La Casa Fantom i Darmstadt, Tyskland

Det er ein sein laurdagskveld i februar i Darmstadt, Tyskland. I kjellaren på det sjølvstyrde ungdomshuset Ötinger Villa er dei mest “hardkokte” av oss samla for å høyra på hardkjerne punk. Og denne kvelden er det ei norsk gruppa som stend på scena: La Casa Fantom frå Fjæringby.

Bård til høgre, og Lars til vinstre, utanfor Ötinger Villa i Darmstadt.

Bård til høgre, og Lars til vinstre, utanfor Ötinger Villa i Darmstadt.

Hardkjernepunk er ei liti ovring i Noreg, men stort ute i Europa. Det er ein musikkstil som hev upphav i punk- og kringvære der folk hev avvikande meiningar og løysingar. At det fyrst er på eit ungdomshus i Tyskland at eg fær sjå dette bandet i levande live er soleides ikkje noko slumpetreff.

Musikken til La Casa Fantom kann kjenneteiknast ved å vera utforskande og umskifteleg i tilknyting til krafti i hardkjerne-punken. Det er ein sers hard og inntrengjande, og samstundes både tonerik og kjensladd, musikk.

Når eg etter konserten møter karane attum gruppa til ein prat, so fortel dei at dei nyss er byrja på ei 36 dagar lang  spelferd gjenom Europa. På desse 36 dagane vert det 36 ulike konsertar. Dei skal køyra bil heile vegen Europa, og dei skal innum både Tyskland, Frankrike, Tsjekkia, Spania og Portugal.

Bård (trumbor) og Lars (bass) heiter dei tvo attum gruppa. Dei tvo er tidlegt i 30-åri, og hev havt La Casa Fantom som sitt musikalske tiltak i 11 år. I alt hev dei gjeve ut 5 EP’ar og 4 LP’ar. Bandet  kjem upphavlegt frå Blitz, og på spursmål um kvar dei stend når det kjem til samfundsspursmål stadfester dei at dei høyrer til på vinstresida.

La Casa Fantom likar å henta hugsviv frå mange ulike genrar. På spursmål um dei kann nemna nokre handfaste leidestjernor, so vert lista lang, og med so vidt ulike tonekunstnar som: Motorpsycho, Kort Prosess, Wolves in the Throne Room, PJ Harvey, Robert Johnson, Summoning the crows, Kollwitz, Dominic og Okkultokrati.

Når ein fær høyra um yrkesbakgrunnen åt dei tvo karane, byrjar bitane å falla på plass, både når det gjeld det fyre- seg -gjorde ljodbilætet og hugtyngsla i teksttilfanget.     For Lars arbeider som elektroingeniør, medan Bård er sosialpedagog og arbeider med born som hev autisme.

Meir enn berre trummer og bass
Kann ein laga tonerik hardkjerne-rock berre med trumborr og bass? Ja, so sanneleg, men det kann ein takka Lars sine ingeniørkunstnarlege evnor for.

Alle forsterkarane som gruppa nyttar seg av under konserten er det Lars sjølv som hev bygt – og her gjeng det einast i gode, gamle røyrforsterkarar. Lars vil gjerne styra heile ljodbilætet, frå fyrste slaget på basstrengane, til signali gjeng vegen um ymse slags jamvektuge tilrengjingar og dinæst dundrar ut høgtalaren.

For å få fyldig ljod hev Lars utstyrt Bård med 2 ulike ljodstyrkjarar (mikrofonar) på bassgitaren sin: Ein som gjev gitarljod og ein annan som gjev bassljod.

Distanserar seg frå svartmetall
Livet kann vera vandslegt, og La Casa Fantom set søkjeljoset på dei myrke sidone ved menneskesinnet. Gjenom musikken deira kann ein dessutan få ut sinne, og det er etter deira syn ei kjensla som det sumtid kann vera greidt å ha.

Dei djupare meiningane i tekstene deira handlar um å kunna liva på ein ekte måte og skapa sitt eige liv slik som ein ynskjer det. Slik sett ikkje so ulikt svartmetall, men likevel med ein viktug skilnad:

For svartmetall er einskildmannsmusikk og hev som utgangspunkt at kvar mann stend for seg sjølv – det skal helst ikkje  finnast eit kringvære for «svartmetall» i det heile, helder sjølvstendige artistar som stend for kvar sine tiltak og liver ut sine eigne hugsviv, som Fenriz frå Darkthrone hev sagt det. I kringværet av hardkjerne-menneske handlar det derimot meir um å stå saman og skapa noko nytt i lag.

Konsert i kjellaren i Ötinger Villa.

Konsert i kjellaren i Ötinger Villa.

Dei tvo medgjev difor at dei hev lite samband med svartmetallscena. Lars understrikar vidare at då svartmetall fekk sitt gjenombrot, førde det til at pengane fekk styra tonekunsten. La Casa Fantom trivst derimot betre med eit fåtals uppglødde og innvigde hardkjerne-vener i kjellaren og god samverknad med tilhøyrarane. Eller for å gjeva siste ord til dei sjølve:

“Det vil nok framleis vera meir sannsynlegt å finna oss på scena ute i Europa enn i Noreg, men det er like greidt for oss. Det er her i undergrunnen me hev funne vår plass.”

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!