Charles Maurras og kampen for kongedømet

Charles Maurras,
“Mes idees politiques”,
Artheme Fayard,
1937.
Elektronisk utgåva:
http://www.scribd.com/doc/39211758/Charles-Maurras-Mes-Idees-Politiques.

Sidan den franske revolusjonen si tid hev Frankrike vore kjent for å vera landet som fostra ideane um universelle menneskerettar, egalitarisme og sekularisme. Mindre kjent er det kann henda at landet samstundes hev fostra ein sterk kontrarevolusjonær tradisjon som upp mot desse nye ideane hev vilja verja tradisjonelle fyrestellingar um eit folkehopehav tufta på orden og hierarki.

Millom tenkjarane som stend i denne kontrarevolusjonære tradisjonen finn me franskmannen Charles Maurras (1868-1952). Prosjektet åt Charles Maurras var å leggja det teoretiske grunnlaget for ei styreform som kunde balansera borgarane sin fridom mot staten sin autoritet. Maurras kunde i sin ungdom konstatera at meir enn 100 år etter den franske revolusjonen hadde landet enno ikkje fenge ei stabil styreform. Tvert imot kom det til endelause svingingar millom liberalt demokrati, ute or stand til å setja seg i autoritet og der folket til slutt ropar etter ein sterk mann, og diktatur som det til keisar Napoleon III, der folket vert so tynt at det til slutt kjem til krig og uppstand. Etter Maurras sitt syn er monarkiet den einaste styreformi som kunde balansera båe dei tvo umsyni.
Charles Maurras lèt etter seg hundradtals bøker og tusundtals artiklar, og for dei som er interesserte i teoriane hans kann det difor vera vandslegt å vita kvar ein skal byrja. Um ein berre skal lesa èi bok av Maurras vil eg framfor alt tilrå “Mes idees politiques”, som han skreiv på sine eldre dagar, etter mange tiår som politisk teoretikar og aktivist. Boki er på 140 sidor, med ein klår, stutt og kompakt syntese av dei politiske teoriane som han hadde nytta livet sitt til å arbeida for. Han byrjar med det mest grunnleggjande, ordenen i naturen, og byggjer so vidare stein på stein med det som han meiner er dei grunnleggjande strukturane i samfundet, som familien og lokalsamfundet, og so kjem det kongedømet som han kjempa for til slutt som krona på verket

Den vernande ulikskapen
Grunnlaget for den rådande egalitære ideologien, fostra  av tenkjarar som Hobbes, Locke og Rousseau og sette ut i livet med den franske revolusjonen, er fyrestellingi um det frie fødde individet som grunneiningi i samfundet.  Kvart individ er egoistisk og hev i utgangspunktet ingen skyldnader andsynes andre enn seg sjølv. Når individi likevel organiserar seg i samfund, framfor å kjempa imot einannan, skriv dette seg frå ei samfundskontrakt som individi hev gjort seg imillom.
So langt teorien. Men kva med røyndomen? Maurras poengterar at det finst ingi samfundskontrakt. Mennesket høyrer heilt frå byrjingi av heime i ein samanheng. Ingen hev valt å liva, ein vert kasta inn i livet. Og det ufødde barnet  må ikkje gjerna seg fortent til noko. Det fær alt kostnadsfritt, det vert ikkje forlangt noko. Det er nett den vernande ulikskapen millom det vesle forsvarslause barnet og dei sterke  umgjevnadene, som gjer at barnet liver upp.
Sagt med Maurras sine eigne ord:
«Den vesle kjuklingen bryt skalet sitt og legg på sprang. Lite hindrar honom i å ropa: “Eg er fri!” Men det vesle mennesket? For det vesle mennesket skortar det på alt.Lenge fyre han kann springa, so lyt han verta dregen ut or mor si, vaska, påkledd, mata. Fyre han hev teke dei fyrste stegi, lært dei fyrste ordi, so lyt han verta tryggja mot dødeleg fåre. Det vesle som han hev av instinkt er for lite til å gjeva honom det som han treng, i staden lyt han få det frå andre. [..] Det vesle mennesket, som er dømt til å tapa um det skulde konfrontera naturen, er teke i mot av den gravide, mildt og menneskelegt: Han liver berre av di han der er den vesle borgaren”.
Det som det vesle mennesket fær fritt frå umgjevnadene, det kjem det aldri til å vera i stand til å gjeva attende. For det fær ikkje berre alt kostnadsfritt frå foreldri sine: Det fær alt det som forfedrane våre gjenom generasjonar hev bygt upp av sivilisasjon og kultur. For kvar ættled akkumulerar sivilisasjonen ny kunnskap, ny teknikk. For kvar ættled tek individet imot meir og meir frå samfundet enn det som det sjølv kann gjeva attende. Det siviliserte mennesket, nett av di det er sivilisert, skuldar samfundet mykje meir enn samfundet skuldar honom.
Ikkje ein gong um mennesket vilde, kunde det sleppa undan denne røyndomen. Reisa ut på landsbygdi og liva av det jordi gjev? Dei fleste plantar er kultiverte, dei fleste dyr er husleggjorde (domestiserte). Jamvel dei som freistar liva direkte av naturen liver til sjuande og sist av arbeidet åt generasjonar som kom fyre oss.
Den liberalistiske teorien um samfundet som ein kontrakt millom egoistiske individ er soleides ein teori som strir mot både natur og kultur.

Dei røynlege byggjesteinane i samfundet
Ikkje berre ideen um ein kontrakt millom individi er grunnfalsk. I det heile det å stella individet upp som den grunnleggjande byggjesteinen i samfundet vert etter Maurras sitt syn grunnfalskt, det med. For individet er ikkje noko varande. Nye individ kjem stødt til, og gamle individ gjeng til grunne. Det som derimot gjeng vidare, det er sjølve livet – familien. Familien er difor det som vert grunnsteinen i samfundet (som ikkje berre er meint å vara i ein menneskealder, men som gjeng langt utyver dette). Og familien er ei eining som er røtt i naturen sjølv, i motsetnad til ein tenkt samfundskontrakt som ingen nokon gong hev sett og langt mindre skrive under på.
Menneski modellerte som individ er dimeir ein abstraksjon der ein hev skore burt alt det som skil folk frå einannan, med di ein segjer at alle menneske er grunnleggjande like og difor hev same grunnleggjande rettar. Men å segja at alle menneske er grunnleggjande like er å taka burt alt det som gjer kvart menneske til noko unikt. Jamvel millom dyri finst det nok av individ, det er ikkje noko som er serskilt for menneskesamfundet. Det menneskesamfundet hev som dyreriket ikkje hev er personar. Personar, som er forma av og som finn sinn plass i det samfundet dei liver i, og der sume av dei kanskje er på rett stad og til rett tid til å setja sin stempel på samfundsvoksteren (her er det nærliggjande å leggja til at Maurras ikkje so langt frå den indoueuropeiske fyrestellingi um helten. Sjå “Tvo indoeuropeiske heltar” av Stig Andresen i Målmannen nr 2 2012).

Autoritet vs fridom
Kvar vert det då av den personlege fridomen? Vert han burte saman med konseptet um individet? Nei, tvert imot, meiner Maurras. Skal ein få fram det beste i kvart menneske,  i kvar unike person, so treng ein eit samfund og ei styresmakt som kann ordna ut og leggja det rette råmeverket for dette.
Maurras poengterar at fridom og autoritet høyrer saman. Ein kann ikkje ha fridom utan å ha autoritet:  Skal familien ha handlefridom, lyt familiefaren ha autoritet. Skal lokalsamfundet ha fridom, lyt dei lokale styresmaktene ha autoritet. Skal religionsfridomen råda, lyt dei ulike religiøse praksisane verta respekterte. Og her kjem me attende til det som eg heilt til å byrja med drog fram som Maurras sitt fremste prosjekt: Å finna den rette balansen millom folket sin fridom og styresmaktene sin autoritet.

Verdien av tradisjonar og hierarki
Maurras definerar sivilisasjonen som “ein materiell og moralsk kapital som vert vidareførd”. Tradisjonen er det råmeverket der ein stødt kann akkumulera ny kunnskap. Det er tradisjonen som kann føra oss vidare inn i framtidi.
Maurras freistar etablera at ordenen i samfundet heng saman med ordenen i naturen. Det liberale synet på samfundet jamfører han med dei mest primitive organismane i naturen: Dei eincella organismane som reproduserar seg gjenom einfeld cellekløyving. Ein eincella organisme kann aldri skapa noko meir enn ein kopi av seg sjølv. Men i ein fleircella organisme hev dei ulike cellone kvar sine uppgåvor. Dei ulike cellone treng kvarandre, og saman konstituerar dei noko som er større enn einskildkomponenentane. På same måten er samfundet meir enn berre einskildindividi.
Og på same måten som det er eit tap for naturen når eit friskt og velutvikla dyr brått døyr, på same måten er det eit tap for samfundet når eit menneske døyr og den formua dette mennesket mødesamt hev samla upp vert spreidd for ver og vind.
Det er difor det er eit gode med arv. For eit menneske som hev evne og vilje til det, so er det ikkje vanskelegt å leggja seg upp pengar eller å få seg ei god utdaning. Det som derimot er sers vanskelegt, og som samfundet difor helder bør leggja til rettes for enn å motarbeida, er at det som eit menneske hev klart å byggja upp, anten det er tala um eigedom eller kompetanse, kann verta noko som neste generasjon kann byggja vidare på.
Eit menneske som er fødd inn i ein handverkarfamilie kann allereide i sers ung alder gjera eit sers godt handverk dersom han frå byrjingi av er fyrebudd på og fostra for denne uppgåva. På same måten kjenner den eldste odelsguten på garden eit heilt anna andsvar for garden enn det dei yngre syskeni gjer, for han veit kva som ventar honom. Eller tenk berre vår eigi soga der sume av dei mest myteumspunne kongane hadde kome på truna berre 15-20 år gamle!
Maurras dreg ein parallell til det å flytja til eit nytt land: For sume kann det å flytja til eit nytt land verta ein stor rikdom, både for det nye landet og for dei sjølve. Men for dei fleste kjem det berre til å gjera livet vandslegare, med nytt mål og nye seder og skikkar. Jamvel um nokre fåe er i stand til å koma styrkte ut or denne umstellingi, er det ikkje noko mål i seg sjølv å gjera det. Og på same måten som dei fleste er best tente med å verta verande i sitt eige land, so er det for dei fleste best å verta verande i den sosiale gruppa som dei upphavlegt høyrer til i.

Hierarki og menneskeverd ingen motsetnad
Ein kann ikkje segja at alle menneske er like, meiner Maurras. Tvert imot, me er alle ulike, og me hev alle kvar vår serskilde plass i samfundet. Samstundes finst det hjå alle menneske noko grunnleggjande likt, ein inste kjerne so å segja, som er den same: Kvart menneske lyt stella seg spursmåli um kva som er viktugt i livet, kva er det som er rett og kva er det som er gale, kva er det som er verdfullt, kva er det som er vent. Kvart menneske var ein gong ein søt liten reivunge, kvart menneske skal ein gong døy…
Ein kann ha sympati med eit gråtande menneske som ein ser på eit bilæte, jamvel um ein ikkje kjenner dette mennesket, for ein kjenner likevel i dette mennesket att noko av seg sjølv. Jamvel um me ikkje er like, hev me difor alle eit grunnleggjande verde for andre menneske, same kva slags posisjon i samfundet ein skulde ha.

Demokrati: Samfundet som konfliktmodell
I eit demokrati vert landet styrd av eitt eller fleire parti. Men burde ikkje berre nemningi parti få ei klokka til å ringja? Skal staten taka parti for nokon, spyrr Maurras. Skal han ikkje samla dei ulike gruppone til det beste for alle?
Utgangspunktet for demokratiet er ein modell som legg til grunn at ulike gruppor ligg i konflikt med einannan: arbeidarar mot arbeidsgjevarar, byborgarar mot bønder, og so burtetter. Kor som er: på same måten som kvart menneske tek i mot mykje meir frå samfundet enn det er i stand til å gjeva attende, er det mykje meir som samlar dei ulike gruppone i samfundet enn det er som skil. I familien kann det koma til strid millom mann og kona, millom foreldre og born, og sumtid kann det jamvel vera sunt, so lenge det ikkje eskalerar seg til eit nivå som trugar familien med å ganga i uppløysing. På same måten er det naturlegt at det er spaningar og usemjor i eit samfund, men det må ikkje få utvikla seg til eit slikt nivå at det trugar med å riva samfundet i fillor (slik ein kanskje skimtar umrissi av i dag).
I ein familie er utgangspunktet at det skal vera fred, og at familiefaren hev autoritet nok til å løysa interne problem når desse kjem upp og soleides sikra husfreden for alle. I samfundet burde det vera likeins: Utgangspunktet må vera at samfundet er organisert på ein slik måte at fred og harmoni er normaltilstanden. I ei bedrift burde arbeidsgjevar og arbeidarar standa saman um å produsera varor som er til nytte for samfundet. Demokratiet gjer det motsette: Dei gjeng ut frå at konflikt er normaltilstanden, arbeidarar vert sette upp mot arbeidsgjevarar, parti vert sette upp mot parti. I staden for å skapa verdiar og gode som alle kann ha nytte av, vert det lagt upp til ein kamp um det som til slutt berre vert att som smulane av det ein kunde ha skapa saman.

Eit andsvarspulveriserande system
Demokratiet hev skapt eit system der einskildmennesket vert gjeve stødt fleire grunnleggjande individuelle rettar. Men kva er ein rett dersom ein ikkje kann setja makt attum kravi?
Problemet er at demokratiet bryt ned alle dei røynlege strukturane som verkelegt kunde gjeva einskildmennesket ryggstø til å hevda rettane sine. Det verkelege landet, bygt upp stein på stein av familien, lokalsamfundet osb, vert bytt ut med eit formelt land – eit andlitslaust system av byråkrati og kunstige institusjonar. Når einskildmenneski vert rivne upp or desse strukturane, og kløyvde upp etter kunstige skiljelinor der dei helder burde stå saman, då vert dei lette å manipulera (jamfør Maurras sitt poeng um at det vert ingen fridom utan at det ogso finst autoritet).
Konsekvensen er at det liberale demokratiet gjer folk andsvarslause. Ein reknar med at systemet skal rydja upp framfor at ein vil handla sjølv. Når einskildmennesket ser andre menneske som hev problem, som tiggaren på gata, so tenkjer dei at dette er staten si uppgåva å løysa, det er ikkje mitt andsvar å bry meg. Likeins med byråkratane som sit og handterar menneskelagnadene: dei held seg til lover, regelverk og fleirtalsvedtak. Ingen stad finst det eit menneske som faktisk lyt standa personlegt andsvarleg for den rådande stoda.
Ved å fjerna personleg makt, vil det liberale demokratiet hindra «vilkårlege» avgjerder. Men kvar einskild sak er unik. Det vert ikkje noko betre med eit straumlineforma og til slutt umenneskelegt system. Døme på dette frå vårt eige Noreg hev me fenge frå NTNU-professorane Einar N. Strømmen og Tor G. Syvertsen. Dei kann sanna at “[p]roblemet er at myndigheter, regelskrivere og byråkrater har mistro til alt og alle. Dermed blir regelverk detaljerte, kronglete og uforståelige” (“Det regelstyrte samfunn”, kronikk i Aftenposten, 26/10/2011).
Den demokratiske staten fungerar nær sagt som eit virus. Han et seg inn i alt som er livande. Der det tidlegare vår menneske som friviljugt og med engasjement og glød tok på seg samfundsuppgåvor, sit det i dag funksjonærar som fær løn for å gjera jobben sin.
Frå vårt eige Noreg skal ein ikkje lengre enn til målrørsla for å finna døme på nett det…

Det reelle landet og det formelle landet
Det formelle landet er kontraktssamfundet, det liberalistisk eller sosialistisk modellerte samfundet der samfundslivet er regulert med kontraktar millom einskildmenneske.
Det reelle landet er det landet som liver, i kraft av sine familiar, lokalsamfund, band millom menneske tufta på venskap eller tufta på blodsband.
Frå liberalistisk eller sosialistisk ståstad må det vera katastrofalt at småe born vert kasta inn i udana arbeidarklassefamiliar utan å spyrja um det. Familien etablerar seg heilt av seg sjølv som ein sjølvstendig stat i staten, og representerar soleides i seg sjølv ein fåre for det egalitære prosjektet. Best å få ungane inn i barnehage og andre institusjonar so tidlegt som råd, for å einsretta uppveksten. Det som i gamle dagar var den siste, verste utvegen (barnehage) er vorte til regelen.
Frå tradisjonell ståstad er familien derimot den beste råma for uppvekst, han skriv seg
frå naturen sjølv, so kvifor skal ein i våre dagar byta dette ut med barnehage og førskulepedagogar? Dersom ein hev tilgang på vatn og vind,  treng ein ikkje fara ut på jakt etter ei ny og kunstig energikjelda!

Kva kann vitskapen fortelja oss um politikken?
Historiske lover som let oss spå um framtidi,  slik som til dømes den dialektiske materialismen åt Marx tykkjer ikkje Maurras hev nokon tilværerett. Det ein derimot kann gjera, er å draga sume slutningar frå det som soga fortel oss. Her ser ein at visse åtgjerder hev visse fylgjor. Maurras dreg ein parallell til kjemien: Dersom ein varmar vatn upp til hundrad grader under normalt lufttrykk, so kjem det til å koka. Det er heilt sikkert. På same måten er det heilt sikkert at dersom ein hev eit demokratisk system tufta på val, so lyt politikarane føra ein politikk som gjeng ut på at dei må samla mest mogleg makt millom kvar gong det er val, og føra ein politikk som gjeng ut på å sikra attval. På den måten fører demokrati til meir sentralisering av makti.
Med berre nokre fåe år millom kvar gong det er val, er politikarane dessutan tvinga til å yverbjoda einannan i fagre lovnader for kunna halda på eller å koma til makti. Gapet millom det som politikarane lovar og det som dei er i stand til å innfri kann med rette kallast for eit “demokratisk underskot”. Skulde politikarane verkelegt vera i stand til å uppfylla alt det dei hev lova, so hadde dei vore nøydde til å  føra ein politikk som gjekk i ti- eller tjueårsperspektiv, men dette vert det ikkje tid til. I staden må dei etter maks fire år kunna syna til resultat som fleirtalet er tollegt nøgde med. Resultatet vert at dei langsiktig samfundsbyggjande løysingane, som gjerne kann vera upopulære til å byrja med, lyt vika for stuttsiktige åtgjerder som ofte ikkje bøter på noko som helst.

Ei styresmakt sjølvstendig frå serinteressor
So langt som råd er so skal det “det reelle landet”, som er desentralisert og bygd upp av livande og naturlege strukturar, som familiar, landsbyar, regionar, økonomiske verksemder, etter Maurras sitt syn kunna styra seg sjølv.
Det trengst likevel ein autoritet på toppen av det heile, men det må då vera eit menneske, nokon som er levande på same måten som det reelle landet er bygt upp av strukturar som er levande.  Dette er grunnen til at Maurras vil at landet skal styrast av ein konge:
Når kongen, med sin absolutte og uavhengige autoritet, skal taka ei avgjerd, so lyt han segja at «eg hev tenkt nøgje gjenom saki, og eg hev kome til ei avgjerd som eg kann stå for». Han kann ikkje vaska hendene sine burt frå ei sak med å segja at «slik er regelverket» eller «det vart 50 røyster for og 40 røyster mot, fleirtalet hev tala» (Kor fårleg denne tankegangen er, hev me i moderne tid sett døme på frå Milgram-eksperimentet. Kven som helst kann gjera kva som helst, dersom nokon andre berre segjer, “ikkje tenk på dette, berre gjer som me segjer, me tek andsvaret”. Det er problemet dersom det er eit system som styrer, og ikkje eit menneske som lyt standa personlegt andsvarlegt. Sjå til dømes en.wikipedia.org/wiki/Milgram_experiment).
Charles Maurras slær fast at kvart land hev sin eigen individualitet, og han vil ikkje segja at det finst èi styreform som er den ideelle for alle land. For kvart land lyt ein analysera soga og sjå kva det er som hev fungert og kva det er som ikkje hev fungert. For eit land som Frankrike meiner han at det er altfor store skilnader, geografisk, sosialt og økonomisk, til at ein kann leita fram nokor serskild gruppa som kann representera interessone åt heile folket. Same kven det er som sit med makti, so risikerar ein at det endar med korrupsjon og maktmisbruk. Den einaste løysingi er å finna fram til ein autoritet som er fullstendig uavhengig av alle dei ulike dominerande gruppone i samfundet. Løysingi her er då monarkiet. Kongen representerar ikkje nokor serskild gruppa i samfundet, men stend yver desse. Og han treng ikkje å endra politikken sin for å tekkjast eit fleirtal. Han er ikkje vald, men fødd til å styra. Kongen hev soleides ein autoritet som er både absolutt og som er uavhengig.
Kva då med maktmisbruk frå kongen si sida? Maurras gjer seg ingen illusjonar: Det må ein rekna med. Men det avgrensar seg sjølv kor mykje skade ein maktsjuk konge kann gjera, for makti hans avgrensar seg sjølv i det reelle landet som er bygd upp stein på stein av sjølvstendige familiar, sjølvstendige regionar, sjølvstendige økonomiske verksemder. Kongen si rolla er å stå som garantist for at dette reelle, livande landet, framleis skal få bløma. Og skulde kongen syna seg å vera udugeleg, so liver han i minsto ikkje ævelegt, men vert fyrr eller seinare avløyst av ein ny konge. Eit korrupt system derimot, det kann berre søkkja djupare og djupare ned i korrupsjonen. Visst kjem det til å vera maktmisbruk og inkompetanse i eit kongedøme med, men å svara på dette med å innføra liberalt demokrati er etter Maurras sitt syn som å drukna seg i havet for å sleppa å verta bløytt av regnet frå himmelen.

Ein heilskapleg nasjonalisme
Charles Maurras hev kalla det politiske synet sitt for “nationalisme integral”, nasjonalisme i sin heilskap. Kva meinte han med det? Med det meinte han at det var ikkje nok å ha eit nasjonalt huglag. Å vilja verna um landet og kulturen er prisverdig i seg sjølv, men det kann ikkje slutta der. Det kulturelle og moralske forfallet som ein ser i dag er berre ein konsekvens av det liberale demokratiet. Det formelle landet, representert ved den liberale, demokratiske staten, et seg stødt inn på nye samfundsumkverve, og det gjer han på kostnad av det livande landet, beraren av alt det som nasjonalistane vil verna um. Og ikkje berre det: Alt det som nasjonalistane kunde vera i stand til å få til innanfor råmone av det liberale demokratiet kann kva tid som helst verta reversert. Ingenting kann verta sikra. Tvert imot er det lagt upp til ein evig umkamp um kvar minste ting som er uppnådd. Nasjonalistane må helder velja ein strategi som kann føra til at so snart dei er komne til makti, so er det som dei vil verna um vorte sikra mot nye åtak. Då treng ein ei samfundsordning tufta på hierarki og aristokrati.

Korkje høgre eller vinstre
Når ein talar um ei høgre- og vinstresida i politikken i dag, talar ein anten um (1) gruppor i samfundet som vert sette upp mot kvarandre (arbeidarar mot arbeidsgjevarar) eller (2) ideologiar som det heiter seg skal vera motstridande (sosialisme og liberalisme). Kor som er, Maurras ynskte ikkje å setja gruppor i samfundet upp mot einannan, han ynskte å samla dei. Og både liberalismen og sosialismen er tufta på egalitær ideologi, der det til sjuande og sist einast handlar um å realisera individet sin fridom (jamvel um framgangsmåtane kann vera ulike). Eit organisk samfundssyn som gjeng imot den egalitære ideologien og som helder vil ha eit samfund tufta på hierarki, og der alle gruppor hev sin serskilde plass, det er soleides eit syn som gjeng på tvers av heile høgre- og vinstreaksen.. Me kann soleides slå fast at Maurras var korkje til høgre eller vinstre i politikken, men stod for ein tridje veg.

Maurras i dag
Eit moderne land styrt av ein konge? Det kann nok lyda rart og framand for mange i dag. Det næraste eit moderne land hev vore til å verta styrt av dei prinsippi som Maurras legg fram, måtte vel vera Portugal under Salazar.
Jamvel um fyrestellingi um monarki verkar gamal og avaldra for mange i dag: Dei problemi som han skildrar er på mange måtar meir aktuelle i dag enn nokon gong. Familien som grunnsteinen i samfundet hev aldri vore meir truga, og sentraliseringi av politisk makt hev nådd både europeisk og internasjonalt nivå, med tusundtals sidor med EU-direktiv som borgarane fær klaska i hovudet. At stødt fleire ikkje lenger vil vera med på dette spelet, er den stødt minkande valdeltakingi eit tydelegt prov på. For dei som ynskjer å gjera noko med problemet, so kann nok Maurras si uppskrift vera nett den som trengst: Eit livande grasrotengasjement i botnen, med klår retning og leidarskap på toppen.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!