Fensal frå leikarring til boksering

I helgi som gjekk var det for fjorde gongen duka for «Fight-Festival» i Fensal i Bergen. Det er ein festival der unge atletar frå kampsportmiljøet fær bryna seg mot kvarandre. Adrenalin-nivået var høgt og stemningi god når slåstkjempor frå Noreg og England braka saman.

Det var ei tid då målfolk stod saman i kampen for det norske målet. Stridane og sigrane var mange. Seinare vart dei mest upptekne av å kjempa mot kvarandre, framfor alt um kva slags rettskriving som skulde nyttast. Gode, gamle Fensal var åstad for mange av desse kampane. Kor som er, alt dette er lenge sidan no. Bondeungdomslaget i Bergen hev slege seg saman med Ervingen og flutt yver i Gimle, og norskdomshøgborgi på Fensal er vorte til Bergen Internasjonale Kultursenter.

Fredag 4. oktober gjekk det endå ein gong på nevane laus i den gamle norskdomshøgborgi, men denne gongen i litt meir kontrollerte former enn det gjorde utanfor Gimle under årsmøtet i Bladmannalaget for ti år sidan.

fight1Festivalen hadde ei ymserikt kampuppsett, med både boksing, kickboksing og MMA-fribryting. Ei gruppa kampsportutøvarar frå England hadde teke turen til Bergen i samband med festivalen, og kampane var organiserte slik at det heile tidi var ein norsk og ein engelsk utøvar som gjekk mot kvarandre.

fight2Motstandarane helsa fyrst respektfullt på einannan. Dinæst gjekk dei laus på kvarandre med både slag og spark – og til slutt tok dei einannan atter i hendene og var vener og forlikte. I kampens hete gjeld det um å gjeva alt, men til sjuande og sist sviv det seg meir um å gjera ein god kamp enn å vinna.

fight3Det var ei frygd for auga å sjå det høge nivået som kampane vart førde på. Både boksing og fribryting er harde kontaktsportar som krev det maksimale av utøvaren, både fysisk (styrke, kondisjon) og mentalt (disiplin). Hadde målfolket framleis havt litt av den kampviljen som me såg i Fensal denne helgi, so hadde bokmålsveldet vore nede for teljing for lenge sidan.

Olav Torheim

(Takk til etphotography som lånte oss bilæti)