Frode Strømnes til minne

Det var med stor sorg at bladstyret i Målmannen fekk melding um at professor Frode Jens Strømnes er død, 75 år gamal. Det var paradoksalt nok i den siste leidaren fyre Strømnes gjekk burt at han vart nemnd ende ut som ein av den sentrale tenkjarane som hev merkt arbeidet åt redaksjonen. Ideane åt Strømnes hev kor som er vore med på å staka ut kursen for Målmannen i heile det tiåret bladet hev kome ut.

Strømnes gjorde eit banebrytande arbeid innanfor kognitiv språkpsykologi. Etter mange tiårs forsking kom han i 2006 med boki ”The Fall of the Word and the Rise of the mental Model”. Boki samlar trådane etter eit langt liv som forskar, fyrst som amanuensis ved Aarhus Universitet i Danmark, sidan som professor ved Universitetet i Åbo i Finland og ved Universitetet i Tromsø, fram til han dei siste åri var statsstipendiat i Volda.

Eit nytt syn på språk

Strømnes gjorde det til sitt livsverk å setja ein alternativ modell upp mot det tradisjonelle synet på språk. Språksystemet vert i den tradisjonelle forståingi sett på som sekvensar av ord. Læra um språk vert då læra um ordi. Det vert vidare hevda at folk kann tenkja med ord. Ein kann tenkja på ting ein ikkje kann laga strukturmodellar av. Det hev matematikarar freista å prova. Språklæring er å læra ord heiter det.

Lingvisten Noam Chomsky hev hevda at alle språk er grunnleggjande like, med di setningane kann minkast ned til noko han kallar for proposisjonar. Proposisjonane er immaterielle og dei er dei same for alle språk. Berre proposisjonar kann ha sanningsverde, i motsetnad til analoge strukturar som bilete og kart. Dei analoge strukturane kann ikkje ha sanningsverdi av di dei vert kalla fleirtydige.

Kor som er: Innanfor kognitiv språkpsykologi hev det i dei seinaste 40 åri vore gjort etterrøkjingar som hev endra synet vårt på språk. Språket vert i ei sovori forståingsråma bytt inn i tvo nivå, addressor og mentale modellar. Ordi som me nyttar oss av er einast addressor til mentale modellar, og det er desse me nyttar oss av når me tenkjer. Dei mentale modellane grupperar ting og hende utanfor mennesket.

Adressone/ordi vert nytta til å finna ut kvar dei mentale modellane er i heilen (hjernen). Utanum det ber dei ikkje kunnskap i seg. Mentale modellar som ber i seg kunnskap um hende og ting hev alltid formlikskap med desse hende og ting. Mentale modellar er som alle andre modellar hende i ei rømd og kann difor skynast utfrå ei rømd.

Sinnbilete vart nytta til å fremja minne millom forsøkspersonar i ymse røyne (eksperiment) frå 1957 av. Røyni hev vorte banebrytande for å skyna menneskelege språksystem. Sjølv var Strømnes mange år i Finnland og granska tilhøvet millom svensk og finsk mål. Han etterviste at finsk mål hev ei onnor mental fyrestellingsverd enn det svenske målet. Det hev gjeve seg interessante utslag. Han og forskingsmedarbeidarane hans nytta mange år på å koma fram til biletlege framstellingsformer for dei finske kasusi. Dei biletlege uttrykki kunde få fram sermerke i språket og soleides letta målinnlæringi.

Strømnes kunde ettervisa klåre skilnader millom indoeuropeiske mål og finsk mål. Forskingsrøyne syner at indoeuropeiske mål forvirrar finsktalande. Slik målbruk fører til fleire arbeidsulukkor millom finsktalande enn millom svensktalande. Det hev ein kunna stadfesta statistisk, og det med alle andre tenkjelege variablar haldne utanfor.

Vegen vidare

Um målet i eit land er med og skaper mentale fyrestellingar, kann ikkje desse fyrestellingane uttrykkjast like godt gjenom eit mål som er valt på slump. Det lyt vera det målet som er sermerkt for landet som kann få fram desse mentale fyrestellingane. Den norske målreisingi kann soleides utløysa ei stor skaparkraft som målstoda i dag held nede.

Strømnes meinte nynorsken i byrjingi av fyrre hundradåret hadde ein historisk sjanse til å vinna fram. Mykje godt arbeid vart den gongen gjort for å gjera det norske målet til eit tevleført europeisk kulturmål. Akademikarar med landsmålsbakgrunn lagde vinn på å nytta nynorsk både i skrift og i tala, og grunnleggjande skrifter frå den klassiske verdslitteraturen, som til dømes Odysseen av Homer, Germia av Tacitus, eller Sakuntala av Kalidasa, vart umsett til god og velklingande nynorsk. Men dei tilnærmings- og jamstellingsstrategiane som målrørsla gjekk for etter krigen var etter Strømnes sitt syn lagnadstunge for nynorsken.

Tilnærmingslina, dialektromantikk og jamstellingsstrategiar gjorde det nynorske til eit individuelt prosjekt for den einskilde – både når det kjem til rettskriving og det å kunna hevda rettane sine som nynorskbrukar. Alternativet Strømnes stod for var å byggja upp ein elite som stod saman um å dyrka det norske målet fram som eit sjølvstendig og einskaplegt alternativ, og strida det fram på alle umkverve. Dessutan skulde ein bygt institusjonar og sikra kjerneregionar der nynorsken hadde fyreretten.

Frode Strømnes var ein mann som var i stand til å samla trådane. Han var uppteken av at ein laut sjå praktisk på målstoda. Praktiske spursmål var like viktuge som teoretiske og ideologiske. Strømnes var til dømes undren på kvifor nynorske avisor og tidskrift aldri tok fyre seg emne som til dømes korleis ein bygde meir energiøkonomiske vedomnar eller noko so einfelt som korleis ein hyvla ei fjøl!

”Me er materialistar som spør etter vinninga”, hevda sentrale folk i målrørsla etter krigen. Sentrale folk i ei rørsla som hev ført det norske målet mot undergangen. For er det noko målreising og måldyrking handlar um, so er det nett det: Kjenslor, kjærleik og draumar, og ikkje kald materialisme. Strømnes hev med arbeidet sitt um språk og mentale fyrestellingar synt at målsaki likevel er meir enn berre romantikk. Språket er ein måte å sjå og systematisera verdi ikring seg. Det norske målet, med sin rikdom på preposisjonar og si gode evna til å modellera rørslor, er eit program for å yverliva og taka kjappe avgjerder der barsk natur og kaldt klima ikkje gav høve til å utsetja til i morgon det som laut gjerast i dag. I vår globaliserte verd med fri flyt av varor, kapital og arbeidskraft spelar dette kanskje ikkje so stor rolla lenger, men kven veit kor lenge dette systemet kjem til å halda seg?

Strømnes hadde framleis so mykje å koma med, og var millom deim som me i røyndi ikkje hadde råd til å missa. Det er likevel ikkje anna å gjera enn å segja som i Tord Foleson, merket det stend, um mannen han stuper. Arbeidet åt Frode Jens Strømnes vert ståande. Strømnes hev lagt eit teoretisk grunnlag for ei alternativ og radikal målreisingslina. Det er upp til oss å granska det og å setja visjonane hans ut i livet.