Vinland, Skandinavia og Sambandsstatane

Kring 1825 gjekk dei fyrste nordmennene frå Stavanger umbord på skipet „Restaurationen“. Sambandet millom Vinland/USA og Skandinavia er meir enn 1000 år gamalt. Bandi millom Noreg og Amerika er soleides vel so sterke som dei millom Nord-Amerika og England og andre nasjonar – land som folk hev reist i frå av di dei vilde slå seg ned i Amerika ein gong for alle.. Tyder ein det ut vidt, lyt ein segja at Vinland stend for kysten av Nord-Amerika. I det indre livet åt dei amerikanske etterkomararane frå skandinaviske forfedrar, so hev det kome til å stå for kvar som helst i Nord-Amerika der nordiske folk hev slege seg ned i tidlegare tider og i dag.

Grænlendinga Saga  og Eiríks saga rauða er kjende som vinlandssagaer. Dei hev vorte sedde på som reint vitskaplege verk, men hev òg vorte førde vidare av mange års munnlege forteljingar – der ein sette inn einskilde nyrydjingsmenner på Grønland som hadde bakgrunn frå Island og som hadde norsk upphav tilliks med  at dei hadde utferdstrong vestetter. Når granskarar hev arbeidt med sagaene, so hev det ført til nye arkeologiske granskingar der ein ynskjer å finna leivningar frå desse tidene. Dei tidene hev gjenge framum oss, so no kann me freista å verta kloke av dei røynslone som kjem upp i vår tid. Ein kann finna prov som tyder på at folk hev vandra og leita seg vestyver.

Leiv Eriksson uppdagar Amerika (målarstykkje av Christian Krohg).

Leiv Eriksson uppdagar Amerika (målarstykkje av Christian Krohg).

Norsk-amerikansk samband i norrøn tid

Arkeologiske utgravingar nækte leivningar av nordiske busetjingar i L’Anse aux Meadows i Newfoundland, Canada. Der fann ein etter måten mange stykke av jaspersteinar som ein bruka til å fata eld med, tilliks med treverkty. Desse vart funne av paret Helge og Anne Stine Ingstad i 1960. Tidfestingar hev ein laga på bakgrunn av karbongranskingar, og desse granskingane hev kome til at desse verktyi kann stamma frå umlag 1000 år attende.

Mange ordskifte og mange freistnader på å underbyggja at denne little busetjingi var det verkelege Vinland hev kome til. Utan tvil hev vikingfararane havt ei tid der dei slo seg ned i Vinland. Det hev vorte prova av funn på staden. Men forteljingar um grøderikt land, fullt av timber, elvar og innsjøar som var fulle av fisk, milde vintrar nesten utan frost – og viktigast, skildringar av vindruvor – tyder på at desse umrådi må liggja lenger sud.

Smørnøtt-squashen provar ein samanheng millom L’Anse aux Meadow og eit varmt verlag. Då kann ein slå fast at der han vert framstelt krevst det eit varmt verlag, det må vera ein meir sterk varme enn på Newfoundland.  Meir sannsynlege prov hev vorte framsette av  Fred N. Brown i boki “Rediscovering Vinland, Evidence of Ancient Viking Presence in America”:

“…Roger Williams, prominent settler and founder of the city of Providence in Rhode Island, was an educated Englishman, from youth familiar with the halls of England’s Parliament, graduate of Cambridge University, friend and champion of the Narragansett Indians who had saved his life and granted his colony to him, in 1643 published thus: “

“Wise and Judicious men, with whom I have discoursed, maintaine their Originall to be from the Northward ——– to draw their line from Iceland…  “

Brown etterviser at det fanst tuberkolose-immunitet millom dei innfødde Narragansett-indianarane, det meiner han kann brukast som prov på at dei kann ha havt innslag av nordiske genar. Då europeiske nybyggjarar dukka upp i Amerika lang, lang tid etter vinlandsnybyggjarane, sette tuberkolose-genet store gruppor av  innfødde innbyggjarar ut or spel og rudde ut store delar av dei innfødde innbyggjarane – men Narragansett viste seg å ha uvanleg sterk motstandskraft mot tuberkolose.

Det vidgjetne - og umstridde  - vinlandskartet.

Det vidgjetne – og umstridde – vinlandskartet.

Fleire innfall og tankevandringar hev kome upp i tilknyting til kvar det upphavlege Vinland låg. Desse innfalli og tankevandringane hev fenge eit fast punkt kring Massachusetts-umrådet og hev Cape Cod som sjølve midtpunktet. Det hev vore rekna med at ferdafolki ikkje var kjende med at det fanst druvor – og blanda druvone saman med cranberries som dei trudde var druvor.

Norske nybyggjarar på 1800-talet

Mange år seinare, etter at det hadde kome til kraftige nybyggjarumråde med engelske nybyggjarar, so kom irane og endeleg tyskarane, og då byrja landet atter å tiltala skandinavarane med. Hjå NAHA (Norwegian- American studies)  kann ein koma til at nordmennene ikkje vart lokka til Amerika for skuld turketider og uår eller ein katastrofe, men av di det var tillokkande å koma til eit land med ville og opne naturlandskap og gagnlegt jordbruksland, slik som det vert skildra i nedskrifter frå tyske nybyggjarar der burte, dei var serleg prega og tekne av det store talet på engelske nybyggjarar som slo seg ned der (http://www.naha.stolaf.edu/pubs/nas/volume18/vol18_1.htm).

Kring 1825 gjekk dei fyrste nordmennene umbord på eit skip som skulde føra  dei frå Stavanger . Cleng Peerson styrde skuta, nokre av ferdafolki på skipet slo seg ned i Ny York, andre flutte til Illinois eller Wisconsin.

Seinare flutte mange nordmenn yver til Amerika, av di dei vilde driva med jordbruk og næringsdrift, motivasjonsårsaker og på grunn av lovnader um nydyrkingsland som var sterkt tiltalande. Dei slo seg ned i Pennsylvania, Illinois, Wisconsin, Minnesota, Nord- og Sud-Dakota. Andre skandinavar, serleg svenske, slo seg ned i midtvesten og i Ny York, likso vel som Ny England, serleg i Worcester, Massachusetts and Maine, vart nybyggjar-umrådi umtala som “Det nye Sverike”.

Johan Alfred Enander,  bladstyrar for det svenskspråklege bladet Hemlandet, meinte at faringi gjorde dei i stand til å få utløp for ei sann vikingånd som bygde på fridom til å lukkast, ei kraft som låg tungt inne i det skandinaviske sinnet, anten dei sette i gong nydyrking i eit nytt heimland eller i det upphavlege heimlandet.

M. Leo

Artikkelforfattaren kjem frå Connecticut i Sambandsstatane, med forfedrar frå Sverike og Tyskland.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2012. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!