Salemmanifestasjonen i Sverike

Kva er Salemmanifestasjonen? Artikkelforfattaren gjev svar og viser oss bakgrunnen.

For ti år sidan vart 17 år gamle Daniel Wretström myrda av ein muslimsk ungdomsgjeng i stockholmsbydelen Salem. Motivasjonen som den multikulturelle gjengen hadde for å gå laus på Wretström var det at han var nasjonalist, og under slagord som “krossa rasismen” vart Wretström stokken med kniv og slegen i hel med plankar.

el_c1

Sidan den gongen hev det kvart år vorte halde eit fakkeltog for å minnast Daniel og alle dei andre som hev falle offer for multikulturen. I 2003 med so mykje som 2000 deltakarar, og soleides den største innvandringskritiske demonstrasjonen i Norden nokosinne. I  leidande riksmedia og millom personar og gruppor på vinstresida vert marsjen framstelt som ein “nazi-marsj” som det gjeld um å stogga, medan tilskiparane på si sida presenterar marsjen som ein upolitisk marsj for alle som vil minnast Daniel og setja søkjeljos på multikulturen si myrke baksida. Familien til Daniel Wretström hev ved fleire høve vorte sette under trykk for å taka fråstand frå marsjen, men hev trass i trugsmål og pådrag halde fram med å gjeva markeringi sin studnad. Målmannen var til stades både i 2009 og 2010 for å kunna gjeva ein sjølvstendig rapport frå arrangementet.

SANYO DIGITAL CAMERA

2009:
Etter ein lang biltur gjenom Frankrike, Tyskland og Sverike var me i Salem. Utanum ein episode på ein Statoil-stasjon, der einast  kjapp respons frå Politiet hindra oss frå å hamna i slagsmål med eit titals vinstreorienterte hooligans som var ute etter bråk, so gjekk det greidt å koma seg fram til treffpunktet på Rönninge Station klokka 16.
Her stelte folk seg upp i rader på fire og fire, og på signal vart faklane kveikte.
Nett i det fakkeltoget byrja å gå, byrja den fyrste snøen å falla, noko som gjorde det heile til ei ekstra sterk uppleving. Med kveikte faklar gjekk me frå Rönninge Station, gjenom Salem, til den staden der Daniel vart myrda, der livet rann ut or honom. Heile vegen godt synkronisert av demonstrasjonsvaktene, og med Politiet som skulde verna oss mot motdemonstrantar (som i alt talde 30 personar!).

SANYO DIGITAL CAMERA

På staden der Daniel vart myrda var blomar og ljos lagde ned under ein livsrune. Dinæst vart det appellar frå ein plattform – talarane var Varenus Luckmann, Alexandre Thöne og Stefan Jacobsson. Tema som vart tekne upp i tala var fyrst og fremst  trugsmåli frå multikulturalismen, frå masseinnvandringi og frå islamisering, men ikkje utan glød og framtidsvon, og fagnaden frå publikum synte at stemningi var god. Innimillom var det musikalske innslag frå visesongaren Victor Sjölund, som spela gamle klassikarar av Ultima Thule og Svensk Ungdom.

2010:
I desember 2010 hadde det gjenge ti år sidan Daniel vart myrda, og uppmøtet vart dette året difor sers stort, sidan mange ynskte å markera at dei ikkje hadde gløymt. Tilskiparane hadde dessutan sett i gang ein kampanje i lang tid fyreåt, millom anna med spreiding av flogblad som fortalde um Daniel og um prisen vanlege svenskar må leggja ut for det multikulturelle samfundet – som til dømes med gruppevaldtektene der flestalle gjerningsmennene er ikkjevestlege.

154612_10150106881961189_667206188_7861736_1347837_n

For å koma seg trygt til Rönninge Station var det lyst ut eit treffpunkt på Stockholm Central litt tidlegare på dagen, der alle kunde reisa samla med toget til Salem. Motdemonstrantar hadde dette året meldt frå um at dei vilde gå ned på jarnbaneskinone og blokkera toget, men takk vere effektivt politiarbeid greidde dei ikkje å seinka toget med meir enn ein halvtime.
Samla på Rönninge Station var det atter uppstelling fire um fire, og med ein ekstra stor prosesjon av blomekransar i fronten sette fakkeltoget seg i rørsle – denne gongen med trommor for å gjeva rytme til marsjen.

155765_10150106882276189_667206188_7861745_188810_n

Talet på deltakarar hadde dette året vakse frå 600 til 850, medan talet på motdemonstrantar hadde auka frå 30 til 50 (!).

150892_10150106882961189_667206188_7861769_5108378_n

154162_10150106883101189_667206188_7861775_3379809_n
Framme ved mordstaden var det atter tid for appellar, dette året med fleire innbjodne utanlandske talarar. Og dessutan eit gripande vitnemål frå Nellan, ei nær veninda av Daniel, som fortalde um korleis Daniel var som person og medmenneske. Millom dei utanlandske talarane som utmerka seg dette året vil eg nemna Tony Bamber frå British National Party. Han understreka millom anna at det ikkje var innvandrarane som er motmennene, men den multikulturelle globalistiske ideologien som bryt ned kulturar og folk yver heile verdi. Og slik som vikingane for 1000 år sidan stridde for å verna landet sitt, må me i dag med same viking-ånd strida vidare, politisk og demokratisk rett nok, for framtidi åt Europa.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=F9FJQ66BmFg]

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=Gv-3NMxEPoE]

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!