Torn Your Ties 2010

Artikkelforfattaren rapporterar frå den eksklusive Torn Your Ties-festivalen.

Er du leid av store Open Air-festivalar med hordar av skrikande fans og arrogante artistar? Då kanskje i draumane dine ein festival som Torn Your Ties…

SANY4424
Burtgøymd einkvan staden i ein skog, midt i Baden-Württenberg, spelar fem svartmetallgruppor ein laurdagskveld i slutten av august. Den eksakte reiseruta til treffpunktet vert gjeve i siste minutt – til einast dei serskilt inviterte.

SANY4429
Programmet gjev ikkje mykje tid til å keida seg, med steikt villsvin, den eine konserten etter den andre, utveksling av gamle og nye demotapes og andre slags subkulturelle effektar.

SANY4433
Gruppa Imperium Dekadenz var den siste til å spela, og presenterte millom anna materiale frå den nye plata si.

SANY4487
Etter den siste konserten var alle samla kring ein lægereld, både publikum og artistar, og festen heldt fram i ein venleg atmosfære fram til dei tidlege morgontimane.

O. Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2011. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!