Sex-trakassering på trikken. Eller: Det skortande modet i vestverdi

So hev det hendt endå ein gong – massive sexyvergrep mot kvinnor under ein folkefest. Denne gongen under Schlossgrabenfest i Darmstadt, byen som er kjend for sin flotte jugendstil, det pulserande og alternative kulturlivet og den vene skogane og parkane. Ein Målmannen-lesar som bur i Darmstadt var sjølv vitne til det som hende, og han hev gjort seg nokre tankar i ettertid.

Det vert ofte sagt at me ikkje er modige nok. Me vantar «Zivilcourage», skal det heita seg. Andre røyster segjer oss at mennene i vestverdi er vortne veikte ned og «feminiserte», og soleides kann dei ikkje lenger måla krefter med den valdskulturen som kjem frå den muslimske verdi. Eg veit ikkje kvar hen sanningi ligg, det kann vera noko i båe argumenti.

Kor som er so tykkjer eg ikkje at eg kann lata dette spursmålet få verta ståande utan noko svar, serskilt ikkje no som både sexisme og rasisme hev funne vegen inn att i kvardagen. Difor vil eg fortelja litt um korleis eg sjølv uppliver dette.

I helgi som gjekk var det ein stor folkefest i byen min – ein folkefest av det «fargerike» slaget, med menneske frå alle verdsens kantar. For fyrste gongen spela jamvel dei nykomne «flyktningane» ei sentral rolla under tilskipingi. Det er ikkje desse som denne teksti kjem til å taka fyre seg, for Schlossgrabenfest hev alt i årevis vore ein magnet på dei aller mest asosiale og skruppellause sjikti i folkesetnaden.

No hev det kome medieuppslag der ein med krigstypar fortel at flyktningar er vortne melde til Politiet for «tafsing og seksuelle pådrag mot mindreårige gjentor» – på same måten som det hende under nyårsfeiringi i Köln. Eg tykkjer ikkje at saki kann verta ståande slik, for dette er ikkje hovudproblemet. Slike ting hev hendt i årevis og då jamvel langt verre ting.

Seksuell trakassering på trikken

Til dømes var det ein kveld eg var på veg heimatt med trikken. Der fekk eg sjå korleis nokre tyrkisk-/arabisk-ætta «medborgarar med migrasjonsbakgrunn» dreiv på og erta tvo tyske gjentor. Dei fire «medborgarane» sette seg ned hjå dei tvo gjentone – som båe hadde drukke litt alkohol, men som framleis var ved sine fulle fem. Under samrøda som fylgde so kom dei unge mennene med tilnærmande ytringar som «ikkje ver slik då», «det er likt til at du må ha havt mange typar, søta» og «kom og ver med oss, so kann me ha det litt moro».

"Til dømes var det ein dag eg var på veg heimatt med trikken..."

«Til dømes var det ein dag eg var på veg heimatt med trikken…» (Motiv frå Darmstadt)

Best det var so steig den eine av dei tvo gjentone ut or trikken, medan den andre vart sitjande. Det førde berre til at dei fire «medborgarane» vart endå meir pågåande, og då framfor alt han som såg ut til å vera leidartypen millom dei fire. Sidan den unge gjenta ikkje på noko tidspunkt svara deim med eit tydelegt «nei» eller «dette vil eg ikkje», so vart det ein sers flytande yvergang millom det ein kann kalla kvinneforaktande flørting og det som beint fram er seksuell trakassering.

Millom anna so fekk den eine av karane seg til å segja: «Kom og ver med oss, du hev heilt sikkert soge 15 pikkar alt, og det berre i den siste vika, eller kva?» Ho svara ikkje noko på det, men tok til å fnisa. Det gjorde ikkje stoda akkurat noko mindre trugande. Ein full tyskar kom burt og tykte det heile var løgje. Men då tyskaren vilde vera litt kameratsleg med ein av dei, so vart han beden um å pella seg vekk frå dei – og nær sagt jaga ut or trikken i det han steig av. I millomtidi heldt dei hine fram med å tala med den unge gjenta, og den unge gjenta byrja fortelja dei at ho hadde planar um å studera. Like etterpå steig eg sjølv av trikken.

Det er ein nokso typisk grensesituasjon, der eg ikkje visste kva eg skulde gjera. Eg hadde ikkje inntrykk av at den unge gjenta var klår yver kva slags situasjon ho hadde gjeve seg inn i. Å «hjelpa» henne kunde ikkje koma på tala, sidan risikoen for min eigen part var altfor stor. «Riddarleg» framferd endar som regel alltid berre med at ein sjølv fær problem, fyrst med dei innblanda og i neste umgang jamvel med rettsstellet. Eg hadde til sjuande og sist ingen prov for nokon ting, og kunde lett ha vorte skulda for å sjølv ha framprovosert ein situasjon.

Under alle umstende kjende det seg som desse mennene ikkje kjende nokon grensor, og at dei – nett av di den unge gjenta berre  sat og knisa – ikkje upplivde nokon motstand. Jamvel ytringar som «de er då alle litt hore-aktige» fekk ikkje annan respons enn lett knising. Soleides vandra ho på sers tynn is, og det åleine i møtet med ei gruppa framande, fulle karar som ein mest skulde tru at ho var reidug til å vera med heim…

Denne typiske kvardagssituasjonen er under alle umstende eit godt døme på korleis «modet» løyser seg upp. So lenge det ikkje kjem noko klårt «nei», so kann ingen gripa inn – og eg hadde likevel eit dårlegt samvit. Sidan eg sat nokre plassar undan, og med ryggen til, so kunde eg ikkje rettelegt sjå kva det var dei gjorde. Men frå det som vart sagt so kunde eg sjå det heile godt fyre meg.

«Hev du lyst, hev du lov»…

Sovorne hendingar uppliver ein her daglegt, serskilt i helgane – og ikkje minst på trikkar og bussar. Gjerningsmennene vert berre smartare og smartare i åtferdi si, dei veit sers godt kva dei gjer. Problemet gjeld ikkje fyrst og fremst «flyktningar», det er eit generelt problem hjå «ungdom med migrasjonsbakgrunn» – og meir spesifikt ungdom med bakgrunn frå den arabisk-afrikanske verdi. Ungdomar med denne bakgrunnen hev i årevis kunna sex-trakassera kvinnor, og dei aller fleste hendingane av dette slaget vert aldri melde til politiet – nett av di grensone millom flørt og trakassering er so flytande.

Me talar her um ungdomar med bakgrunn frå kulturar og land der kvinnor aldri vart respekterte – og der det finst klåre reglar for korleis kvinnor skal te seg dersom dei ikkje skal verta fritt vilt. Desse ungdomane hev vokse upp i eit «frilyndt» Vest-Europa der det i dei seinaste tiåri er vorte slik at alt er lov so lenge det berre er «friviljugt». «Hev du lyst, hev du lov», skal det heita seg. Resultatet er at me fær det verste frå båe kulturane. Dei kjenner ingen grensor – og me set ingen grensor.

So lenge det ikkje kjem noko klårt «nei» frå gjentone, so hev ingenting ulovlegt hendt. Dei som skulde verta vitne kann ikkje gjera anna enn å kjenna på si eigi avmakt, gjentone skjemst kann henda litt når dei forstår kva det var dei råka ut for – og  gjerningsmennene er i millomtidi på veg vidare til det neste offeret.

Peter Schreiner

Det er fullt høve for andre media til å nytta seg av denne teksti so lenge dei gjev henne att i sin heilskap og syner til kjelda på maalmannen.no.