Raud målreising på 70-talet: Kampen millom dei tvo vegane

Når ein ser på stoda i målrørsla av i dag, so er det vandslegt å fyrestella seg at nett målrørsla var åstad for sume av dei viktugaste og mest interessante nasjonalisme-ordskifti som hev gjenge fyre seg i Noreg i moderne tid. Medan hovudstraumen i dagsens “vinstresida” er vorti liberal og unasjonal – og det meste av dagsens “målrørsla” er tilsvarande avpolitisert og i alle fall avideologisert – so var det på 1970-talet ei nasjonalsinna vinstresida med grunnlag i AKP(m-l) som kasta kreftene inn i målarbeidet, og det både praktisk og politisk. Dette var ei vinstresida som sette spor etter seg: Um ein gjeng attende til 70-, 80-, og jamvel tidlegt 90-tal, so finst det etter måten mange språkpolitiske artiklar og ordskifteunderlag som det er vel verdt å børsta støvet av. Eitt av desse dokumenti er “Norsk målreising – kamp mellom to vegar”, som Haakon Aase førde i pennen i 1974.

Det tidlege 70-talet var merkt av 1968-generasjonen sitt inntog i målrørsla. Dei politiserte den ålmennkulturelle tilnærmingi som målrørsla hadde havt på 1960-talet. Målrørsla kasta kreftene inn i både EEC-kampen og ymse slags distriktspolitiske saker. Det språkpolitiske tidskriftet Mål og Makt såg til dømes dagsens ljos – og namnevalet kom etter eit ordskifte der “Sentrum og Periferi” hadde vorte kasta fram som eit alternativt nameframlegg.

"Norsk målreising - kamp mellom to vegar" var eit av dei viktugaste språkpolitiske dokumenti på 1970-talet.

«Norsk målreising – kamp mellom to vegar» var eit av dei viktugaste språkpolitiske dokumenti på 1970-talet.

Både SV’arar og AKP(m’l)’arar kasta seg inn i målrørsla, men som me skal sjå so var det med tvo vidt ulike språkpolitiske tilnærmingar. I Norsk Målungdom førde dette til fraksjonskampar millom dei “sosiale” (SV’arane) og dei “nasjonale” (ml’arane). Dei “sosiale” såg på målstriden som ein strid millom folkemål (nynorsk/dialekt) og yverklassemål (bokmål/riksmål) medan dei “nasjonale” rekna målstriden som ein strid millom tvo mål med ulik nasjonalkarakter (norsk og norsk-dansk).

“Norsk målreising – kamp mellom to vegar” var eit AKP-internt dokument, skrive av Haakon Aase, som kom på avvegar under sumarlægret på Evje i 1974. Dei “sosiale” nytta høvet til å gjera dokumentet kjent for ålmenta. Det skulde dei koma til å trega på – for dette førde til at innhaldet i dokumentet vart AKP(m-l) sin offisielle språkpolitikk. “Kamp mellom to vegar” kom soleides til å merka den politiske og ideologiske voksteren i målrørsla i lang tid frametter (stykkjet er sidan vorte prenta i tidskriftet Materialisten, der det ogso er med eit etterord frå hausten 1974).

“Kamp mellom to vegar” er tydelegt merkt av den tidi ho vart skrivi – og av den retorikken og dei referansane som AKP(m-l)’arane nytta seg av. Mykje av innhaldet og språkbruken kann soleides kjennast framand og rar for lesarar i vår tid, og referansane til Stalin og Mao kann vel få nokon kvar til å rista på hovudet. Argumentasjonen er derimot solid, og det meste kunde like godt ha vore framført i våre dagar – um enn i ein litt annan kontekst.

Målsaki sett frå marxistisk synsleite

Haakon Aase freistar gjera seg ein marxistisk analyse av språkstoda i Noreg, og grunnleggjande kjennskap til marxistisk teori er difor naudsynt for å kunna forstå teksti:

Eitt av dei grunnleggjande prinsippi i marxismen er den dialektiske materialismen. Etter det denne teorien fortel, so er alle strukturar bygde upp av tvo eller fleire motsetnadspar. Det er både ein einskap og ein kamp millom motsetnadene – einskapen held strukturane saman, og kampen fører til at strukturane endrar og utviklar seg. Slik er det heilt frå dei minste handfaste strukturane, som med atomkjernen sin einskap og kamp millom elementærpartiklane, og upp til dei største abstrakte ovringane, som med menneskesamfundet sin einskap og kamp millom samfundsklassar.

Innanfor dei same strukturane kann det finnast mange ulike motsetnader, og kva for motsetnader som ei dei dominerande og dei som er drivande for utviklingi, det vil vera ulikt frå tid til tid. Kor som er, til kvar tid finst det ei hovudmotsegjing – saman med ei eller fleire underordna motsegjingar. Marxistisk analyse gjeng ut på å identifisera motsetnadene og finna ut kva som til kvar tid er hovudmotsetnaden.

Sume strukturar endrar seg jamt og trutt, andre strukturar endrar seg berre i sprang. Sume motsetnader er fræve, til dømes fører motsetnaden millom mann og kvinna til at born vert avla og nye ættleder kjem til. Andre motsetnader er antagonistiske, og det heiter at den eine motsetnaden til sjuande og sist må vinna og utsletta den andre. Kampen millom adel og borgarskap – og seinare kampen millom borgarskap og arbeidarklasse – er døme på det siste.

Takk vere den dialektiske materialismen gjeng alle menneskesamfund igjenom meir eller mindre dei same utviklingstrinni. Drivkrafti i denne utviklingi er kampen for produksjonen av materielle gode. I dei aller mest primitive samfundi er produksjonen so dårlegt utvikla at det ikkje er moglegt å samla seg upp noko yverskot, og i dette samfundet må alle dela på alt – dette kallar Marx for urkommunismen, men det er ikkje noko paradis, snarare eit barbari. Det urkommunistiske samfundet vert seinare avløyst av eit slavesamfund, der det er slavehaldarane som tileignar seg heile produksjonsyverskotet, og med det uppstår den aller fyrste klassedelingi.

Slavesamfundet vert i neste umgang avløyst av føydalsamfundet, og føydalismen vert i sin tur avløyst av kapitalismen – og til slutt skal kapitalismen verta avløyst av sosialismen. Medan forbetringi av produksjonsmidli gjeng fyre seg jamt og trutt, so kann produksjonstilhøvi einast endra seg sprangvis – med revolusjonar. Grunnen til dette er at den klassen som til kvar tid haustar yverskotet frå produksjonen hev eigeninteressa av at det held fram med å vera slik. Eigeninteressone åt den rådande klassen kjem soleides på eit visst tidspunkt i soga til å koma i motstrid med det som er vorte til interessone åt heile menneskesamfundet. Ved yvergangen frå føydalisme til kapitalisme er borgarskapen ein progressiv klasse som målber interessone åt heile samfundet. Seinare vert borgarskapen reaksjonær – og det vert arbeidarklassen si historiske uppgåva å føra samfundet vidare frå kapitalisme til sosialisme.

Haakon Aase set grunnlaget for målreisingi inn i eit klassisk marxistisk skjema der samfundet gjeng igjenom yvergangen frå føydalisme til kapitalisme. Dette vert kalla for den borgarleg-demokratiske revolusjonen, og ute i Europa var 1848 eit merkeår. I Europa fører uppbrotet frå dei gamle føydalstrukturane til at det vert skipa einskaplege nasjonalstatar – det jakobinske Frankrike og det keisarlege Tyskland kunde vera døme på dette. Nasjonalstaten er råmeverket for det kapitalistiske samfundet i sin tidlege fase – den fasen der borgarskapen enno spelar ei progressiv rolla. Det er på denne tidi at Noreg hev rive seg laus frå Danmark og fører unionsstrid med Sverike.

Målreisingi og den borgarleg-demokratiske revolusjonen

Nasjonalromantikken verkar sterkt nasjonsbyggjande i denne tidbolken, og mykje arbeid vert gjort med å samla folkeminne og skildra norsk natur og folkeliv. Samstundes er det småborgaren Ivar Aasen som skriftfester det norske målet. Eller sagt med Aasen sine eigne ord: “Efterat vort Fædreneland atter er blevet hvad det engang var, nemlig frit og selvstændigt, maa det være os magtpaaliggende at bruge et selvstændigt og nationalt Sprog, eftersom dette er en Nations fornemste Kjendemærke.” (Ivar Aasen, “Om vort skriftsprog”, skrive i 1836, men fyrst prenta i 1909).

Jamvel um borgarskapen på denne tidi kunde ha havt ei progressiv rolla i den norske målreisingi, so konstaterar Aase at dei var likesæle eller beint fram motstandarar av dette prosjektet, og det heilt frå byrjingi av. Mykje av grunnen, men ikkje heile grunnen, var det at storborgarskapen i byane sjølve var av eit framandt upphav – det er det same som Garborg poengterte i si tvonasjonslæra. Utgangspunktet deira var at det danske målet skulde kallast for norsk, og elles stå meir eller mindre ubrigda. Welhaven vilde halda på den pure dansken, medan Wergeland vilde nytta norske ord som litterære verkemiddel i det danske målet – som til dømes med “Fos” i staden for “Vandfald”. Grammatikk og formverk var det derimot ingen som tok til ords for å uppnorska. Knud Knudsen sitt framlegg um å driva med uppnorsking på grunnlag av “Dannet Dagligtale” fekk einast tilslutnad etter at den norske målreisingi var vorti ei kraft som var til å rekna med. Det gjekk ikkje ut på anna enn nokre endringar i ljodverket, til dømes å skifta mjuke konsonantar ut med harde, og var i røyndi ikkje større endringar enn dei som var heilt naudsynte for at det danske målet i Noreg skulde ha nokor framtid i det heile.

Kapitalismen lyt heile tidi ekspandera, og dimed kjem kapitalismen inn i den endelege fasen som Lenin kallar for imperialismen. Medan nasjonalstaten i den tidlege fasen er eit høvelegt råmeverk for å kunna einsretta og bryta ned gamle strukturar, so vert nasjonalstaten på eit visst tidspunkt til eit meinbægje for kapitalismen. Striden um EEC og seinare EF/EU er berre eitt av mange døme på dette. Den borgarskapen som tidlegare var nasjonal vert seinare viljug til å selja ut det nasjonale sjølvstendet, dei hev fenge ei reint reaksjonær rolla i det nasjonale spursmålet. På dette tidspunktet er det upp til arbeidarklassen å forsvara dei nasjonale rettane. I målspursmålet vert det upp til arbeidarklassen i Noreg å driva fram det som småborgaren Ivar Aasen sette i gang og som borgarskapen aldri fullførde:

“I brodden for den norske arbeidarklassen må arbeidarpartiet AKP(m-l) djervt velje den revolusjonære linja for norsk målreising. Den proletære revolusjonen må gjennomføre den oppgåva den borgarlege revolusjonen sette opp, men ikkje fullførte: Full oppreising for det norske målet.”

Samnorsken var eit rangt lineval som tok brodden av målreisingi

Kva er so grunnen til at dette ikkje skjedde då Arbeidarpartiet kom til makti, og då intellektuelle frå Arbeidarpartiet gjorde sitt inntog i studentmållagi og i målrørsla? Kvifor gjekk Arbeidarpartiet tvert imot inn for å taka brodden av heile målstriden med ein statlegt påtvinga samnorskpolitikk? Sitatet um at det spelar ingi rolla um det heiter “gryta” eller “gryten” so lenge ein hev eitkvart å putta i henne er vorte nytta for å illustrera ei arbeidarrørsla som tilsynelatande skulde vera likesæle til heile målstriden. Arbeidarpartiet vilde vinna fram i ein jafs – og lukkast med det – med di dei la seg på ei kompromisslina i dei fleste grunnleggjande spursmål. Målspursmålet var ikkje noko undantak frå dette.

Mannen som fekk høve til å utforma Arbeidarpartiet sin språkpolitikk var Halvdan Koht, vinstremannen som vart arbeidarpartimann. Haakon Aase meiner at Koht tok sitt borgarlege språksyn med seg inn i arbeidarrørsla. Den politiske og ideologiske lina som han bygde på var ikkje rett, og dimed vart alt det andre ravgale med. Aase syner til Mao Tse Tung, som hev slege fast at so lenge den politiske og ideologiske lina er rett, kann det verta ei ordning med alt det andre – men elles ikkje.

Halvdan Koht var med på å gjera upptak til rørsla Østlandsk Reisning, som hadde til fyremål å fremja austlandsk mål og identitet. I staden for å hjelpa fram norsk målreising på Austlandet, so byrja dei å stella krav til både bokmål og nynorsk um at desse tvo måli frå kvar sin kant skulde nærma seg austlandsk talemål. Dei tok dessutan til ords for ulike slags dialektnormalar innanfor dei tvo skriftmåli. Østlandsk Reisning hadde titusundtals medlemer i den fyrste tidi, men gjekk fullstendig i frø etter nokre år. Det var soleides ei rørsla som ikkje makta å konstruera nokon ting. Det dei derimot makta – anten dei vilde det eller ikkje – var å bremsa ned den framgangen som nynorsken hadde på Austlandet.

Samnorskmennene i Arbeidarpartiet tok til ords for “språklig samling på norsk folkemåls grunn”, men denne samlingi let til å venta på seg. I staden for å mobilisera arbeidsfolk for den norske målreisingi, so skulde byråkratar og nemnder gjera jobben for folket med å måta dei tvo skriftmåli etter talemålet. Arbeidsfolk på Austlandet vart dimed fråtekne høvet til å velja norskt mål – og det av di ein ikkje hadde trui på dei. Men ikkje berre det: Samstundes som målfolk og arbeidsfolk vart sitjande og venta på at styresmaktene skulde løysa målstriden, so provoserte samnorskpolitikken fram nett den riksmålsreaksjonen som all framgangen for nynorsken ikkje hadde greidd å vekkja.

Dette er i grunnen ikkje so rart: I ei tid då dei nasjonale tankane framleis stod høgt i kurs, so var det vandslegt å argumentera imot den norske målreisingi so lenge ho var på fullnorsk grunn. Ein samnorsk som korkje likna fugl eller fisk vart derimot eit mykje lettare bytte for riksmålsagitasjonen.

Ein må våga å tru på folk

Samnorskarane hadde ikkje tru på å mobilisera arbeidarklassen til kamp for nynorsken. Men arbeidarklassen er den progressive klassen og soleides den einaste klassen som hev eigeninteressa av å nå fram til den fulle og heile sanningi um stoda i Noreg i dag, poengterar Aase. Er det nokon som er mottakelege for å høyra heile sanningi um målstoda i Noreg, so er det arbeidarklassen.

Lenin slo fast at arbeidarane hev eit “fagforeiningsmedvit”. Dei vil til kvar tid ha høgare løn og betre arbeidstilhøve, men dei kann ikkje fyrestella seg ei grunnleggjande umskipling av heile kvardagen deira. Eller sagt på ein annan måte: Dei vil gjerne ha ein større bit av kaka, men torer ikkje tenkja tanken på at dei kann yvertaka heile bakeriet. Lenin poengterte at kommunistpartiet er den subjektive krafti i klassekampen, dei kann skapa eit revolusjonært medvit i arbeidarklassen.

Målspursmålet er berre eitt av mange spursmål der arbeidarklassen kann vinnast for ei revolusjonær lina (nynorsk/sosialisme) og ikkje ei avslagslina (samnorsk/sosialdemokrati). Alle saker der ein kann sensibilisera folk på eit radikalt grunnlag høyrer med til desse bekker små som kann verta til ei stor å.

Aase avviser slett ikkje at det finst ei motsegjing millom folkemål og yverklassemål, men stend fast ved at hovudmotsegjingi i den norske målstriden gjeng millom norsk og norskdansk mål. Alle dei hine motsetnadene er underordna so lenge hovudmotsetnaden ikkje er løyst.

Denne motsetnaden kann ikkje løysast med å blanda i hop dei tvo måli, slik som samnorskstrævet gjekk ut på. Samnorsken lukkast med å gjera nynorsken mindre norsk, men for bokmålet sin part var det heile fåfengt. Den indre samanhengen i det danske målet er so sterk at det jamvel for dei mest ressurssterke er sers vandslegt å skriva radikalt bokmål på ein konsekvent måte – bokmålsbrukaren graviterar heile tidi mot dei mest konservative formene og må streva for å skriva radikalt yver heile lina. Korleis er det ikkje då for arbeidsfolk? Aase nyttar seg av Stalin sine språkvitskaplege skrifter for å slå fast at målblandingslina er ei daudslina: “I røyndi er det slik at når tvo språk vert blanda, vert det eine språket sigerherre. Det bergar den grammatiske bygnaden sin, bergar grunntilfanget av ord og utvikar seg etter sine indre voksterlover, medan hitt språket smått um senn misser kvaliteten sin og smått um senn døyr burt” (Josef Stalin, “Marxismen og problemi i språkvitskapen”, kronikkserie i Pravda i 1950).

Eller um eg sjølv skal taka eit aktuelt døme av i dag: Er det slik at norsk er vorte engelsk av di det dagstødt snik seg nye engelske ord inn i målet vårt? Visselegt ikkje, den grunnleggjande målbygnaden vert ståande. Likevel hevdar ein at det danske målet er vorte norsk, berre av di det hev teke inn nokre norske ord her og der, og gjort nokre reint ortofone tilmåtingar til norsk lydverk.

Kvifor skal arbeidarklassen velja norsk? Nokre argument

Artikkelforfattaren siterar Gustav Indrebø på at «landsmålet ville verta ei lyftestong for det store arbeidande norske folk». Ei lyftestong er ein reidskap, og nett dette er eit sentralt poeng for Haakon Aase i polemikken mot dei “sosiale”.

I marxismen skil ein millom basis og yverbygnad, der yverbygnaden einast er ei avspegling i menneskeheilen av dei materielle tilhøvi, ikkje minst produksjonstilhøvi. Tankar og idear høyrer alle heime i yverbygnaden, men kva med språket? Dei sosiale meinte at språket høyrde til yverbygnaden, og umtala bokmålet som eit slags yverklassemål eller “maktspråk” som vart nytta til å tyna folk med. Men um språket høyrer heime i yverbygnaden, so må ei endring av produksjonstilhøvi føra til ei endring av språket med, og det syner soga tydelegt at det ikkje gjer.

Tvert imot, språket høyrer til den materielle basisen – og det av di språket er ein reidskap. Det er ein reidskap for tanken, rett nok, men framvoksteren åt språket høyrer saman med framvoksteren åt arbeidet og dimed produksjonen. Produksjonsmidli er i vedvarande utvikling heile tidi, det er ikkje som med produksjonstilhøvi som endrar seg sprangvis. Jarnbanen er til dømes den same jarnbanen både under kapitalismen og sosialismen. Dette er eit argument som Aase hentar frå Josef Stalin sin artikkel um marxismen og språkvitskapen.

Jamvel um språket vert framhevja som ein reidskap, so hev dei ikkje eit reint instrumentelt syn på språk. Det er ikkje ein reidskap som kann veljast på slump, ein må velja den reidskapen som er måta etter den røyndomen han skal nyttast på:

«Det norske målet er skapt av og atterspeglar livet og røynslene til det store strevande folket gjennom hundretals generasjonar her i Noreg. Det ber difor i seg ein stor rikedom av uttrykk som vi vil tape fælt mykje på å kaste frå oss. For oss finst der ikkje betre hjelpemiddel vi kan gripe vår røyndom med. Tilhøvet mellom norsk og tillempa dansk i dette stykket er som tilhøvet mellom eit jernspett og eit trespett. I eit knipetak kan vi greie oss med annarangs reiskap, men han gjer ikkje fullgod nytte for seg.»

Dette er slett ikkje so langt undan dei teoriane som Frode Jens Strømnes seinare hev ettervist vitskaplegt, um at ulike mål svarer til ulike slags fyrestellingsverder – ulike måtar å modellera røyndomen på (Frode Jens Strømnes, “The Fall of the Word and the Rise of the Mental Model”, Peter Lang Verlag, 2006).

Eller sagt med ordi åt Paul Sandøy (“For ein nasjonal språkpolitikk”, Åtgaumen nr 5 1986), som var ein av dei NMU-leidarane som seinare kom til å stå på den “nasjonale” AKP-lina:

“Standpunktet eg hamnar ned på, som ei fylgja av desse kjensgjerningane, er at eg vil bjoda fram og slåst fram nynorsken som skriftmålet åt heile det norske folket. Eg veit at nynorsken vil vera ei letta for storparten av heile folket dersom de tek honom i bruk, eg veit at nynorsken vil utløysa ei stor skaparkraft hjå den einskilde, hjå heile nasjonen, ei skaparkraft målstoda i dag held nede.”

Dimed fell ogso den talemålsromantiske argumentasjonen mot talemålsnormering. Dialektane er ei viktug kjelda for nynorsken, og det er ikkje moglegt å reisa upp det norske målet utan at ein samstundes kjempar mot dei som vanvyrder tradisjonelle norske talemål. Men um ein lærer folk upp til å tala normaltalemål, so driv ein ikkje med språkundertrykking. Tvert imot, ein lærer ein upp folk til å nytta seg av ein reidskap slik at dei stend på like fot. I land som Sverike og Tyskland lærer ein borni upp til å nytta normaltalemål i skule og offentlegt samanheng, og det er ein demokratisk fyremun.

Nynorsken lyfter det folkelege upp på eit nasjonalt nivå. På dialekt vert ein berre ein heimstaddiktar. Lat meg få lov å ta nokre døme som ikkje er frå 70-talet: Kva hadde til dømes Olav Stedje vore utan nynorsken? Eller sjå til dømes på trønderrocken med Aage Alexandersen og DDE: Når Wannskrækk vart til Dumdumboys på bokmål, so var grunnen nett det at dei ikkje berre vilde vera eitkvart lokalt. Her kunde dei ha valt nynorsk i staden – um dei hadde vore medvitne nok til det, men kva ventar ein seg av nokre punkarar?

Bokmålet hev røtene sine i dansk mål, men nett denne kjensgjerningi hev ein gjort til eit tabu å diskutera. Soleides er ikkje berre bokmålet eit språk som vantar ein norsk tradisjon å stydja seg på, dei hev jamvel kutta bandi til den danske tradisjonen. Nett det at bokmålet ikkje hev nokon sterk og livande tradisjon å knyta seg upp mot, gjer at bokmålet vert eit lett byte for anglo-norsken.

Det norske målet kann derimot heile tidi få næring frå dialektane – ikkje av di folk skal skriva som dei talar, men tvert imot av di nynorsken byggjer på mynsterformer. Mynsterform er viktugt. Det gjer at alle dialektord kann få ei standardisert form og nyttast, det er ikkje moglegt med bokmål – sidan det ikkje er ei norm for korleis norske ord skal skrivast. Når ein nyovring kjem frå utlandet, kann ein til dømes gå til dei nedervde målføri og leita fram gamle ord og nemningar frå den gamle reidskapskulturen, gjeva ordi ei mynsterform og taka deim i bruk att.

Etterord

Det er til Haakon Aase si store fortenesta at han maktar føra kampen millom dei tvo vegane, millom det “nasjonale” og det påstått “sosiale” målsynet, attende til den grunnleggjande motsetnaden millom dei som vilde reisa upp att det norske målet og dei som vilde reformera det danske målet akkurat so mykje at det var nok til å taka brodden av heile målstriden. Samnorskstrevet vert framstelt som noko radikalt og folkelegt, men botnar i ein reaksjonær og borgarleg motvilje til å sleppa det norske målet fram. Arbeidarpartiet slo seg inn på ei lina som hjelpte fram ein riksmålsreaksjonen som so langt hadde mislukkast. “”La det bli sagt endeleg farvel til borgarlege politikarar i raud frakk som Koht, Tranmæl.og Nygårdsvold og andre tjon”, avsluttar Aase stykkjet sitt med.

Aase synte til at Østlandsk Reisning gjekk i frø av di dei ikkje kopla dialektkampen på Austlandet til nynorskkampen. På 70-talet kom dialektbylgja, og han åtvara mot at det same kunde skje endå ein gong. Han fekk rett – diverre. Dei “sosiale” vann kampen um Norsk Målungdom i 1976, etter ein beisk fraksjonsstrid, og sentralstyret vart flutt frå det AKP-dominerte Bergen til det SV-dominerte Oslo. Kring 1980 var dialektromantikken i målrørsla på topp. 40 prosent av Studentmållaget i Oslo sine medlemer skreiv bokmål, og Studentmållaget gjorde eit stort nummer ut or det i flygeblad. På Målungdomen sitt landsmøte på Ås kom Målungdomen med kritikk mot Noregs Mållag for å ha blanda nynorsken inn i dialektkampen.

Resultatet av det heile var at ein kom til eit punkt der dialektkampen var “vunnen”, og det utan at ein kunna nytta momentumet frå dialektkampen til å driva nynorsk målreising. Tvert imot: Dialektbylgja rulla yver målrørsla og etterlet henne med broten rygg. Langsamt visna heile Målungdomen burt, og ved landsmøtet i 1984 – som skulde verta eit vendepunkt med di dei “nasjonale” kom attende til makti – so vart det teke til ords for å leggja organisasjonen ned. Paradoksalt nok etter at dei hadde sigra både med dialekt- og læremiddelaksjonar.

I ettertid framstår det som underlegt å skilja millom “sosialt” og “nasjonalt” i norsk målstrid. So lenge det nasjonale sviv seg um eit folkehopehav – ei gruppa menneske med ein sams lagnad – so er det klårt at det nasjonale må ha ein sosial dimensjon. Og som me ser med innvandringsordskiftet i våre dagar, so er umgrip som “tillitssamfund” og “velferdsstat” einast moglegt innanfor eit nasjonalt råmeverk. Utan dette råmeverket raknar alt det andre. Det sosiale let seg ikkje skilja ut frå det nasjonale – og sosial kann ein ikkje vera i lengdi utan at ein hev ein ein nasjon og eit folk å stø seg på.

Olav Torheim