Uppstoda av manneætti frå eit nordisk-mytologisk synsleite

Etter at Kosmos hadde vorte forma av Ymir sin lekam, so jaga æsene jotnane burt til utkanten av verdi. Høgt uppe bygde æsene Asgard, verdi åt gudane av åsaslekt. I midten lagde dei Midgard, verdi som snart skulde høyra til menneskebroni.
Wotan såg at larvar og ormar kom krabbande ut or kroppen på den daude Ymir, og han gav Heimdall å uppgåva å forma dei fyrste menneski frå desse livendi. Desse kunde kor som er ikkje på nokon måte måla seg med æsene, og Wotan var ikkje nøgd med dei. Dei var misforma, stygge og dumme.

Odin, Lodur og Hönir  skaper dei fyrste menneski Ask og Embla.

Odin, Lodur og Hönir skaper dei fyrste menneski Ask og Embla.

Dimed laut Wotan atter senda Heimdall til Midgard. Men denne gongen fekk han med seg blod frå gudane for å skapa ei manneætt som var Asgard verdig. Slik skapte Heimdall Jarl-ætti (etter nokre freistnader som fyrst hadde ført til træle-ætti og dinæst til karle-ætti). Jarleætti hev tradisjonelt vore ætti åt leidarane. Denne ætti hadde ljos hud med blondt hår og blåe auge. Dei hadde noko uvanlegt vent yver seg, og dei var sers kloke og gåverike. Ofte vert desse i mytologien umtala som solmenneske.
Heimstaden åt desse solmenneski var det som er vorte kalla for Atlantis. Atlantis kom jamt og trutt under åtak frå jotnane som kom frå utkanten av Midgard (jordskjelv og flaum), og slik gjekk det til at denne staden ein dag sokk i sjøen. Solmenneski frå Atlantis  vandra no ut og busette seg yver heile Nord- og Aust-Europa. Slik kom nye folkegruppor til å sjå dagsens ljos.
Frå denne soga kann me læra at me menneske halvvegs er av gudeætt. Me hev fenge  blod frå gudane, me ber sjølve på noko guddomlegt inne i oss. Samstundes hev me fenge kjøtet vårt frå jotnen Ymir.
Kva var so meiningi med dette? Kvifor hev gudane i det heile skapt oss? Me er på jordi for å læra og ikkje for å lida. For å verta vise. Alt hev si meining, og det er ingen uforsonleg dualisme, men snarare ein slags harmoni, millom dei tvo ulike kreftene som held mennesket i hop. Ljos og myrke, uppbyggjing og øydeleggjing, dei er båe like relevante. Gudane knytte seg upp mot jotnane for å få samband til noko fysisk og handgripelegt – for berre slik kann dei påverka det som hender i den fysiske verdi. Dei treng oss for å kunna nå måli sine.
Åndi vår er sett i hop av småe stykkje av det guddomlege, som me kjenner frå Wotan, Odin eller Svarog (germanske, nordiske og slaviske namn for det same).  Kvar gong når me døyr, so vender desse framleis like reine stykkji attende til det guddomlege – fyre dei atter vert sende attende til jordi, og me vert atterfødde inn i ætti vår. So strævar me atter etter visdom og styrke, fram til næste gongen me døyr. Me er skilde frå sjølve guddomen so lenge me er på jordi, men guddomen sjølv vert styrkt gjenom vår eksistens.
Skulde me ein gong gjenom livet makta koma til fullkomen visdom, so kjem me til å venda attende til det guddomlege og endelegt berre verta verande der. Som ein part av det guddomlege og det heilt inn i æva. Dette tilstandet er betre kjent som Valhall, og det hev inkje med dei kristne fyrestellingane um eit fysisk paradis å gjera. Det kann snarare jamførast med det hinduistiske Nirvana.
Den einaste måten å nå Valhall på, og verta endelegt samanslutta med det guddomlege, er å vera og å verta. Å streva etter visdom og å liva slik som me er meint å liva. Di  meir rettvist me liver, di nærare er me det guddomlege. Alt me hev av fysisk trong og fysiske dragnader er noko som kjem frå jotnane. Slik gjeng det fyre seg ein kamp i oss, millom kjøtet åt jotnane og åndi åt gudane. Ein æveleg dragkamp. Men hadde me ikkje havt kjøtet åt jotnane, so hadde me ikkje kunna øksla oss, me kunde ikkje eta og drikka, me hadde berre drege attende til det guddomlege utan at me fyrst hadde fenge gjort noko for å verta betre eller sterkare. Me hadde vorte verande guddomlege, men me hadde ikkje vorte noko betre på noko slags umkverve, og eksistensen vår hadde ikkje tent til noko fyremål.

Torwin v. Runenfrost

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!