“Fortress Europe”

Då asylstraumen inn i Europa tok til for ålvor, hausten 2015, sette svenske Magnus Söderman seg ned og skreiv bok. Söderman gjev både ei nådelaus skildring av den vanstoda som Europa hev hamna i og han kjem med heilt konkrete løysingsframlegg. I titelen “Fortress Europe” ligg programmet.

Media sine rapportar um asylstraumen inn i Europa hev vore fylde med kjensledrypande sentimentalitet, meiner Söderman. Ein hev systematisk tala um “flyktningstraumen” og synt fram bilæte av syriske kvinnor og born i naud, og det endå realiteten er at det store fleirtalet er unge menner i sin beste alder. Dei fleste kjem ikkje ein gong frå Syria, men frå andre land som til dømes Afghanistan eller Somalia.

Framsida på "Fortress Europe".

Framsida på «Fortress Europe».

Den massive innvandringi frå den tridje verdi fører til problem på mange ulike nivå – som med ghettodaning, kriminalitet og terrorisme. Terroristane som gjekk til massemord i Bataclan i Frankrike hadde sjølve kome til Europa som “flyktningar”.

Ved neste århundreskiftet kjem det til å vera fire milliardar afrikanarar i Afrika. Me løyser ingen av problemi i den tridje verdi med å taka ein brøkdel av dei inn til Europa. Snarare tvert imot. Um ein til dømes ser på Somalia, so er folketalet i dag på kring 10 millionar – og det kjem til å verta nesten 60 millionar kring neste århundreskifte. Me kann taka inn so mange somaliarar til Norden at det skiplar fullstendig um på den sosiale samansetnaden i våre eigne samfund, og det utan at det endrar det tær på stoda i Somalia.

Innvandringi til Europa hev vorte til ein invasjon, hevdar Søderman. Med ein mililtær invasjon so byrjar det gjerne med at artilleri hamrar forsvarsskansane flate slik at det ikkje er nokor motstandskraft att når infanteriet stormar fram. Med masseinnvandringi so sviv det seg ikkje um ein invasjon med våpen eller artilleri i reint fysisk forstand. I staden er det massemedia og skule som hev mjuka upp dei mentale og ideologiske forsvarsverki – med di dei i mange tiår hev hamra dei sekulære, universelle og “humanistiske” verdiane inn i folk.

For 30 år sidan vilde svenskar ha forlangt full stogg i innvandringi dersom dei vart fortalde at dei kom til å verta etnisk minoritet i sitt eige land, men i dag er det fritt fram for land i den tridje verdi til å dumpa folketalsyverskotet sitt i dei ein gong so homogene og konforme nordiske landi.

Den tridje verdi treng eit sterkt Europa

Dei sekulare “humanistane” som på vegner av oss alle ynskjer “refugees welcome”, dei er som kvitkalka graver, hevdar Söderman med eit bibelsitat. Dei er fine å sjå til, men fulle av rotenskap på innsida.

Upp mot dagsens «humanistiske» godmenneske-etikk set Söderman den tradisjonelle riddar-etikken frå millomalderen. For riddaren galdt det um å verna um dei veike, men fyresetnaden for dette var at riddaren sjølv var sterk (den blinde kann ikkje leida den halte).

I Afrika hev ein ovstore problem å slita med, som til dømes dei evigvarande borgarkrigane i Kongo og Sudan – eller med Sud-Afrika som hev gjenge frå å vera eit moderne “vestlegt” land til å verta endå ein vanstyrd stat i den tridje verdi – med fatigdom og kriminalitet.

Den største rikdomen eit land kann ha er menneski som bur der. Det er nok å syna til Tyskland som bygde seg sjølv upp att frå ein ruinhaug til eit “Wirtschaftswunder”. Dersom Europa skal søkkja ned i den same hengjemyri som i Afrika, med dysfunksjonelle samfund utan indre samanhengskraft, då hev me samstundes yverlate Afrika til seg sjølv.

Ei festning gjev tryggleik og handlefridom

Titelen “Fortress Europe” kann verka skræmande på sume, kann henda vekkjer det assosiasjonar til den tyske krigspropagandaen um “Festung Europa”. Som eg alt hev vore inne på so er det slett ikkje den andre heimskrigen, men snarare riddaretikken frå det føydale Europa, som er referanseråme for Söderman sitt titelval.

I føydaltidi var det slik at folket kunde flykta inn i festningi i ufredstider. Då vart vollgravene fylde og portar heist upp. Slik fekk ingen sleppa inn i festningi som ikkje høyrde til der. I fredstid stod festningi derimot opi, og kven som helst kunde gå inn og ut som ein vilde.

I Magnus Söderman sitt “Fortress Europe” so er dei europeiske landi opne for alle som vil koma på gjesting – men når det røyner på so er det Europa sine eigne folk som skal prioriterast. Dei som treng hjelp må få det – i eigne nærumråde der kostnadsnivået er lågt og ein kann hjelpa flest moglegt. Flyktningar som treng å vera i Europa kann einast få millombels upphelde – i eigne flyktninglæger. Kriminelle innvandrarar må nådelaust sendast ut or landet. Menneskesmuglarar må straffast med lovi sine strengaste straffer.

Det må verta samsvar millom grensekontroll og asylpolitikk

Same kor strengt vakthaldet um grensone skulde vera, so hindrar det ikkje folk frå å koma so lenge det likevel er so mykje å vinna på å snika seg inn og få søkt um upphelde. Dei fleste asylsøkjarane som kjem seg inn vert aldri returnerte. Det er nett den store diskrepansen millom ein streng grensekontroll og ein slepphendt utsendingspolitikk som gjer at ein fær so mange menneskelege tragediar der folk druknar i Millomhavet eller vert køyvde inne i containarar.

Her må det verta eit samsvar millom både grensekontroll og asylpolitikk. Det trengst ei streng handhevjing på båe nivåi. Det må verta slutt på at ein hev krav på «individuell vurdering» og rett til sosial studnad medan søknadene vert fyrehavde. Det må sendast eit klårt signal ut til umverdi um at det er rett og slett ingenting å vinna på å koma: Europa hev ingenting å tilby dei.

Magnus Söderman er yvertydd um at dei konkrete framleggi som han legg fram er det som faktisk kann gje ei løysing på “flyktningstraumen” inn til Europa.

Söderman segjer i boki si ingenting um dei krigane som vestlege makter hev stelt i stand og som ofte hev lagt grunnlaget for asylstraumen inn i Europa. Her vilde sume kanskje ha sagt at det er kynisk å taka til ords for stengde grensor og repatriering utan at ein samstundes tek tak i den politikken som hev ført til at innvandrarar strøymer inn frå øydelagde statar som Syria og Libya.

Politikarane må reisa festningi – eller dei må skiftast ut

Under alle umstende so kann ein ikkje gjera seg illusjonar um at innvandringi inn i Europa skal verta mindre berre det vert fred og velstand i asylsøkjarane sine heimland. Tvert imot syner historiske røynslor at aukande velstand einast fører til at endå fleire fær råd til å vandra ut, og det er dei mest ressurssterke som reiser ut. Jamvel i vårt eige Noreg var det likeins med utvandringi til Amerika, ho skaut fart med kvart som folk i Noreg fekk det betre.

Soleides kann denne veikskapen med boki like godt gjerast til ein styrke – for poengi som Söderman målber er ikkje til å koma i frå. Skal ein stogga masseinnvandring, so er det ikkje nok å stogga krigar – ein treng ei europeisk festning der vollgravene er intakte og der portane kann stengjast når det trengst. Dei europeiske politikarane må snarast råd setja i gong med å reisa denne festningi, og vil dei ikkje gjera det so må folket skifta dei ut med politikarar som både vil og kann gjera det.

O. Torheim