Ygg: Ukrainarar med sans for det nordiske

Ei ny svartmetallgruppa frå Ukraina hev sett dagsens ljos. Ygg kallar dei seg, og som det skulde gå fram frå låttitlar som “Urd, Verdandi og Skuld” eller namnet på gruppa sjølv (Ygg er eit anna ord for Odin), so er det emne frå norrøn mytologi som er temaet for plata.

Ygg er ein kjenning for Odin. Han hekk nie netter på Yggdrasil og vart såra med eit spjut. Det ukrainske metallprosjektet Ygg spelar på dette og mange andre tema frå norrøn mytologi.

Ygg er ein kjenning for Odin. Han hekk nie netter på treet Yggdrasil (Odins hest eller Odins galge) og såra seg sjølv med spjutet sitt. Det ukrainske metallprosjektet Ygg spelar på dette og mange andre tema frå norrøn mytologi.

Millom dei som er med finn ein millom anna tidlegare medlemer i kjende gruppor frå same land som Nokturnal Mortum og Khors. Ventnadene var difor store då eg for fyrste gongen let albumet med same namnet som gruppa få snurra i platespelaren.

Og eg vart ikkje vonbroti. Heile sju spor er det på plata, og alle hev sitt. Tunge og seige riff byggjer seg langsamt upp gjenom dei ulike låtane, og jamvel um kvar song i varar 7-11 minutt, so vert det aldri uttværande, takk vere alle dei fine nyansane som ein med ei trena øyra kann fanga upp. Varsame innslag av munnharpa, tangentfjøl og bylgjebrus (!) gjer sitt til å byggja upp den sereigne stemningi på plata. Det må elles segjast at riffi i låta “Krov” (Blod) hev nam i seg til å gjera låta til ein aldri so liten “øyreorm».

Ornella Winter

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!