Mytologifestivalen i Hatlestrand

Vèret kunde ha vore betre, men dei som tok turen til Mytologifestivalen i Hatlestrand fekk uppliva noko utanum det vanlege.

Det er far og son, Knut Johan og Kristoffer Nerhus, som er eldsjelene attum dette nye tiltaket i Lundarhegni Naturpark, ein naturpark som dei sjølve hev ordna til frå deira eigi utmark.

Festivalen, som gjekk yver tri dagar, hadde eit skifterikt program for både store og små, men der alvane og det løyndomsfulle livet deira gjekk att som ein raud tråd.

Bilete
Fredagen opna festivalen med alvedans ved koreograf Siri Petersen , og med nykomponert alvemusikk av Maria Malmstein. Neste dag heldt det fram med alvemarknad, andlitsmåling, bogeskyting og natursti for born. Under heile festivalen var millomaldermarknaden open, med sal av både hevdvunne klede, gamaldagse musikkinstrument, millomaldervåpen som sverd, øks og boge, og lærebøker i historiske disiplinar (som vår eigen nedervde kampsport frå vikingtidi, glima). For dei som var svoltne, var det ei stor suppegryta yver elden som ein kunde forsyna seg frå.

Bilete
Høgdepunktet for festivalen kom likevel med konserten um kvelden. Fyrst ute var den samiske tusundkunstnarinna Elin Kåven. Elin Kåven lagar meditativ musikk med dragnad mot det mystiske og med innslag av hevdvunnen samisk joik. Denne kvelden joika og dansa ho til tonefylgje av barython-gitaristen Odd E. Simensen. Kåven spurde til å byrja med um dei frammøtte kanskje vilde høyra henne syngja på engelsk slik at dei skyna kva ho song um, men dette vilde ikkje publikum høyra tala um. Skulde songen vera upphavleg, laut han vera på hennar eige tungemål.

Takk vere den stemningsfulle og lokkande joiken hennar Elin Kåven, var stemningi perfekt då Eliwagar kom ut på speltilet. Dei som las Målmannen sitt intervju med Eliwagar i nummer 3/2011 veit alt at Eliwagar spelar nasjonalromantisk folkemusikk som set søkjeljos på  det upphavlegt nedervd nordiske (Eliwagar freistar å lata livet fylgja læra i kvardagslaget med di dei liver og arbeider på eit tradisjonelt og økologisk gardsbruk i Eikelandsosen i Fusa).


Og Eliwagar skapte vyrdnad for seg av di ho framførde både gamalt og nytt låttilfang på kraftfullt vis (“Fra hjertet av Norden”, som kom ut tidlegare i år, er den tridje plata deira i rekkja, so det byrjar verta nok av godbitar å taka av).

Til vanlegt er Eliwagar soloprosjektet åt Runahild Haleygir, med ektemannen Bjørn Dahl på gitar, men for å kunna halda konsert fekk dei denne kvelden støtte frå Megan (Hekseri, Witchblood, Idis Örlog) på akustisk gitar, Antoine på trumbor og Kendra på koring.
Eliwagar hausta fagning millom tilhøyrarane, som dansa ikring framfor speltilet i ausande regnvèr. Det var Elin Kåven som gjorde upptak til dansen, då ho byrja å svinga seg ikring på si eigi mystiske vis.

For Eliwagar sin part var dette den fyrste konserten nokon gong, og  det hadde folk fenge nyss um langt utanfor Noregs grensor. Millom åhøyrarane fann ein soleides gjester frå både USA,  Frankrike, Sveits og Italia.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!