Alex Kurtagic: -Kvifor eg skriv

Den britiske skribenten Alex Kurtagic hev tidlegare skrive den dystopiske framtidsromanen «Mister», og i artikkelen «Kvifor eg skriv» kjem han med ei grunngjeving for skribentverksemdi si som i mangt kann verka vel so dystopisk. Poenget hans burde likevel ikkje vera so vanskelegt å taka: Den største ressursen eit land hev, det er folket som bur i dette landet. Skifter ein ut folket i eit land, so stend ein samstundes i fåre for å skifta ut heile kultugrunnlaget for dette landet. Alex Kurtagic ynskjer ikkje dette.

Eg skriv sidan framtidi ikkje lenger er det ho pla vera.

Eg veit, av di eg hev livd i henne. Foreldri mine hadde jobbar yver havet på 1970- og tidleg på 1980-talet, og eg budde difor mykje av barndomstidi og den tidlege ungdomen min i Latin-Amerika. Venezuelanske skular – i alle fall på den tidi – lærde studentane sine at folket i landet var etnisk mangfelt, frå kvit til svart, med åtte fargetonar i millom. Skulebøkene slo fast at desse ti nyansane i hudfarge – kvar av dei med eit eige namn og definisjon – var resultatet av blandingsekteskap millom dei tri upphavlege folkeferdi: dei innfødde indianarane, dei spanske conquistadorane og dei svarte slavane. Utdaningssoga var ikkje verdiladd, men dei rådande tankane på grasroti hinta til at ein lauselegt verdsette folks sosial status etter dette hudfargekartet: dei kvite var på toppen og dei svarte på botnen. Ikkje yverraskande var dei kvite rike og i maktstellingar, medan millionar av dei myrkletne var vesale og budde i slummen. Å vera bleik var umtykt millom kvinnor som vilde vera  fine. Likevel, det var ingen openberr fiendskap millom rasar som låg i lufti, um ein ser burt frå ein og annan slengmerknad på leikeplassen: på utsida åt dei avstengde grannelagi fann ein det etniske mangfeldet yveralt i kvardagslivet, og det vart godteke som ei kjensgjerning.

favelaFor nokre år sidan vart det på moten i den vestlege mediaklassen å henta hugskot frå den venezuelske grannen, Brasil, ein såg på Brasil som eit paradigme på framtidi. Alt brasiliansk vart dinæst fremja som moro, fargerikt, sensuelt og eksotisk. Ynskjet um å ein dag «vitja Sør-Amerika» vart eit umtykt memetisk utfall hjå britiske kvinnor. Likevel, dette mildt sagt påpynta bilætet på det fleiretniske – bilætet på det tropiske paradiset, som Kuba, men med meir pengar – var fullstendig på tvers av den røyndi eg hadde upplivd tiår tidlegare, då tilhøvi var mykje betre enn dei er no. Det er eit tydelegt døme på falsk reklame: den framtidi som vert fyrebudd for oss av riksstyret, lærarkreftene og pressa er langt frå paradiset.

Å liva i framtidi gjer deg sers upprådd: du lyt halda ut med straumbrot jamt og trutt, og med voltstyrken gjeng det både upp og ned. Byråkratiet stend vedvarande stilt, med mindre du hev vener, skuldfolk elder pengar å stikka i dei naudsynte nevane. Det du eig kann heile tidi råka ut for innbrot, ransmenner elder lommetjuvar, med mindre du held deg innanfor avstengde grannelag og vernar bilen og eigedomen din med alarmar, jarnstengjer, gitter, armerte dører og kombinasjonslåsar.

Ingenting verkar som det er tiltenkt: infrastrukturen er låk, utdatert, forfallen, øydelagd, vandalisert, burte, ikkje bygd enno elder heilt utelaten; pengane dine kverv millom nevane dine, dei vert offer for høg inflasjon elder hyperinflasjon: 90 % av medborgarane dine er vesale, riksstyret er so uskikka og so korrupt at ein revolusjon og ein bolk med militærdiktatur –  oftast med kommunistisk ideologi – alltid er rett rundt hyrna. Bur du i ein by og denne hev kollar rundt, so er desse dekte med slummar og brakkebyar.

Ein hang til å vera sløg, til å svindla og til å skofta – og eit etos av kortsiktig eigenkjærlege fyremoner – sigrar yver intelligens, ærlegdom, hardt arbeid og langsiktige fyremoner. Vegar er dårlegt vedlikehaldne, sprokne, holute, dårlegt upplyste (um dei er det), og ovfårlege, serskilt um notti: bilar er ofte brølande rustbyttor og førarane deira meir ufattelegt sjølvgode, barnslege og pågåande enn ein skulde tru; bilførarar som køyrer med vindaugo nede vert trulegt rana elder fær vassbombor kasta mot seg medan dei ventar på trafikkljosi. Det er hevdvunne at universitetsstudentar vert tekne på den fyrste studiedagen, då slær eldre medstudentar til med egg, måling, pryl og hårklypp. Militærtenesta er alltid obligatorisk.

20121012-EH img_5832.compresseArbeidskonfliktar i industrien fører til trugsmål og bøllor som fylgjer etter sjefar på motorvegen, og dei rådande tankane er kor som helst at du er skuldig til dess det motsette er prova, ein lygnhals til dess det er prova at du er ærleg, ein døgenikt til dess du vert rekna for kunnig – og ein svindlar til dess du provar at du er ein mann med verkelege givnader og arbeidsvilje. Ein kann stytta framtidi ned til gjerandsløysa og dugløysa, der der middelmåtige hev sigra og knust og strypt kvalitetsmåli. Kvalitet varar einast nokre sekund fyre det vert stole elder rive sundt av ein menneskjeleg marabunta [1] med flirande idiotar, umsutlause desperadoar elder  ein gjeng småkriminelle.

Kvaliteten på ein nasjon vert til sjuande og sist avgjord av kva slags menneskeleg kapital han hev til rådvelde – i siste instans nasjonen sine institusjonar, styresett, næringsliv, moral og effektivitet. Og med kvart som demografien vår vert meir og meir lik den til den tridje verdi, so kjem det som eg nyss hev greidt ut um til å verta meir og meir vanlegt, det med. Heilt til dess at det ein dag hev vorti normi.

3202091247_1_2_P4ZmpdcJEg ynskjer ikkje dette.

Likevel, eg er yvertydd av dei provi eg hev sett: Provi på ein langvarande nedgangsbolk hjå folkeslag av europeisk upphav. Eg ser prov på intellektuell svindel i moderne akademia  i saker som gjeld europeisk soga og identitet. Eg ser prov på uærleg rapportering i massemedia i saker som gjeld etnisitet og innvandring. Eg ser prov på ein korrupt politisk elite som arbeider idugt imot interessone til folket dei vart valde til å vera talsmenner for. Provi på ei aukande sjølvhevding hjå etnisk definerte gruppor med rasistiske haldningar rette mot innfødde europearar. Eg er yvertydd av provi på at eit samanfall med den tridje verdi er det me gjeng mot i Europa, Nord-Amerika og andre stader.

Det eg hev sett tyder på at framtidi er so grim at det verkar helder dumt å uroa seg for å verta kalla utnamn i dag, når prisen for å ganga utanum er evigvarande gru i morgon. Kvar ei fyrebels sosial mistilpassing elder ulempa som fylgjer av det å ytra seg i dag kjem aldri til å vera so gale som det som kjem i morgon dersom me berre tegjer stilt. Ikkje berre av di det kjem til å vera ille, men av di vanstoda kjem til å verta endeleg og ikkje til å endra.

Det kann godt vera slik at det fullenda samanbrotet ikkje kjem fyrr etter eg er burte. Endå det skulde taka so lang tid, endå det kjem til å påverka meg mykje mindre enn deim som kjem etter meg, so ynskjer eg ikkje å verta mint som ein ryggradslaus «vyrdeleg konservativ». Ein som heldt munn og let det heile skje av di han var for redd for å verta kalla det eine elder det andre av veikingar, kriminelle, skrullingar elder dei eitrfylde hatarane av det europeiske menneskjet som gjorde verdi til det ho er. Jamvel um me når det vinstrevridde dystopiaet – verdi frå Mister [2] – i mi livetid, so ynskjer eg å vera i stand til å segja til mine born og barneborn at eg gjorde alt eg kunde for å hindra det. Det treng vel ikkje um å verta sagt, men eg skulde helder ynskja eg slapp å gjeva dei nokre forklåringar i det heile – at eg helder skulde fortelja dei at me hadde ovstore strukturelle vanskar i epoken etter den andre heimskrigen, men at me tok hand um deim og at alt enda godt til slutt.

amiens-voiture-brulee-echauffourees-10749252hodwf_1713Det er underlegt for meg at so mange av mine europeiske skuldfolk ser ut til å bry seg so lite um den kulturen og sivilisasjonen som forfedrane nytta tusundtals år på å byggja upp. Kanskje er det av di dei tek honom for gjeven, av di dei er ukunnige, av di dei vantar kunnskap eller ikkje hev den rette utdaningi, av di dei er so upptekne av deira eigne småe syslar at dei ikkje ansar på kva som hender ikring deim elder av di europeisk sivilisasjon hev vore so mektig i so lang tid at dei ikkje kann fyrestilla seg at han bryt saman og kverv burt? Sumtid er det sanneleg av di dei er redde: redde for å verta frosne ut, missa jobben elder livsverket – det er greidare å låst som den utrivelege røyndi dei bit seg merkje i elder høyrer um på onnor vis, at det ragnarokaktige framtidssynet som vert spådd av folk som oss, einast er dei vanvituge rangfyrestillingane som er mana fram av ein røyndomsfjerr utkantsklikk – at me alle er likeverdige, og at menneskje av alle slag berre treng like mengder mat og varme, og so kann dei skapa den same filosofien, musikken, vitskapen, litteraturen og alt det andre som me hev fenge, like mykje og like godt.

Dette er underleg for meg, for det verkar helder openbert for nærsagt alle andre på Jordi at det europeiske menneskjet hev skapa ein ovleg attråverdig sivilisasjon. Dei set større pris på det me hev enn mange europearar gjer. Dette er grunnen til at innvandrarar helder vil døy hjå oss enn venda attende heim, noko som so med ettertrykk er vorte klårt av dei millionane som set livet på spel, og finn seg i kvar ei audmjuking, kvart einaste år, for å vera i stand til å nå våre kystar og få ein bit av det europeiske Eldorado – her i Europa, i Nord-Amerika, i Australia og på New Zealand. Dei kan mest sannsynleg ikkje tru øyro sine, i det dei høyrer våre politikarar, akademikarar, mediafolk og liberalarar signa dygdene til multikulturalismen. Dei kann truleg ikkje tru kor tur dei hev, og samstundes ikkje tru kor dumme me er som gjev det heile burt so fritt og so lett – sjølv til det punktet at ein gjeng til åtak på, forfylgjer, påtalar, bøtelegg og kastar i fengsel dei fåe som openlyst tek bladet frå munnen og kjem med motlegg.

gignTil liks med mange av mine samtidige, so hev eg funne meg sjølv livande i ei sjuk verd. Likevel er det lett å sjå at det er ei årsak og eit smittepunkt, og at i augeblinken, endå um smitta hev spreidd seg vidt og breidt, so kann sjukdomen framleis med hell verta heila: liberale utopistar, korrupte karrierejegerar, radikale etniske – er vortne kjende og lokaliserte. Endå um det å finna kuren kann krevja at ein granskar saki og at ein må setja av rikeleg av tid til arbeidet, mod og innsats, so er kuren innan rekkjevidda for intelligente sinn. Eg er kanskje ikkje i stand til å retta upp att helsa til den europeiske organismen åleina, men sidan naturi hev vore raus med meg, so kjenner eg at det er mi borgarplikt å leggja fram tilfang til dette  arbeidet. Eg vonar at eg kann nytta skaparkrafti mi til å lata denne verdi etter meg i litt betre stand enn slik eg møtte henne.

Dette er grunnen til at eg skriv.

Alex Kurtagic

1. Her     av maur, umsetjar sin merknad.    

2. Dystopisk     roman av forfattaren til artikkelen: Mister     / Alex Kurtagic. – London : Iron Sky Publishing., 2009 – 552 s.     ISBN ISBN 978-0-9561835-0-7     (ib.)