Nest – Stemning, tradisjon og fantasi frå Finland

Det finst musikalske tildriv som skaper so sterke kjenslor og so kraftfulle mentale bilæte at dei tek oss med til ei onnor verd. Finske Nest er millom desse.

I våre moderne tider er dei fleste nøgde med å lyda til data-tilrengde upptak og syntetiske klangverk som er langt undan dei naturlege ljodane. Det er berre å skruva på radioen um ein skulde vera i tvil um det. Samstundes er det mange som søkjer seg attende til røtene, til djupare sanningar og klangar. Slik hev artistar henta eldgamle instrument fram att frå gløymsla og nytta deim til å laga musikk som kjem rett frå hjarta.

Plateumslaget på demoen ”Fabled Lore”, 2003.

Plateumslaget på demoen ”Fabled Lore”, 2003.

Nest frå Finland nyttar seg av det tradisjonelle finske kantele-instrumentet. Dei skaper ljodlandskap som tek lydaren med til stader inspirerte av nordisk natur, eventyr og segner. Dei vert med på ei musikalsk ferd, kann ein segja.

”A hidden pool amidst the woods where the otters come to play, an owl’s faint call echoing through the woods, sparkling waterfalls and vast snowcovered landscapes where the reindeer folk and wolves hold their domain. These are only some of the things with the atmosphere Nest strives to capture,” kann ein lesa på heimesida deira. Nest maktar å måla fram desse bilæti på ein framifrå måte. Einaste hjelperådi deira er kantele-instrumentet, saman med perkusjon og litt programmering – endå songane som regel er akustiske og ikkje elektroniske.

Kantelen er eit sers gamalt musikkinstrument som lyder mest som ei bjølla. Det er eit strenginstrument som ein kann plukka på. Det kann jamførast med eit hakkebrett eller ein zither. Til vanlegt hev kantelen 5 til 15 strengar. Soga um korleis kantelen kom i bruk er ei sers fin soga. I det finske nasjonaleposet, Kalevalaen, er det Väinämöinen som lagar den fyrste kantelen frå kjevebeinet på ein stor fisk og nokre hår frå ein hingst. Endskapen på det heile er at dyri frå skogen kjem for å høyra på den hugtakande musikken.

I den norrøne sogelitteraturen vert Finland ofte vist til som eit land der folk driv med magi. Trolli kjem frå Noreg, men dei hev fenge kreftene sine i Finland. Det finske tungemålet høver godt til messing. I soga um Harald Hårfagre kann me lesa um ei ovfager finsk prinsessa, Snøfrid Svåsedotter, som gifte seg med kong Harald Hårfagre. Når ho døyr er kongen so leid seg at han let henne liggja daud i sengi slik at han framleis kann sjå på henne. Ho vert verande ven og fager, dauden set ikkje noko merke på henne. Men når kongsmennene til slutt freistar flytja på henne, då vert forheksingi broti og ho rotnar, med alle slags ormar og øglor som kjem veltande ut or henne.

Når ein høyrer på Nest, so kjenner ein på den same magiske stemningi som når ein les Kalevalaen og Eddaen. Nest tok til å laga musikk i 1999. Den fyrste utgjevingi deira var demoen ”Fabled Lore”, som kom ut i år 2000. Den fyrste fullengdaren deira var ”Woodsmoke” (Trerøyk) frå 2003 på Corvus Records. Dei hadde melodiar med titlar som ”Call of the Wild”, “By the Healing Waters” og “The Silvershade Linx”. Det er høvelegt å skildra det som fredeleg og sumtid myrk musikk, men allvegen avslappande. Det er musikk som fører deg til dei stadene som musikken målar fram. Sumtid kann ein høyra einkvan kviskra i bakgrunnen, men for det meste er musikken utan nokon tekst eller vokal. Det er soleides eine og åleine instrumentbruken og arrangementet som skaper stemningi.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=rtJ3nPEhVd4]

Den neste plata som Nest gav ut er ”Trail of the Unwary” frå 2007. Musikken er stemningsfull som fyrr, men med ein vill understraum i songar som ”Hunt”, ”Moonbow” og Claw and Fang”. Under alt det rolege og avslappa so kjenner ein at det gøymer seg noko myrkt, og samstundes er det noko vent i dette myrkret.

[youtube https://www.youtube.com/watch?v=wE5_RIXuAHs]

Sidan den gongen hev ikkje Nest kome med fleire plator, men interessa for prosjektet er framleis stor. Ei bruktutgåva av ”Fabled Lore” er til sals for 60 Euro på netstaden Discogs. Kann henda litt meir påtrykk frå tilhengjarskaren er det som må til for å få dei til å koma med noko nytt?

M. Leo

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!