2012 – Mot ei ny atterføding?

Artikkelen er skriven av Torwin v. Runenfrost, ein allsidig musikar og forfattar frå Odenwald i Hessen.

Den nye tidsalderen tek til etter verdsens undergang, kalla Ragnarok. Den gamle verdi åt menneski, det som var Midgard, gjeng då under.

Men slik kann det ikkje vera, at livet ikkje skal ganga vidare, og so vert det ikkje helder. I staden skal manneætti verta atterfødd, reinvaska frå all skuld og soning.

Til vettersolvendingi i år 2012 kjem soli til å standa i sidelægje med det som vert ekvator i vetterbrauti (mjølkevegen).

Den staden der soli møter vetterbrauti er i den “døkke klufti” i vetterbrauti, bygd upp av interstellare støvskyer. Denne ovringi kann ein sjå med eigne auge i kvar ei klår sumarnatt, utanum i upplyste storbyar.

Når det skymest til vintersolvende i 2012, kjem soli til å vera beint i denne døkke klufti, og då slik uppsett at Vetterbrauti femner um heile yttersynet. Dimed kann me segja at Vetterbrauti “sit” på jordi, røyver henne på alle punkt og opnar, etter det Maya-mytologien fortel, ein kosmisk “himmelstorm”. Dei galaktiske og dei solare umkvervi kjem i sidelægje med einannan.

Er me på veg mot ein ny tidsalder? Torwin v. Runenfrost meiner det.

Er me på veg mot ein ny tidsalder? Torwin v. Runenfrost meiner det.

Etter det maya-mytologien fortel, skil vintersolvendet seg på ein guddom, One Hunahpu, kjend som den Fyrste Fadaren. Han er vel til å jamføra med Wotan i den germanske religionen, for her med vert jolefesten (vintersolvendet) tilskrive Allfaderen. Den heilage boki åt mayaene, Popol Vuh, fortel at den fyrste faderen skal verta atterfødd, og so tek ein ny verdstidsalder til. Balder med, sonen til Woltan, han som yverlever Ragnarok, stend i samband med den nye soli og våren.

Den døkke klufti hev mange mytologiske tydingar: Vegen til underverdi; Munnen åt eit kosmisk monster; Fødselskanalen åt den kosmiske moderi, som ved sidelægjet råkar på den fyrste fadaren.

Nett ved dette tidspunktet endar rundgangen åt maya-kalendaren. At so mykje skulde stemma på ein gong, syner berre at dei gamle mayaene kjende til dette sidelægjet, og at dei rekna det for å vera eit viktugt yvergangspunkt: Yvergangen til ein ny verdstidsalder.

I mytologisk målføring er ei sovori hending eit bilæte på sameiningi millom den fyrste fadaren og den kosmiske moderi – eller meir noggrant sagt, fødselen åt den fyrste fadaren (Buri eller soli ved vintersolvendet) gjenom den kosmiske moderi (Audhumbla eller den døkke klufti i Vetterbrauti).

Dei gamle mayane kunde slå fast at soli ved vettersolvendet langsamt flytjer seg i retning mot Vetterbrauti. Tvo store punkt på himmelen flytjer seg mot einannan, for ein sjeldan gong å sameinast.

Maya-kalendaren hev noggrannt lagt inn kva tid dette hender – og det tyder meir enn berre byrjingi på eit nytt solår.

Det tyder byrjingi på ein ny, stor syklus i tidsrekningi, ei nystelling av dei store himmelske stjerneuret – og kanskje, eit nytt umkverve i naturen åt det menneskelege medvitet og den menneskelege sivilisasjonen.

Etter det maya-kalendaren fortel, liver me i dag i ei endetid. Den store syklusen åt mayakalendaren endar med vettersolkvervingi i 2012.

Etter konseptet åt mayaene um rundgangar og tidsyvergangar, so tyder denne slutten samstundes ei nybyrjing. Ved enden av kvar tidsalder stend det ei atterføding.

[Referansane i teksten til maya-mytologi byggjer på skriftene åt ein av dei leidande maya-forskarane, britiske Major Jenkins].

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 2 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!