Kulturbløffen

Kulturbløffen / Kristian Meisingset. Oslo: Cappelen Damm, 2013. 194 s., ISBN 978-82-02-41802-1 (ib.)

«Bøker uten kunstnerisk kredibilitet, altså bestselgere, som krim, har 86 av plassene på topp 100-listen» (side 112).

Jakti på kulturell kapital
Den norske kulturpolitikken dei seinaste 50-60 åri hev vore ein politikk med ein klår dagsetel. Det sosialdemokratiske riksstyret vilde lyfta heile folket upp og fram på det kulturelle umkvervet, beint fram uppseda deim til å verta høgkulturelle skapningar. Det er ikkje ofta ein kjem yver bøker som er meinte å vera ei slags uppgjerd med heile denne politikken. Boki “Kulturbløffen” av Kristian Meisingset er etter mitt syn ein retteleg knyttneve av ei bok. Boki tek fyre seg både finkultur og folkekultur i Noreg, og syner korleis styresmaktene etter forfattaren sitt syn hev mislukkast med å byggja bru millom desse.

kulturbloff

Då Arbeidarpartiet var komne til makti etter krigen, so ynskte dei å samla heile folket. For å få til dette trongs det “sosial utjamning”, ikkje berre på det materielle umkvervet, men på det kulturelle med. Styresmaktene vilde gjeva vanlege arbeidsfolk den same tilgangen til kulturell kapital som den eliten i storbyane hadde. Slik skulde alle få lik makt.  Meisingset viser til at dei dei sosialdemokratiske politikarane freista å samla riket til «[e]tt land, til én nasjon, til ett folk[…]» (ibid) – og dette tragikomisk nok i tidi rett etter nasjonalsosialismens fall. Kor som er: Den andre heimskrigen hadde etterlate seg eit kløyvt folk, med sår som vanskelegt let seg lækja utan at ein byrja dyrka fram dei kulturelle nevrosane som merkjer folk i våre dagar.

Hev so dei ynskte resultati kome? Tvert imot, segjer Meisingset. «Over 60 års kulturpolitikk har ikke hindret større kulturforskjeller, men i stedet bidratt til å gjøre avstandene større. Enorme midler er overført fra felleskassen til kultur for middelklassen, borgerskapet og eliten. Mye av kulturen som skal nå ut til folket har blitt kjedelig og middelmådig, noe som er verken er kunstnerisk tilfredsstillende eller demokratisk interessant. På den andre siden har ikke folkets forbruk av utenlandsk populærkultur stoppet opp. Fremdeles flommer de kommersielle kreftene inn over grensene. Og det har ikke blitt noen forbrødring på tvers av samfunnslag. Eliten har ikke mer respekt for folkelig populærkultur i dag, og lite tyder på at folk flest kommer til å forstå magien på Riksteatrets scene med det første» (ibid). Boki er eit stutt fortalt eit ordskifte um dette.

Kva hende med den klassiske kulturarven?
Det er vanskeleg å melda ei bok som dette utan å rota seg inn i eit «fårlegt» politsk lende. Dette er Meisingset sjølv fullt klår yver, og han peprar tekstene sine med småe setningar som skal gjera bodskapen hans mindre umstridd. Til dømes setningar som: «Den egalitære ideologien sitter dypt i oss alle. Den er et grunntrekk ved den norske folkesjelen» (side 16). Sjølv er eg slett ikkje so viss på det. Meisingset hevdar vidare at: «Situasjonen er et godt eksempel på elitens dårlige selvtillit: Den tør ikke kreve et rom for den eksklusive og distingverte kunsten, men må spille på den egalitære ideologiens premisser» (side 91). Kor som er, råkar ikkje denne kritikken Meisingset sjølv vel so mykje? Hev ein sagt A, so lyt ein segja B. Ein kann ikkje fyrst velja å leggja seg inn under den egalitære ideologien og dinæst klaga yver dei satsane som fylgjer frå denne.

Skodespelarane Bjørn Sundquist og Mari Maurstad vert spurde ut i samband med kapitlet um det høgkulturelle teateret. Dei fortel um korleis dei nyttar umreisande teater for å bringa likskapstanken ut til folket. Eg tykkjer vel um Sundquist, han gjorde det sers godt i den framifrå norske filmen Jernanger (2009). Frå høgnorsk sida sett, so stussar eg likevel når Sundquist hevdar Noreg er «en kulturnasjon». Um det var tidi fram til andre heimskrigen han talar um, då er eg med, men kann ein segja det same i dag? Kva hende med den rike folkekulturen, med litteraturen vår (mykje av honom jamvel på høgnorsk), med den samnordiske høgkulturen og kulturovringar som musikk og bilætkunst? Kvar er Olav Duun, Knut Hamsun og Tarjei Vesaas i dag? Geirr Tveitt og Edvard Grieg? Adolph Tiedemand og Nikolai Astrup?

Endå ein gong flytjer ein seg inn i lende det er vanskeleg å skriva um, for dette knyter seg saman med det som i si tid hende med målrørsla. Målreisingi nådde eit høgdepunkt på 1930-talet. Målrørsla var åt å vinna fleirtal i folket for landsmålet, men so kom hendingane me alle kjenner til, og tragedien råka med den andre heimskrigen. Det var nyss nokre ordskifte um dette i avisone her i landet, og der vart det med rette synt til at lufti gjekk ut or målrørsla i 1945. Dette på den måten at det vart «umoglegt» å fremja eit kultursyn tilknytt ein slags «germansk og nordisk» tanke – som måltanken unektelegt ein gong var. Det vart for nært knytt til ein knekt ideologi som hadde nokre av dei same bandi til den romantiske tanken um eit folkehopehav. Som ein veit kom samanbrotet til landsmålet snøgt etter dette. Den vesale stoda for landsmålet i dag er beint fram ei fylgja av det sivilisatoriske samanbrotet som andre og fyrste heimskrigen var. Les ein partsinnlegg i målstriden frå denne tidi, so ser ein snøgt kva bokmeldaren peikar på, for måten ein ordlegg seg på den gongen hadde vore umogeleg i dag. Soleides er det vorte uråd å driva målkamp som ein lekk i ei umfemnande folkereising. Ein kasta barnet ut med badevatnet, som med so mangt i etterkrigstidi.

Abstrakt samtidskunst utan provokasjonskraft?
Med det sagt, so er ikkje Meisingset nokon veiking sjølv, han slær inn dører som mange helst vilde ha halde stengde: «Eliten er svært inkluderende på den måten at de ønsker å spre sine innsikter til alle. De lukker opp dørene sine og hvem som helst får slippe inn. Men jeg lurer på om ikke kultureliten driver et slags spill for galleriet. De er bare inkluderende til et visst punkt. De ville naturligvis aldri for alvor la alle andre være med på å bestemme hva som er den gode og viktige kunsten» (side 25). Meisingset held fram med å herma direktøren for Astrup-Fearnley-museet, Gunnar Kvaran: «Utstillinger er ofte ganske kompliserte. Det er vanlig i Europa at kanskje fem prosent av innbyggerne kommer på utstillinger. Vi må ikke begynne å forenkle. Kunst krever spesialisert kunnskap og at man faktisk er interessert» (side 30).

Um det var sedhevdande kunst han viste til, so kunde eg ha vore samd, men det fær standa for upphavsmannen si eigi rekning um han meiner at det å skyna seg på moderne kunst er noko ein treng å læra seg. Etter mitt syn vert det helder ei slags sams posering der ein stend i flokk og briskar seg med den “kulturelle kompetansen” som ein trur ein hev upparbeidd seg. Til sjuande og sist skynar dei likevel ikkje kva dei held på med, for det er faktisk inkje å skyna. Endå um ein sjarlatan av ein «kunstnar» skriv namnet sitt på eit pissoar og sel det for millionar av kronor, so gjer det ikkje dette til noko ein treng å skyna. Det er, etter bokmeldaren sitt syn, berre våsut posering som sviv seg meir um forskrudd statusjag enn um å fremja det vene. Den britiske filosofen Roger Scruton hev laga ein framifrå dokumentar um venleik. Der viser han til at kunst tradisjonelt var ein freistnad på å finna og framheva det vene, ikkje nokon slags freistnad på å «sjokkera» og brjota tabu som ofto er i samfundet av sers gode grunnar.

Den vidkjende nordamerikanske sosiologen Robert Putnam peika i boki Bowling alone (2000) på at sjølve samfundslimen i vestlege land er åt å losna. Underskrivne kann ikkje sjå på moderne samtidskunst som noko anna enn eitt av mange uttrykk for dette, og eg mistenkjer Meisingset for å ha tenkt det same. «[Kunstverket] er et spark i de konservatives skinnlegg» (side 38), hevdar ein av kunstnarane som fær koma til ords i boki til Meisingset. Men kven er desse «konservative» i våre dagar, og kvar vart det av det konservative samfundet som dei skulde styra med jarnhand?  Det norske samfundet av i dag er tvert imot gjenomsyra av likskapstanken, og kunstnarar som verkelegt vilde «provosera og setja under kritikk» hadde havt nok å ta tak i her. Ein slik «provoserande konservativ kunst», hev denne bokmeldaren kor som er ikkje sett so mykje av. Ein kunde mest byrja tenkja at kunstnarane i dag hev heilt andre motiv enn kunstnarleg utfalding og «provoseringsynskje». Til dømes pengar og sosial godtaking, gjevne av ein liberal stat og elite…

Uppgjerd med likskapstanken er naudsynt
Kulturbudsjettet aukar stødt. Likevel ser ein ikkje at «folket» gjeng på teater for fulle hus. Helder ikkje renner dei ned døri på biblioteket for å skaffa seg til dømes den nye utgåva av Bibelen elder den nyss fullførde Nietzsche-umsetjingi. Det norske folket er sterkt kløyvt når det kjem til kulturell smak og kulturelt forbruk. Styresmaktene kunde ha valt å sanna at finkultur ikkje er for alle, men i staden hev dei valt å taka til dømes fotballen inn i eit «utvidet kulturbegrep». Det vert nær sagt låttelegt når den styrande kulturelle eliten sjølve tenkjer at dei er ein egalitær ikkje-elite, ein lekk av folket «på golvet»: «Å være en elite, er å ekskludere. Det gjør vi ikke. I Norge slutter vi oss til en egalitær ideologi som sier at alle egentlig er like» (side 57). Vidare slær han fast at: «Å være elite er ikke noe man kan velge bort. Har man mye makt i et felt, er man elite. Om man har høy økonomisk og kulturell kapital, representerer man en generell elite. Slik er det bare» (ibid). Her gøymer det seg kann henda ein løynd kritikk av Noregs største parti, Arbeidarpartiet. Det er lenge sidan dette partiet hadde tyngdepunktet sitt i arbeidarklassen. Det ser ein ikkje minst når dette partiet hev vore med og opna slusone på vidt gap for underbetalt utanlandsk arbeidskraft. Arbeidskraft som norske arbeidarar ikkje kann tevla med.

Det vert beint fram løgje når den same kultureliten møter seg sjølve i døri med sine eigne prosjekt, til dømes i spursmålet um «integrering og kultur»: «Da Aftenposten nylig spurte noen store institusjoner hvordan de klarer integrering, svarte DNO&B at de ikke vet, Nationaltheatret hadde en undersøkelse de ikke ville offentliggjøre, og bare Nasjonalmuseet hadde et svar: 3 prosent av deres besøkende hadde ikke-vestlig bakgrunn» (side 89). Med tanke på den demografiske stemneleidi i landet, tyder mykje på at det ikkje kjem til å verta ei greidare sak for kultureliten i framtidi å «samla folket under kulturfana»…

Meisingset segjer beint fram kva han tykkjer må vera løysingi på problemet: «Selv tror jeg det bare finnes én vei ut av uføret, og jeg er redd det høres ganske pompøst ut, men vi må ta et oppgjør med den egalitære ideologien» (side 59). […] «Vi kommer ikke unna det konservative argumentet: Vi støtter teater og opera mer fordi sjangrene bygger på tradisjoner som vi virkelig setter pris på i vårt samfunn. Ja, det er et argument for eliten, og ja, jeg mener sannsynligvis at det er sant fordi jeg er en del av eliten» […]. Hvis Riksteateret en dag sa at det er viktigere å utvikle godt teater for dem som er interessert enn å nå ut til flest mulig, ville det nok ikke blitt akseptert. Alternativet til spissing og kunstnerisk eksklusivitet kan tenkes å være kulturell samling i midten. Når kultureliten ikke tør å hevde sin eksklusivitet, lider kunsten under en ideologi som ikke anerkjenner dens egenart» (side 60).

Er det staten si uppgåva å sponsa kriminallitteratur?
Meisingset hev intervjua Knut Olav Åmås. Åmås syner til at den norske bokverdi fløymer yver av utgjevingar. Nordmenner les mykje bøker, heiter det som regel, men gjer dei i røyndi det? Nordmenner les mykje kriminallitteratur, er det nok meir korrekt å segja: Denne typen litteratur tek heile 86 av 100 plassar i topp 100-lista. Visst er det underhaldande nok å lesa Jo Nesbø, Stieg Larsson, Liza Marklund, Håkan Nesser og alle dei hine som ein finn nærsagt yveralt der ein snur seg, frå biblioteket til bensinstasjonen. «Folk flest» nyttar årevis på å lesa desse bøkene, men hev aldri lese ei sida i Fuglane av Vesaas, Victoria av Hamsun elder Faust av Goethe.

Det dubbelt tragiske med det heile er at dette slaget litteratur fær njota godt av den same innkaupsordningi og momsfritaket som den klassiske, norske og europeiske litteraturen som hev tyngd. Ein skulde tru Jo Nesbø sine bøker ikkje trong studnadsordningar for å selja i hundradetusunds næme. Det hadde derimot ei diktsamling på høgnorsk gjort. For målet med desse studnadsordningane er vel å auka kvaliteten og fremja den smale litteraturen, ikkje å få ut flest mogelegt bøker, skulde ein tru. «I så fall kan litteraturstøtten med fordel gjøres mer kulturelitistisk. Å lese bøker er noe de utdannede blant oss gjør mer enn andre. Folk flest er mange nok til å handle bøkene sine i markedet, i hvert fall når det gjelder bøker som er laget for å være bestselgere. De offentlige pengene bør i større grad gå til «finere» og mer spesialisert litteratur som færre leser» (side 116).

Ein actionfilm kann vera meir enn berre action…
Meisingset tek oss vidare på ei ferd gjenom film- og musikksmaken til «folk flest», med di han tek fyre seg dei store kinofilmane som Hollywood fôrar folket med (Superman og Matrix-seriane, for å nemna sume). Her vert det heile litt merkelegt, for det er likt til at Meisingset etterlet den kritiske sansen sin i døri, der han tidlegare var so etterrøkjande. Jamvel filmar um superheltar kann vera djupe og innehalda rike bilæte tufta i europeisk kultur, men Supermann-filmane er etter mitt syn ikkje det. Bokmeldaren tenkjer her på den siste trilogien um Batman som nyss vart avslutta, og som Meisingset nemner sjølv: «Hva er forskjellen mellom Batman-trilogien og Man of Steel? Folk flest vurderer dem ganske likt. Eliten, som ofte ser på folket med kjærlig omtanke, vurderer Nolas Batman-trilogi som åndelig føde og Man of Steel som McDonalds-kultur» (side 154). Bokmeldaren høyrer visst til filmeliten: Batman-trilogien er tufta på ein djup kritikk av moderniteten, og mykje av denne er nærsagt henta rett ut or dei tradisjonalistiske verki åt  René Guénon og felagane hans. Som ein kann tenkja seg so flaug denne bodskapen rett yver hovudet på dei fleste som såg filmane, men ein må likevel undra seg yver at desse filmane i det heile slapp i gjenom «sensuren» i USA, der dei hev sitt upphav.

Det kunde skrivast bøker um dei andelege og modernitetskritiske trekki ved Batman-filmane, men det same kunde ikkje akkurat gjerast um den våsute Supermann. Ein karakter som ikkje ser ut til å hava nokor djupare meining enn å målbera dei våte draumane åt ein spinkel og stakkarsleg teikneserieskapar som gjerne vil verta muskuløs og få drag på damone utan å ljota gjera noko for det. Ikkje akkurat eit uppbyggjande ideal etter klassisk modell…

…og countrymusikk kann vera meir enn berre country
Boki vert runda av med ein bolk um countryfestivalen på Breim. Meisingset byrjar samrøda med Aslag Haugen, songar og gitarist i Hellbillies. Det hugvekkjande med denne gruppa er nett det at dei sameinar sume høg- og lågkulturelle drag i den norske kulturen. Denne bokmeldaren ferdast kvar seinsumar til Ål i Hallingdal, heimbygdi åt Hellbillies. På desse sumarkonsertane møtest heile bygdi, attåt tilreisande både frå vest og aust. Pinsame innslag med fest og fyll finst det rett nok der med. Men det som ein fyrst og fremst bit seg merke i, det er den positive, lokale samhaldskjensla som bokmeldaren sjeldan ser andre stader i samfundet. Dessutan svalar det hugen når ein ser korleis denne gruppa maktar draga til seg alle ættleder, frå ungdomane til besteforeldri. At denne gruppa dessutan syng på eit målføre som ligg so nære høgnorsk som det nærsagt er råd å få det, det er helder ikkje til å kimsa av.

Den framifrå folkesongarinna Sigrid Moldestad fær runda av boki med ein song tufta på ei salma umsett av presten Peter Hognestad. Meisingset sette openbert pris på å konserten med Moldestad på countryfestivalen på Breim. Tankane han gjer seg kring denne folkekulturen er millom dei sterkaste i boki.

Tankar til slutt: Eit kløyvt folk
Det er hugvekkjande å fylgja Meisingset på ferdi hans gjenom kultur-Noreg, og bokmeldaren hev inkje anna val enn å tilråda denne boki utan noko slags atterhald. Ikkje av di ho gjev oss nokor løysing, men av di ho er eit godt utgangspunkt for det ordskiftet som eg og mange andre hev venta på. Meisingset maktar få tydelegt fram at me nordmenner framleis er eit kulturelt kløyvt folk. Skiljelinone kann ganga tvers gjenom familiar, grannelag, bygder, arbeidsplassar og organisasjonar. Mange av lesarane kjenner nok dette frå sitt eige liv.

Eit drag som denne bokmeldaren trur Meisingset burde ha sett litt meir på, det er den skortande norske adelen. Der ein i Sverike hadde eit kulturberande svenskt element ved adelen gjenom heile soga, so kvarv denne burt frå norsk jord, og vart – som ein veit – langsamt skift ut med ein tysk- og danskætta økonomisk, politisk og kulturell «adel». Dette forklårar nok mykje av det sterkt egalitære huglaget som Meisingset peikar på her til lands. Ein egalitær kultur som snøgt fær mange negative uttrykk, som med den sterke jantelovi.

Det finst nok ingen einfelde løysingar på den norske kulturfloken. Kor som er, eit godt utgangspunkt kunde vera at alle skal finna noko i kulturen dei kann finna glede, kveik og meining i, i staden for at alle skal dela den same kulturen. Dette siste er nok neppe mogelegt helder, skal ein døma ut frå endskapen på tiår etter tiår med denne målsetnaden.

S. Andresen

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!