Korleis liva eit helsesamt liv?

Verdi me liver i er diverre forpesta og full av kjemikal og andre ting som er skadelege for både menneske, dyr og plantor. Kor som er, det er mange ting me kann gjera for å sleppa verta skadde av miljøgifter. Med nokre fåe hjelperåder kann me verna um både kropp og sjel. I dette bladstykkjet tek eg fyre meg nokre av dei.

Livsblomen

Livsblomen

Styr undan plast i maten!
Det lyder kann henda litt yverdrive, men plastproblematikken er ikkje til å koma i frå, korkje for menneske, dyr eller plantor. Kjemikalia i plast verkar inn på hormonbalansen i kroppen, og dei verkar litt på same måten som det kvinnelege østrogenhormonet. Dette kann koma til å skipla både kropp og sjel på ei rad ulike umkverve.
Det fyrste ein kann gjera for å få mindre plast inn i kroppen er å lata vera å nytta seg av plastflaskor. Dette er lettare sagt enn gjort i Noreg i dag, sidan plasten er yveralt. Sumtid kann du finna Voss-vassflaskor i glas. Desse kann du gjerne taka vare på og nytta um att seinare.

Drikk nok vatn!
Slik kjem me vidare til vass-spursmålet: Folk flest drikk altfor lite vatn, og dette lider dei under. Høgt blodtrykk, til dømes, kann koma frå skort på vatn. Berre etter fem timar med for lite vatn byrjar cellone i kroppen å krympa, og då er dei ikkje lenger like gode til å taka hand um oksygenet. Dette kann gjera folk sløve, svimle og trøytte.
Um du byrjar kjenna deg trøytt midt på dagen, so drikk tvo store glas vatn – i staden for å køyra i deg kaffi slik dei fleste gjer. Når du hev nok å drikka, so yter du betre i idrott med. Uthaldet ditt vert betre og musklane er mindre såre etterpå, sidan vatnet og oksygenet syter for at celleandingi gjeng som ho skal.

Ferdug-mat, nei takk!
Hald deg undan all prosessert mat. Det inneber å lata vera eta snøggmat som til dømes Pizza Grandiosa og andre ferdugpakka matrettar. Visst er dei kjappe å laga til, men for kroppen og sjeli er dei fælslege. I staden kann du laga noko sjølv frå grunnen av, med økologiske grønsaker, kjøt og korn. Lag ein frisk, økologisk salat til deg og huslyden din! Folk bør helst ha 60% av næringsinntaket sitt frå grønsaker. Elles er det bra med litt frukt til å gjeva antioksidantar og vitaminar – og litt kjøt til å gjeva protein. Brød kann ein gjerne eta mindre av. Helsesamt feitt som kokosnôtolja er eit framifrå kosttilskot, og det hjelper med å drepa bakteriar og sopp. Flytande magnesium er eit anna godt kosttilskot som er godt for hjarta og nervane. Et friske og råe grønsaker so ofta du kann, og hald deg heilt undan mat frå mikrobylgjeomnen!

Rapsolje er gift
Eit anna viktugt spursmål er det som gjeld rapsolja. Rapsolja er vorti sers umtykt i Noreg, sidan ho er billeg og greid å bruka til steikjeolja. Kor som er, sund er ho ikkje, og det heng i hop med måten ho vert laga på  Olja vert utvunni frå rapsfrøi med hjelp frå petroleumsbaserte løysemiddel. Dette gjer dei for å få meir fart i utvinningsprosessen. Ei potensielt sund olja vert soleides umgjord til ei olja som ser sund ut, men som i røyndi inneheld skadelege stoff. Utvinningsprosessen gjeng dessutan fyre seg under høg temperatur, og det fører til at fleirumeitta feitt vert oksidert, noko som i neste umgang fører til fleire frie radikal i kroppen. Normalt skulde ein finna rikeslegt med helsesamt Omega-3-feitt i denne olja, men denne vert umgjord til transfeitt, som er eit feitt som ikkje er godt for noko.
Skal ein steikja med olja, so er det mykje betre å nytta olivenolja eller kokosnôtolja. Dei er litt dyrare, men dei inneheld helsesamt feitt som du kann eta med godt samvit.

Soya og mais er best å vanda
Hald deg undan all mais som ikkje er økologisk. Slik mais er mest sannsynlegt genmanipulert, og kven hev vel lyst til å stydja upp um Monsanto og andre gigantverksemder som øydelegg miljøet og rydjer ut bior og andre verdfulle livende? Um du hev lyst til å eta mais, so sjå til at det er økologisk slik at du ikkje køyrer i deg fårlege kjemikal eller styd upp um uetisk verksemd.
Hald deg elles undan soya. Det er endå ein type mat som skiplar hormonbalansen. Det kann skapa problem i skjoldbruskkjertelen, og i neste umgang fører det både til vektauke og humørsvingingar.

Ingen antibiotika utan probiotika
Um du vert dårleg og lyt taka antibiotika, so ikkje gløym å fylgja upp med probiotika etterpå. Antibiotika drep alt, ikkje berre bakteriane som hev gjort deg sjuk. Dei nyttige bakteriane som hjelper deg med å elta maten og halda soppvoksteren under kontroll, dei treng å verta bygde upp att. Endå um du ikkje hev teke antibiotika i det siste, so kann probiotika likevel vera ein god ide.

Dagleg meditasjon hjelper på
Meditasjon er ikkje berre nyttig, det er heilt avgjerande i den hektiske og stressande kvardagen som me uppliver no for tidi. Tak deg i minsto ti minutt um dagen til å setja deg ned og reinska upp i hugen. Anda djupt ut og lat alt stresset etter dagen få sleppa taket. Um du ikkje lukkast med det same, so finst det mange råd og vink på Internett um korleis ein kann meditera. Det er ettervist vitskaplegt at meditasjon gjev betre livskvalitet, du kjem i betre mentalt lage og fær betre ålmenntilstand.

Ikkje gløym å trena!
Syt for å få nok trening. Det er lett å finna seg noko å driva med utandørs i Noreg. Skiturar, fotturar, springing, fjellkliving, symjing, sykling… Det viktugaste er å vera i rørsla kvar dag. Ikkje berre for å vera sterk og sjå bra ut, men for heilen og hugen si skuld med.  Du fær meir oksygen til cellone når du trenar, heilen fær meir luft og resten av nervesystemet kjem i betre stand, det med.

Lev eit aktivt liv!
Nytta tidi utandørs, i skogen og på fjellet. Du kann gå åleine eller med vener. Tak deg tid til utflukter, til å sjå på den vene naturi og gjera deg kjend med kringværet du liver i.
Fortel venene og huslyden din um kva du tykkjer um dei, fortel dei at du set pris på dei. Kjærleik og umsut betrar livskvaliteten for alle.
Til slutt vil eg berre segja at fyremålet med dette stykkjet ikkje er å retta peikefingeren til nokon eller koma med eksperthjelp, men å kveikja folk til å finna nye måtar å liva gode, balanserte og helsesame liv.

M. Leo

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!