Den høgnorske livbåten

Kva er vitsen med å gje ut eit blad som Målmannen og kva er det Målmannen skal skriva um? Finst det tema som er altfor politiske for eit målblad eller er det snarare slik at det er avpolitiseringi av målsaki som hev gjort at målreisingi hev stogga upp?

Det største problemet for målrørsla er at folk flest tenkjer at språk ikkje er noko viktugt. “Språk er kommunikasjon”, heiter det. Eller: “Me forstår då kvarande i Noreg…” Det finst folk som i fullt ålvor meiner at språket i Noreg kunde ha vore engelsk eller arabisk eller kinesisk, og likevel hadde alt vore som fyrr. Ingenting hadde vore endra, trur dei.

Slutt deg til oss fyre båten er full!

Slutt deg til oss fyre båten er full!

Kor som er, slik er det ikkje. Professor Frode Jens Strømnes gjorde i si tid eit banebrytande arbeid med å ettervisa vitskaplegt at språket svarar til ei serskild fyrestellingsverd, ein serskild måte å forstå og modellera verdi på. Språket set grensor for korleis me kann tenkja, sansa og forstå ting på. Olav Torheim ser nærare på dette i eit stykkje som tek fyre seg Strømnes si forsking på språk og mentale modellar.

Denne innsyni fører til at det ikkje berre er fritt fram for å spreida kulturar, idear og teknologiar tvers yver alle landegrensor. Ein kann tenkja seg at det finst måtar å tenkja og liva på som høver betre for oss enn det gjer for andre. Å arbeida for å verna um norsk språk gjeng soleides hand i hand med tanken um å halda fast ved eit visst sett med verdiar og fyrestellingar, førde vidare frå ættled til ættled av forfederne våre. Dette heiter ikkje at me skal stengja oss ute frå umverdi, men at me skal kunna nytta oss av impulsane frå umverdi på våre eigne premissar. «Dei største Tankar vi altid faa af Verdens det store Vit; men desse Tankar dei brjotast maa lik Straaler af Soli, som altid faa i kver si Bylgje ein annan Lit» (Aasmund Olavsson Vinje).

Noreg er i stor endring, og masseinnvandringi er ein av motorane i dette. Globaliseringi grip inn i det norske samfundet på alle umkverve. Korleis kjem Noreg til å vera um 25 år? Jamvel um norske kvinnor einast fær 1,8 born, so hevdar NHO at det kjem til å vera 7 millionar menneske i Noreg um 25 år. Det kjem fleire menneske til Noreg kvart år enn det vert fødde born! Sentraliseringi og presset i storbyane heng beinveges i hop med den store innvandringi til Noreg. Me hev ikkje tid eller råd til å gjera det heile til eit einspora spursmål um islam, me må våga sjå heile det store bilætet. Dette tek me fyre oss i artikkelen “Innvandringsordskiftet treng perspektiv”.

Korleis skal det gå med Noreg?

Um 25 år må ein rekna med at oljealderen er forbi, og det er god grunn til å spyrja seg kor mykje industri som framleis er på norske hender og kor mykje produksjon det er som i det heile kjem til å gå fyre seg i Noreg. Land som Kina kjøper seg inn i både svensk bilindustri (Volvo) og norsk prosessindustri (Elkem), og det er av di dei vil ha tilgang til teknologi og kompetanse – ikkje av di dei hev store planar um masseproduksjon i høgkostlandet Noreg. Innovasjon og nyskaping er trylleordi som skal sikra norsk industri i framtidi, gjerne med flotte konsept um utviklingsprosjekt i Noreg og produksjon i Asia, men me ser alt no nøgdi med døme på at dette berre er fyrste steg mot at heile verksemder vert flutte til utlandet. Det burde vera nok å nemna Nera Networks, som gjekk frå å vera ei fullskala utviklings- og produksjonslina i Bergen med tusundtals tilsette til å verta eit salskontor med 40 salskonsulentar. Asiatane er ikkje dummare enn oss, og dei er viljuge til å arbeida 12 timar um dagen der me er vortne vande med å vera på jobb frå 9 til 4…

I innvandringsordskiftet plar meiningsmotstandarar å slå kvarandre i hovudet med ymse slags forskingsrapportar. Sume segjer at utan arbeidsinnvandring stoggar Noreg, andre fortel at heile oljeformua kann gå tapt som fylgja av dei nye byrdene som innvandringi legg på velferdsstaten (Brochmann-utvalet). Spursmålet ein må stella seg er kva slags innvandring det er me talar um. Når det kjem til ikkje-vestleg innvandring, er det åt å verta godt dokumentert at ho kostar meir enn ho smakar. Til dømes er det 36.000 somaliarar i Noreg, millom dei som er i arbeidsfør alder er einast 27 prosent i lønt arbeid. Det er tal som ikkje let seg trylla burt, og som me alle fær kjenna på lummeboki når det heile skal finansierast yver skattesetelen.

Eit reknestykkje som ikkje gjeng upp

Fyrr eller seinare lyt ein anten auka skattane, eller so lyt ein byrja skjera ned på rause velferdsordningar. Skal ein kutta burt heile tenestor eller skal ein skjera jamt med ostehøvel til dess at ein fær eit elendig tilbod yver heile lina? Det som er sikkert er at ei slags amerikanisering kjem til å pressa seg fram der kvar og ein fær ta seg av seg og sine. Alternativet er at Noreg vert eit slags India, der dei offentlege tenestone er vortne lågterskeltilbod som einast er attraktive for dei som ikkje ikkje kann kjøpa seg fram i køen med private tenestor og forsikringstilbod.

Heile den varsla kommunereforma som styresmaktene vil pressa igjenom ber bod um eit meir sentralisert Noreg, og med ei stor gjenomstrøyming av menneske, varor og kapital. Stat og kommune skal yvertaka tenestone åt fylkeskommunen, men alt i dag er det eit problem at staten gjev kommunane arbeidsuppgåvor utan at dei vert tilførde tilsvarande økonomiske ressursar. Resultati kjenner me: Kommunane vert nøydde å finansiera barnehagar og vegprosjekt med usosiale avgifter som bustadskatt og bompengar.

Vidare so ser ein at mange ordningar som bygde på tillit er under press i det nye Noreg. Til dømes er det vorten rådande politikk å få flest moglegt eittåringar inn i barnehage, dette for å “betra integreringi”. Dette vert gjort med universelle åtgjerder som gjer livet vandslegt for alle som ynskjer å organisera tilværet sitt på andre måtar. Kvar vert det av fridomen til å velja sitt eige liv? Kann henda det liberale samfundet ikkje er so liberalt likevel når det kjem til stykkjet? Er skattar og avgifter ein måte å straumlineforma andre sitt liv på? Martin Eggum dryfter dette og andre spursmål i stykkjet um “det barnehage-industrielle komplekset”. Likeins tek Olav Torheim fyre seg dei prinsipielle sidone ved bompengar og bustadskatt.

Eit livande, høgnorsk alternativ

Målmannen er ikkje her for å spreida mismod, men me gjer oss helder ingen illusjonar. Noreg kjem til å vera eit heilt anna land um 10-20 år enn det er i dag. Framfor å klynga seg til draumar um ein sosialdemokratisk velferdsstat som snart er soga, so freistar me skapa ein informasjons-infrastruktur for nordmenner som sjølve vil skapa noko. Me vil driva fram upptak som stend på eigne føter. Maktar me dette, so hev me samstundes noko som me i neste umgang kann tilby andre. Det kjem ikkje til å verta eit lågterskeltilbod for alle, men ein eksklusiv høgnorsk dagsetel for dei uppegåande og arbeidsføre.

På same måten som ein norsk bonde berre kann gje upp å vera tevlefør med utanlandske produsentar når det kjem til standardprodukt som storfekjøt og margarin, so er det nyttelaust å arbeida for den bokmålsutvatna Hellevik-nynorsken. Nynorsken er for dårleg og målfolk flest hev for dårlege argument, og fylgjone ser me til dømes i randsonone kring Bergen. Det nynorske Titanic-skipet gjekk på isfjellet i 1938, og vassmassane held berre fram med å strøyma inn. Medan orkesteret held fram å spela, so set me den høgnorske livbåten på vatnet. Slutt deg til oss fyre båten er full!

Olav Torheim