Det nasjonale argumentet er det beste argumentet

Leidar i Riksmålsforbundet, Trond Vernegg, hev eit innlegg på prent i Dagbladet den 7. juli 2015 der han hevdar bokmål og nynorsk båe er like mykje norske. «Selv om språkhistorie er interessant, befinner vi oss i 2015. Riksmål er ikke dansk,» skriv han.

Um artikkelforfattaren sitt poeng hadde vore at både bokmål og nynorsk er språk som hev fenge hevd og tradisjon i Noreg, og som er komne for å verta verande, so er det sikkert mange som kunde ha sagt seg samde. Kor som er, det stoggar ikkje der for Vernegg:

«Vi vil at målformen for statsansatte innen et fylke ikke skal avgjøres ut fra hvilken målform flertallet av kommuner i fylket velger, men ut fra målformen for flertallet av innbyggerne»…

Noreg vert stødt meir sentralisert, og folketalet i storbyar som Bergen berre aukar på. Ei av drivkreftene for denne storbyekspansjonen er framfor alt ei massiv innvandring til Noreg, der flestalle endar som bokmålsbrukarar i dei store byane. Um målformi i eit fylke skulde vurderast ut frå kva slags mål det er fleirtalet av menneski i fylket nyttar, og ikkje ut frå fleirtalet av kommunane i fylket, so hadde det snart vore farvel til Hordaland som nynorskfylke på det sentrale Vestlandet. Ein vilde sitja att med Sogn og Fjordane, som det i samband med den varsla kommune- og fylkesreformi hev vorte teke til ords for å leggja ned.

"Dersom jeg skal si min personlige mening, saa er den norske maalreisning berettiget. Det sprog vi taler og skriver er jo dansk. Det gaar ikke an at nægte det". -Kong Haakon VII til Norsk Barneblad i 1933.

«Dersom jeg skal si min personlige mening, saa er den norske maalreisning berettiget. Det sprog vi taler og skriver er jo dansk. Det gaar ikke an at nægte det». -Kong Haakon VII til Norsk Barneblad i 1933.

Trond Vernegg polemiserar imot dei som hevdar at bokmålet er “dansk”, men kven er dei som meiner dette? Det som derimot er ei kjensgjerning er at nynorsk og bokmål målber tvo vidt ulike tradisjonar: Nynorsken, skriftfest av Ivar Aasen, er tufta på norske målføre som stend i ei ubroti lina attende til gamalnorsk – ein kallar det nynorsk for å skilja det frå gamalnorsk og millomnorsk som er dei tvo tidlegare stadia som norsk talemål hev vore igjenom.  Bokmålet er derimot tufta på Knud Knudsen sitt prosjekt med varsam tillemping av dansk mål til det ein kalla for «dannet dagligtale» – norsk uttala av dansk skrift. Knudsen sitt prosjekt vart faktisk møtt med sterk motstand frå riksmålshald, det var fyrst då nynorsken tok til å pusta det danske målet i nakken at prosjektet med å reformera dansken fekk vind i segli: Fram til den fyrste rettskrivingsreformi i 1907 var det ingen skilnad millom riksmål og dansk i det heile, og danske bøker vart ikkje umsette. Dansk-norsk, kann ein med rette kalla riksmålet for.

Dei som er i tvil um kvar dagsens bokmål hev det historiske tyngdepunktet sitt, kann til dømes blada litt i «Våre arveord» av Harald Bjorvand og Fredrik Otto Lindeman. Eit lite mindretal av bokmålsordi vert forklåra med at dei hev upphav i norrønt, medan flestalle uppslagsordi elles vert forklåra med at dei er «lån» frå «gammaldansk». Må ein ikkje til slutt spyrja seg um det snarare er dei fåe norskrøtte ordi som er lånte inn i eit språk som udiskutabelt hev røtene sine i dansk?

«Du skriver like norsk som meg. Jeg skriver like norsk som deg. […] Ditt språk er like mye verdt som mitt. Mitt språk er like mye verdt som ditt.» Her er det openbert at Vernegg blandar i hop lik verdi med lik nasjonalkarakter. Kven er dei som meiner at norsk mål er meir verdt enn det danske – eller meir verdt enn engelsk eller kinesisk for den saks skuld? Me treng alle dei ulike språki, og då må nokon faktisk bruka dei. Det språket som nordmenner fyrst og fremst hev skyldnad til å taka vare på er vårt eige nedervde norske språk. Riksmålsforbundet arbeider derimot for å halda bokmålet nærast moglegt til det danske utgangspunktet.

Det Vernegg tek til ords for er å marginalisera nynorsken ut frå eit reint liberaldemokratisk perspektiv der nynorskfolk alltid er i mindretal og difor aldri skal ha noko dei skulde ha sagt. Diskusjonen um bokmål/nynorsk skal altso flytjast burt frå kvalitative vurderingar og argument um kva slags språk som ut frå historiske, sosiologiske, ideologiske og politiske grunnar er det mest høvelege å nytta i Noreg – og yver til ei reint kvantitativ konstatering av at bokmålet vert nytta av flest og difor hev krav på å få ekspandera på kostnad av nynorsken.

Det er ikkje ein invitasjon til å gjera slutt på målstriden som Vernegg kjem med, det er eit krav um at målstriden skal førast vidare på riksmålsfolk sine premissar. Nynorskfolk skal få kjenna på presset frå bokmålet av di me er i minoritet, jamvel langt inn i våre eigne kjerneområde på Vestlandet, og samstundes skal bokmålsfolk ha seg fråbedne å høyra at dei nyttar seg av eit mål som hev upphavet sitt i dansk. Ein vil altso ha bukti og båe endane, medan motparten skal tegja.

Nynorsken var i si tid nær ved å slå igjenom som eit fullgodt språk for heile landet. Skulemålsprosenten auka jamt gjenom heile millomkrigstidi, og toppa seg med 34 prosent i 1943/1944. I dag er det ikkje til å koma i frå at nynorsken er eit mindretalsmål. Nett difor treng nynorsken kvalitetar som uppveg dei ettermunene det inneber å vera ein språkleg minoritet. Dei historiske og nasjonale argumenti er dei beste argumenti me hev for at nynorsken hev tilværeretten i Noreg. Det var det som var grunnen til at nynorsken vart til den gongen dansk mål rådde grunnen i Noreg, og det er ikkje vorte noko dårlegare argument i våre dagar. Tvert imot, i mange sektorar og næringar er det i dag engelsk mål som rår – um dei i det heile vert verande i Noreg og ikkje flaggar ut til lågkostland i Asia. Kvifor ikkje nytta ekte norsk på dei umkvervi der det framleis er høve til å nytta norskt mål?

Bokmålsfolk er i fleirtal, men å ha fleirtal er ikkje det same som å ha rett. Vernegg sitt innlegg er ei påminning um at målstriden ikkje er forbi, endå um mange sovande målfolk let til å tru det. Det at nynorsken er eit rotekte norskt mål er det beste argumentet me hev i møte med bokmålsveldet. Når Vernegg vil bjuda upp til dans, so er det upp til oss å velja skor…

Olav Torheim