høve til brotsverki deira. Mange av dei hadde tvert imot gjort seg rike på verksemdi, og reaksjonen frå det britiske samfundet var so mild at mange av dei truleg tenkte at britiske folk ikkje fortente betre.

Det store mistaket åt vinstresida i desse sakene er atter ein gong verdsbilætet deira. Når ein ser det individuelt so er verdsbilætet åt kvar og ein av dei er svært egoistisk. Det viktugaste for dei er at alle “tilbod” vert ståande (“vil eg prostituera meg?”). Alle negative konsekvensar og ettermunar ser dei heilt burt i frå. So lenge det ikkje er kristne eller andre representantar for “fortidi” som stend attum, so er alt heilt i orden – det er “progressivt”. Han som skulde segja imot, han er ein trongsynt og forgubba kvit mann.

Det var med den same fåkunna at dei reagerte på misbruksskandalen i Rotherham: Borni og ungdomane hadde visselegt prostituert seg “friviljugt”, heiter det frå vinstreliberalt hald. Alle menneske er gode, so sant dei ikkje er kvite eller kristne. Konsekvensane av dette tankesettet såg ein når ikkje ein gong politiet reagerte på dei urolege meldingane frå skulen. Då hadde misbruket vorte so openlyst at foreldri hadde sagt i frå. Svaret frå politiet var at “dei ynskte ikkje å framstå som islamfiendslege”. Soleides vart det klårt at vinstresida hadde fenge ei definisjonsmakt som trumfa den røyndomen som folk ser ikring seg. Deira ord var lov.

Og når unge kvinnor frå heile verdi vert tvinga til prostitusjon, når dei fær ein pistol i nakken slik at dei skal smila til kameraet og segja at dei elskar “jobben sin”, då kallar vinstresida dei for “sexarbeidarar” og lovprisar vilkårslaust det seksuelle mangfeldet som dei representerar. Og me let dei få vinna når me kjøper denne framstellingi, når me sluttar å bry oss med at det faktisk er prostitusjon og at prostitusjon i seg sjølv er moralsk forkasteleg – same korleis det skulde verta pakka inn.

Seksuell fornedring med klår etnisk agenda

Det er ein grunn til at prostitusjon og prostituerte stødt er vortne sedde ned på. For prostitusjon heng diverre stødt tett i hop med makttilhøve i samfundet. Dei sjølvuppnemnde feministane som ser på “sexarbeid” som “empowerment”, og som feirar desse “sterke” og “modige” kvinnene, dei reagerar framleis med avsky på valdtektene i afrikanske krigsområde og dei fordømmer framleis at kvinnor i den tridje verdi må prostituera seg for å ha pengar til mat. Dimed vert det klårt at her sviv det seg um noko anna. Det sviv seg um å øydeleggja vårt eige vestlege samfund. Det sviv seg um å burtforklåra ein vilja politikk som “einskildtilfelle”, endå “einskildtilfelli” er so mange at dei fleste kjenner nokon som hev upplevd dei. Og det sviv seg um å ha definisjonsmakti: Dei vil riva samfundet upp med røtene, dei vil kløyva familien med øks – setja fyr på dei, på same måten som ein gjer med kvinnone som vågar å fortelja um det dei hev vorte tvinga med på.

Under dekke av “framsteg” so skal eit nytt samfund stampast upp frå jordi. Det skal lagast plass for alt som er nytt, alt som er vulgært, slik at alt som er gamal og alt som er verdfullt kann verta fullstendig øydelagt. Men me treng ikkje vera med på leiken deira. Lat oss helder segja det slik som det er.

Det er ikkje meir enn eit par tiår sidan Dei Grøne i Tyskland vilde legalisera pedofili. Dei hadde eigne arbeidsgruppor for pedofile og pederastar, og det vart for nokre år sidan avslørt at dei berre i Berlin hadde valdteke meir enn 1000 ungar. Desse grufulle yvergripi er resultat av den same “grøne ideologien” som massemedia ukritisk spreider i våre dagar. 

For vinstresida er det framleis “slaveri” og “brotsverk mot manneætti” når folk i Afrika vert misbruka og tekne til slavar. Men når nett det same hender med austeuropeiske og tyske born og unge, då er det friviljugt “sexarbeid”. Det er eine og åleine rasisme som gjer det mogleg å vera so inkonsekvent. Og rasistisk var snilt sagt av meg, det er rettare sagt berre umenneskeleg. Når ein snakkar um “empowerment”, “likestilling” og “einskildtilfelle” i møte med kvinnor som hev vorte handsama som dyr i eit heilt tiår og til slutt vert kasta halvdaude på gata, då er ein ikkje frisk i hovudet. Då er ein “vinstrevridd”, ein er snudd på hovudet.

Med tomprat um “toleranse” og “empowerment” so konsentrerar dei seg um ein brøkdel av dei prostituerte. Dei vil avleida frå realitetane, slik dei alltid gjer. Dei konsentrerar seg um undantaki, og vil gjera undantaki til regel. I bakgrunnen arbeider dei trottugt vidare med ein agenda som ikkje toler dagsens ljos.

Lat oss gjera motstand. Når dei kjem med tompratet sitt, so skal dei få svar på tiltala: -Kann henda er du litt for naiv, og kann henda strekk ikkje medkjensla di til. For å kunna sjå forbi fasaden, sjå attum maska på eit menneske, det var aldri styrken åt ideologane. Ideologar talar berre i sterke bilæte. Alt anna vert for bleikt for dei. Men det er dei sjølve som til sjuande og sist er bleike. Store ord kann dei koma med, men det er aldri tenkt ut av dei sjølve. Det ligg aldri nokon eigen refleksjon attum flosklane som dei ber fram. 

Kva stend att? Tyskland er vridd til vinstre – som eit umsnudd bilæte, ein upp-ned-kross. Som ein hus som er vorte til eit grisehus, eit horehus. Men lat oss snu på det og nytta dette “eksperimentet” for det som det er verdt. Det skal ikkje mykje til for å kunna spidda dei på deira eigne ord. 

Til dømes: “Det er eit sterkt signal mot sexisme at me hev legalisert sexarbeid”, kann dei vinstreliberale få seg til å segja. Kva med å umformulera det litt? “Det er eit sterkt signal mot sexisme at ein kann tena pengar på sal av kvinnekroppen”. Eller eit anna døme: “Det er eit sterkt signal for barnevern og toleranse når me på ingen slags måte bryr oss med at ungar vert misbruka av kriminelle pedofili-bandar. Rasistisk jakt på kvite born hev ingen plass i vårt verdsbilæte”…

Peter Schreiner