Intervju med Frakass

Frakass er ei gruppa som Målmannen alt hev teke fyre seg ved eit par høve, hyperaktive som dei er for tidi både med plateutgjeving og konsertar. Då Målmannen sende epost med spursmål til intervju, kom svaret frå Michel ei snaud vika seinare – saman med orsaking for det “seine” svaret. Det hadde ikkje late seg gjera å svara tidlegare, for han hadde i millomtidi vore  i Sudvest-Frankrike for å spela inn eit nytt album, han hadde gifta seg og han hadde vore i England i samband med ein konsert. Det er med andre ord tala um ei gruppa som hev nok av jarn i elden.

   1-Heilt til å byrja med, kunde du ha fortalt litt um Frakass til dei av lesarane våre som enno ikkje kjenner til gruppa?

Frakass vart skipa i 1986. Dei som var med i gruppa var i snitt femten år gamle. På den tidi gjorde ikkje gruppa anna enn å spela andre sine låtar, og me rekna ikkje med at Frakass skulde verta ei gruppa som stod på eigne føter. Fyremålet var ikkje anna enn å skapa god stemning i festlege lag millom unge rebellar i kvartalet vårt, ”Les Etats” (det er eit ovstort kvartal i Lyon, styrt som ein liten by for seg sjølv). Desse konsertkveldane samla på lag 60 personar (punkarar og rockarar) der kvar og ein kunde få ut sinnet sitt.

Frakass

Frakass: Fransk nasjonalist-rock

I 1989 byrjar me skriva våre eigne songar med titlar som ”Ni rouge ni mort” (Korkje raud eller daud), ”Légitime défonce” (Naudverje), og so burtetter. Men gruppa gjekk i uppløysing. I 1994 valde eg å skipa gruppa upp att etter tildriv frå plateselskapet LUG Records og ymse vener frå ”Les Etats”. I 1995 so gav me ut den fyrste demoen vår, og tri spor derifrå er å finna på samleplata ”France Explosion 2”. I 1997 gav me ut den fyrste plata vår, ho speglar av desse fyrste harde åri.

   2-Korleis vil du skildra den nasjonale musikkscena i Frankrike?

Den nasjonale musikkscena i Frankrike greider seg etter måten godt og held seg stabil. Jamt og trutt dukkar det upp nye gruppor, so framhaldet er sikra.  Men eg veit reint ålment at gruppone i Frankrike er flyktige, og dei hev soleides vandt for å skriva seg inn i soga. Det er eit typisk fransk problem.

   3-Kva er det som hev kveikt deg til å laga musikk? Eg tenkjer her både på melodiar og tekster. Kva for musikkgruppor hev vore dei viktugaste påverknadskjeldone dine?

Me freistar framfor alt å koma upp med upphavstrugne tonediktingar og få fram vår eigen stil, men me er samstundes sterkt påverka av andre gruppor som me hev vore lydarar til: L’infanterie sauvage, Camera silens, Komintern sect, og so burtetter, for Frankrike sin part. Av utanlandske gruppor gjeng det mykje i britisk gatepunk, so lat meg til dømes få nemna The Exploited.. Inspirasjonen til tekstene hentar eg frå lesestoffet mitt, og det spenner seg frå F. Nietzsche til Platon, og dessutan ymse slags politiske verk. Eg er på same måten hugteken av den europeiske mytologien. Men tekstene er fyrst og fremst kveikte av det politiske og sosiale livssynet mitt. Eg plar segja at eg les aldri ei bok som ein bibel, og eg smir mine eigne meiningar.

4-Frakass hev upp gjenom åri gjenge i etter måten mange ulike musikalske stemneleider. Kva meiner du er den beste plata som de hev gjeve ut og kvifor nett denne?

For kvar gong som me kjem ut med ei ny plata so tenkjer me at denne er den beste. Men i ettertid vil eg ikkje segja at me hev nokor serleg fyrsterangslåt når det kjem til dei platone som me hev gjeve ut.

   5-Kva tankar gjer du deg du um den kulturelle og åndelege arven me hev i Europa? Kor viktugt er det å halda denne i live?

Den kulturelle og åndelege arven til Europa gjeng i våre dagar i uppløysing og er vorten sleppt ned av fleirtalet av europearar- og det tener folk som ikkje hev noko å fara med og dei gjeng hand i hand med den etniske utvatningi (”metissage”) i Europa. Den åndelege stoda i Europa er ikkje noko anna enn restar av ein religion som alt for 2000 år sidan skipla dei europeiske kjerneverdiane. Den kulturelle og åndelege arven åt eit folk er berre levefør um dette folket vil vera til. I motsett fall so misser det røtene sine og sjeli si, og då er det ikkje lenger for eit folk å rekna. Difor er det so viktugt å halda i live den kulturelle og åndelege arven vår.

   6-Kva er det som ein kann venta seg av Frakass i framtidi?

Me hev nyss gjort oss ferduge med den sjette plata vår, som skal koma ut i februar 2013 (intervjuet vart gjort i 2012, red.). Og me arbeider nett no med det sjuande, der me alt hev skrive eit par låter. Soleides er Frakass-eventyret langt frå budd på å koma til ein ende. Gruppa er meir samansveisa enn nokon gong.

   8-På den siste plata dykkar, «L’appel des dieux” (Kallet frå gudane) er det ei låt som under titelen ”Aux armes” (Til åtak) tek fyre seg den triste røyndomen som me uppliver i dag. Um framtidi åt Europa, kva tenkjer du?

Mediemakti og den intellektuelle meiningsterroren er slik at dei europeiske folki ikkje er reiduge til å vakna upp. Den einaste utvegen som me hev att er å sjå økonomien i landi våre ramla i hop, eine etter hin, som eit korthus. Og det er ikkje lenge att fyre det kan skje. Slik kjem folket til å missa den vesle velstanden som dei hev i kvardagen – og dette kjem visselegt til å verta etterfylgt av ungdomsuppreistar i dei afro-maghrebinske forstadene. Når borgaren uppliver at råskapen finn vegen inn i hans eigen heim, so skynar han kvar det er han høyrer til – og han kjem atter til å verta den krigaren som han var fyre han vart sløva ned og lagd i tvangstrøya til bate for ein handfull mektige einskildmenne. Eg trur heilt ærlegt at Europa ikkje kann verta atterfødd or oska utan at det fyrst bryt saman frå innsida i ei stor øydingstid. Og um det ikkje hender, so kjem Europa til å døy. Dessutan so krevst det at europearane gjeng sigrande ut or øydingstidi, noko som ikkje er visst, det helder. Og di meir tidi gjeng, di lengre undan er me frå denne moglege sigeren.

9-Når eg les teksti til songen ”Volontè de puissance» (”Vilje til makt”, frå siste plata), so undrast eg på um du er vorten kveikt av boki l’Archeofuturisme av Guillayme Faye. Kva er di meining um dei politiske teoriane hans?

Eg hev ikkje alltid vore hundrad prosent samd med synsmåtane åt Guillaume Faye, men eg tykkjer at Arkeofuturismen er ei av dei beste nye bøkene som tek fyre seg dei spursmåli me nyss hev vore innum. Boki er heilt i samsvar med det som hender i vår tid. Denne boki hev i røyndi inspirert denne songen. Og eg tykkjer det er både morosamt og tillitsvekkjande at det er nokon frå Noreg som steller meg dette spursmålet, samstundes som at det aldri hev vore einkvan som hev spurt meg um det i Frankrike.

   10-Er det ei serskild politisk rørsla som du styd?

Me hev arbeidt for rørslor av ymist slag, jamvel politiske parti, og me hev gjeve av både vårt blod og vår sveitte gjenom mange år. Men i dag er me ikkje lenger røynlegt med i reint politisk arbeid, av di me tenkjer at denne vegen nett no er blokkert her i Frankrike tilliks med slik det er i ein stor part av Europa. I røyndi er det vorte umoglegt å gjera røysti si høyrd gjenom politikken um ein ikkje vel å leggja seg under diktatet frå styresmaktene. Det gjer oss sers upprådde…

Nett no er me for det meste involverte i den kulturelle kampen, takk vere musikken.

Men her lyt du lyda nøgje etter kva det er eg segjer, for eg er ikkje tenkt å fortelja nokon at dei skal stikka av frå det politiske lendet, men snarare at kvar og ein fær vera verksam på det umkvervet der han høver best inn, og framfor alt at han hev ein urikkande styrke i seg.

I røyndi er det sjølvmord å draga seg attende. Ein lyt vera yveralt, må vita, og halda fram med å fylla upp gatone, fotballtribunane, fagforeiningane, dei politiske partii, musikken, og so burtetter. Me styd ikkje nokor serskild politisk rørsla, men me tykkjer at alle hev sin eigen tilværerett, jamvel um meiningane våre sumtid skil seg frå einannan.

   11-Å vera tjodlynd i Frankrike, er det greidt eller vandslegt?

Det er i røndi vandslegt å liva i Frankrike dersom ein er nasjonalist, men eg tykkjer det er endå verre å liva i det vedvarande sinnet som me kjenner på når me  ser at landet vårt kvar dag er vorte endå litt meir nedsarva enn det var dagen fyreåt, og er flutt endå eit steg vidare i ei leid som bryt fullstendig med vårt eige syn på verdi.

   12-Kva er det du tenkjer um Noreg?

Eg hev aldri vore i Noreg, det einaste landet i Skandinavia som eg hev gjesta er Finland. For meg er Skandinavia for alltid vogga åt dei europeiske folki og kanskje jamvel det åt hyperborearane sjølve.

   -13-Hev du nokre siste ord?

Me takkar dykk hjartelegt for interessa som de syner for oss og for å ha gjeve oss høve til å ha ytra nokre ord på nordisk jord.

Michel frå Frakass vart spurd ut av Ornella Winter

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!