Minnemarsj i Magdeburg

Minnemarsjen for den allierte bombingi av byen Magdeburg hev vore ei årleg tilskiping sidan upptaket i 1999, og uppslutnaden um markeringi hev vokse jamt og trutt. 2012 var det beste året so langt, med heile 1600 frammøtte. Laurdag 12. januar var nasjonale medhaldsmenner  atter samla, under slagordet ”Ehrenhaftes Gedenken statt Anpassung an den Zeitgeist” (Ærefull minnemarkering i staden for tilmåting etter tidsåndi). Norske media nøgde seg med å gjeva att utanlandske nyhendemeldingar, der markeringi vert dømd nord og ned med dei krassaste ordlagi. Målmannen var derimot til stades, og kann gjeva lesarane eit unikt innblikk i det som hende.

marsch2013

Takk vere den årlege Magdeburg-marsjen, hev det vokse fram eit medvit millom magdeburgarane um kva som hende med byen den 16. januar 1945. På same måten som Dresden skulde verta det ein snaud månad seinare, vart denne byen lagd fullstendig i grus etter eit ovstort bombeåtak frå samgongemaktene. Midtparten av byen vart meir enn 90 prosent øydelagt, og ein reknar med at på lag 60 prosent av heile Magdeburg vart øydelagt. Magdeburf hadde 15 kyrkjor,  byen hadde fram til då vore ein av dei venaste barokk-byane i Tyskland, men etter det allierte luftåtaket var so godt som alt burte. Meir enn sekstan tusund menneske miste livet i luftåtaket.

[youtube http://www.youtube.com/watch?v=ytqGv9zN30M]

Verdig minnemarkering i fred og ro

Minnemarkeringi i Magdeburg hev til vanlegt teke til på jarnvegsstasjonen, so hev ein gjenge ein stille marsj gjenom midtpunkti av byen. Men tilliks med andre minnemarkeringar for allierte brotsverk i Tyskland, er det kvar gong like spanande å sjå um tilskipingi i det heile kann verta gjenomførd. Vinstreekstreme gruppor gjer sitt beste for å blokkera og stogga alle tildriv som kann mana til ei meir avbrigderik forståing av den tyske soga, og Magdeburg er ikkje noko undantak. I år hadde dei kunngjort på netstader som anarkistiske Indymedia at dei skulde syta for at Magdeburg-marsjen vart soga…

IMG_0268

Då morgonen rann, var stoda slik at nasjonale medhaldsmenner byrja samla seg inne på jarnvegsstasjonen, og motgangsmenner byrja samla seg utanfor for å blokkera det heile. Langsetter det som motdemonstrantane trudde skulde verta marsjruta, gjekk dei i gong med å skipa til sitjeblokadar. Politiet i Magdeburg var kor som er budde på å halda seg til lov og rett, og brått lyder ei uventa melding: Alle som skal vera med i minnemarsjen lyt umbord på S-banen for å taka denne eit par kilometer ut or sentrum.Manøveren er vorten til etter eit augneblinksinnfall frå politiet og etter at leidingi for tilskipingi samtykte.

Godt i utkanten av byen, på andre sida av Elben, kann marsjen byrja. Folk steller seg upp rad etter rad, med svarte syrgjeflagg og transparentar. Under ein innleidande uppmaningtale takkar ein serleg dei frammøtte meiningsfrendane frå Noreg og Nederland. No skal me marsjera seks kilometer, frå utkanten av byen og inn mot midtparten av byen.
Når motdemonstrantane utanfor jarnvegsstasjonen  fær vita um kva som er skjedd, vert dei rådlause. Dei hev røynt tidlegare at politiet veit kvar dei skal setja inn innsatsen sin, og då motgangsmennene vil taka seg burt frå jarnvegsstasjonen, vert dei stogga med makt. Jamvel um det byggjer seg upp til eit stort gateslag millom politi og vinstreekstreme aktivistar, so er utkoma den same.

Motstykket millom dei valdelege vinstreekstremistane i midtparten av byen og dei fredelege nasjonale medhaldsmennene som stilt og utan eit ord togar inn mot Magdeburg er openberr. Ingen parolar vert ropa, frå fylgjebilen tonar det einast klassisk musikk.

IMG_0316

På slutten av marsjen er det tid for appellar. Dei frammøtte fær merksemdi si retta mot  at terrorbombingi av tyske byar berre var byrjingi på ein serie med  brotsverk frå samgongemaktene som ikkje tok slutt etter den 8. mai 1945. Tvert imot, millionar av tyskarar skulde lata livet då samgongsmaktene hersette Tyskland. Folk døydde av utsvelting, fordriving, valdtekt, mord og tortur (denne sida av den tyske etterkrigssoga byrjar ein so smått å setja ljoskastarane på i våre dagar, millom anna i filmen ”Vier Tage in Mai”).

Ein av talarane tek deretter fyre seg korleis soga og sogeskrivingi hev skeiva seg til og kva ein kann gjera for å retta upp i den vanstoda me ser i dag. Han målar fyrst eit  nedslåande bilæte av eit moderne Europa der meiningar som gjeng på tvers med liberalismen og multikulturalismen vert haldne nede med makt, og der hevdbundne verdiar vert bytte ut med forbrukarmentalitet.  Han understrikar likevel at det er råd å stå imot makthavarane. Det er råd å finna likesinna, det er råd å grunnleggja ein familie og fostra upp born med sunne og gode verdiar, det er råd å skaffa seg eit frirom framfor å ormaktast eller å søkkja ned i øydande subkultur.

Fredelege og lovlydige ungdomar

Ved nokre fåe høve greidde einskildpersonar frå motdemonstrantane å taka seg fram til minnemarsjen for å ropa slagord, men til ingen nytte. Dei som var med i marsjen vart ikkje uppøste av ropi. Fiendslege tilrop vart ikkje møtte med anna enn tagnad. Folk vart heller ikkje uppøste av at det vart kasta stein inn i folkemengdi midt under ein uppmaningstale. I staden for å arga seg upp lèt dei politiet få gjera jobben sin med å taka hand um dei valdelege uppreistmennene frå den ytste vinstrevengen.

fakkel

Dei tyske ungdomane som var møtte fram og vilde demonstrera var i det heile ein heilt annan gjeng enn det rengjebiletet pressa vil skapa av deim, både åtferdi og klednaden var sømeleg. Her kunde det høva å draga fram ein liten episode heilt på slutten av marsjen, der ei ung gjenta med punkarfrisyre og vinstreekstreme jakkemerke hadde greidt det kunststykkjet å rota seg inn millom dei nasjonale medhaldsmennene på jarnvegsstasjonen. Ho var nok millom desse som var reist til Magdeburg saman med andre ytterleggåande vinstretilhengjarar, men no stod ho i staden mutters åleine millom desse som ho skulde stogga med vald. Ho skalv av redsle, og tårone rann i stride straumar, men ingen korkje røyvde henne eller sa noko til henne, og til slutt var det jamvel nasjonale ungdomar som spurde politiet um dei kannhenda vilde hjelpa den arme jenta ut til sine eigne…

Bakgrunn: Magdeburg-bombingi eit krigsbrotsverk

Bombeåtaket mot Magdeburg skriv seg inn i ein lang serie målrette luftåtak mot tyske byar mot slutten av andre heimskrigen. Store byar som Dresden, Darmstadt og Hamburg vart jamna med jordi i samsvar med britiske Area Bombing Directive av 14. februar 1942. I dette direktivet fekk kommandør for det britiske luftvåpenet, Sir Arthus Harris, frie hender til å gå laus på både sivile og militære mål i Tyskland: ” You are accordingly authorised to use your forces without restriction […]”.

Fyremålet med bombingi var inkje anna enn å knekkja moralen åt den tyske sivilfolkesetnaden, for  “[i]t has been decided that the primary objective of your operations should be focused on the morale of the enemy civil population and in particular the industrial workers”.

Dagen etter at direktivet vart gjort kjent, gjorde RAF-stabssjef Charles Portal fyremålet med det heile endå tydelegare:  ”I suppose it is clear that the aiming points will be the built up areas, and not, for instance, the dockyards or aircraft factories where these are mentioned in Appendix A. This must be made quite clear if it is not already understood.”
For dei som vil argumentera med at internasjonale lover og reglar ikkje var like klåre den gongen som no, so er Haag-konvensjonen frå 1907 verd å bita seg merke i.  Her vert det eksplisitt slege fast at ”[…] all the necessary measures must be taken by the commander to spare as far as possible sacred edifices, buildings used for artistic, scientific, or charitable purposes, historic monuments, hospitals, and places where the sick or wounded are collected, on the understanding that they are not used at the same time for military purposes.”

Magdeburg, Rathaus, Kirche, Ruinen

Legg ein Landkrigsordningi av 1907 til grunn, er det soleides klårt at at det å leggja gamle europeiske kulturbyar i grus var like mykje eit brot mot internasjonal lov og rett den gongen som det er no. I våre dagar er det kor som er ålmenn konsensus um at det å bomba sivilfolkesetnaden i ufredstider er for eit krigsbrotsverk å rekna.

Bilæte nummer 183-C0107-0006-001, med kart yver Magdeburg, frå det tyske forbundsarkivet, 1964. Bilætteksti lyder: "Am 16. Januar 1945, enige Tage vor Kriegsende, erfolgte der große angloamerikanische Bombenangriff, dem fast die gesamte Innenstadt Magdeburgs zum Opfer fiel. 800 Bomber luden 1000 Luftminen, 12000 Sprengbomben und 200000 Brandbomben über derStadt ab. Magdeburg hatte nach jener grauenvollen Nacht 16000 Tote, 24648 Verwundete und 244560 Obdachlose zu beklagen - fast das ganze Stadtzentrum lag in Trümmern."

Bilæte nummer 183-C0107-0006-001, med kart yver Magdeburg, frå det tyske forbundsarkivet, 1964. Bilætteksti lyder: «Am 16. Januar 1945, enige Tage vor Kriegsende, erfolgte der große angloamerikanische Bombenangriff, dem fast die gesamte Innenstadt Magdeburgs zum Opfer fiel. 800 Bomber luden 1000 Luftminen, 12000 Sprengbomben und 200000 Brandbomben über derStadt ab. Magdeburg hatte nach jener grauenvollen Nacht 16000 Tote, 24648 Verwundete und 244560 Obdachlose zu beklagen – fast das ganze Stadtzentrum lag in Trümmern.»

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!