Peder Jensens «Vitne til vanvidd»

Det vart mykje ståk i media etter at det vart kjent at Fritt Ord hadde gjeve Peder “Fjordman” Jensen eit forfattarstipend på 75.000 kr. “Belønning til ekstremismen”, kalla ein stortingsrepresentant det for. Det er soleides all grunn til å undrast yver at det mest ikkje hev vore nokor merksemd i massemedia etter at boki åt den kjende islamkritikaren til slutt kom ut.

Boki åt Jensen er kløyvd upp i fire bolkar, og uppkløyvingi speglar tydelegt av det faktum at det sviv seg um eit forsvarsskrift.

Den fyrste bolken tek fyre seg korleis Jensen sjølv upplivde hendingane og ordskiftet etter terroraksjonen den 22. juli, medan Jensen i dei tvo neste bolkane gjer greida for sitt eige syn på Breivik-“kompendiet” og på den juridiske prosessen. I den siste bolken legg Jensen fram sin eigen motivasjon for den skribentverksemdi han hev drive med under namnet “Fjordman”.

"Vitne til vanvidd"...

«Vitne til vanvidd»…

Millom deim som Peder «Fjordman» Jensen hev havt på nakken finn ein millom anna den liberale systemvaktaren Øyvind Strømmen. I 2013/2014 råka Målmannen sjølv ut for ein svertekampanjane frå Øyvind Strømmen og frå den vinstreliberale nettstaden Radikal Portal. Både Radikal Portal og Øyvind Strømmen hev fenge pengar frå Fritt Ord, men søknaden frå Målmannen vart blankt avvist då me søkte um pengar til å byggja vår eigi medieplattform som me kunde nytta til å forsvara oss frå.

Me kann soleides sjølve stadfesta at det på ingen måte er lett for politisk ukorrekte aktørar å få pengar frå denne institusjonen. 75.000 kr til å forsvara seg mot massive skuldingar av verste sort er trass alt ingen ting mot dei 3 millionane som Øyvind Strømmen for nokre år sidan fekk til å driva med yvervaking av meiningsmotstandarar…

Det kann elles nemnast at det ikkje var eit einaste norskt forlag som var viljuge til å gjeva ut boki som Jensen fekk dei 75.000 kronone for å skriva, og boki kom til slutt ut på danske Free Speech Library. Millom dei som sa nei finn ein til dømes Cappelen Damm.

Boki er på heile 352 sidor, og min fyrste tanke var at boki er altfor lang. Temaet burde interessera nokon kvar, men dei færraste orkar å lesa ein heil roman um det. Under alle umstende er det klårt at det er mykje som Jensen ynskjer å få sagt, og som han elles ikkje hev fenge sleppa til med.

I den fyrste bolken lettar Fjordman litt på sløret og fortel um korleis han sjølv upplivde terroraksjonen den 22. juli og tidi etterpå. Dette er utan tvil den mest spanande bolken i boki: Jensen fortel um den brutale yvergangen frå eit anonymt tilvære som pleiemedhjelpar for autistar i Oslo til å verta utpeika som samfundsfiende nr. 2 – nest etter Anders Behring Breivik sjølv. “Breiviks inspirator”, som media freista å framstella honom som.

Livet vart snudd på hovudet ein fredags ettermiddag…

Jensen lukkast vel med å få lesaren “under hudi” på honom sjølv, og me fylgjer Jensen i dei dramatiske vikone etter 22. juli – der han kjem fram til avgjerdi um å stå fram i media og reisa frå Noreg, kann henda for all framtid.

Same kva ein skulde meina um Fjordman, so kann ein ikkje segja anna enn at han vurderte stoda rett i dei lagnadstunge vikone i juli/august 2011. Jensen hadde i alle år vore påpasseleg med å verna um sin eigen Fjordman-identitet, og media lukkast i fyrste umgang ikkje med å finna ut kven som var personen attum Fjordman. Her kann Målmannen avsløra at me òg vart kontakta av Dagbladet i juli 2011 med spursmål um me visste kven Fjordmannen var. Det kunde me heilt ærlegt svara nei til…

Jensen trudde likevel det berre var eit spursmål um tid fyre media kom til å koma på sporet av honom, dessutan var han yvertydd um at i minsto PST hadde fylgt med på verksemdi hans. Jensen vilde difor koma Politiet i forkjøpet og sjølv taka kontakt for å få sagt det han visste og soleides få sjekka seg ut or saki. Samstundes visste han at massemedia hadde sopass mange kjeldor inne i Politiet at han kom til å verta avslørt den dagen han tok kontakt.

Jensen trudde ikkje han kunde ha nokor framtid i Noreg, korkje sosialt eller på arbeidsmarknaden, etter at identiteten hans var kjend. Media vilde gjera honom moralsk og ideologisk medskuldig i massemordet på Utøya, og med den stemningi som rådde i ålmenta so var Jensen redd for sitt eige liv. Han skyna difor at han laut nytta det vesle tidsvindauga han hadde att til å stå fram medan han sjølv kunde velja tid, stad og medium for det – og dinæst galdt det berre å koma seg ut or Noreg.

Jensen tala med fastlækjaren sin og fekk seg sjukemeldt frå arbeidet sitt. Samstundes budde han seg på å reisa frå husværet sitt i Oslo. Han samrådde seg med advokat og fekk profesjonell hjelp til å få i stand både politiavhøyr og intervju med VG den same dagen. Jamvel um Politiet fylgde upp avhøyret med å ransaka husværet hans – utan sikting og soleides stikk i strid med lov og rett, so rakk Jensen å halda det stramme tidsskjemaet der han same kvelden møtte VG til intervju. Han gjorde det klårt for VG at det ikkje var nokon vits i å leita etter honom på heimeadressa hans, for han kom ikkje lenger til å vera der – og dagen etter var han i utlandet. I månadene som fylgde fekk han bu heime hjå ymse slags meiningsfelagar i Danmark.

Dagen etter intervjuet var Jensen sitt andlet på framsida av VG. Frå den dagen namnet og andletet hans var gjort kjent i media, so var Jensen kasta ut i ålmenta med ei rolla som han ikkje kunde styra sjølv.

Det er so godt som ingen sjanse til å få ei rettvis umtala i media dersom du fyrst er vorten stempla som «kontroversiell», og Jensen dokumenterar denne kjensgjerningi til fullnads. Millom anna so køyrde VG kampanjejournalistikk der det vart insinuert at det hadde vore nær kontakt millom Breivik og Jensen, og at Jensen sin korrespondanse med Breivik hadde motivert Breivik til å gjenomføra terroraksjonen. I røyndi sveiv det seg um fire e-postar som Jensen hadde sendt som svar på meldingar frå Breivik, og der han heile tidi hadde havt ein nøytral tone. VG vart til slutt nøydde til å koma med ein liten og avkreftande notis til det heile, men denne notisen var det so godt som ingen ansa på.

På same måten kann Jensen fortelja um korleis journalisten Simen Sætre freista å smeikja seg inn på honom, på usanne premissar. Sætre hevda at han vilde gjera eit intervju med Jensen, medan han i røyndi heldt fram med å fyrebu ei heil bok. Til å byrja med var Sætre venleg og freista byggja tillit, men når Jensen ikkje gav honom den responsen som han ynskte so vart han ekkel og trugande – med fyremål å provosera fram ein ekstrem reaksjon. Jensen makta likevel å halda hovudet kaldt.

Mistanken som Jensen hadde til Politiet fekk han elles stadfest – med di informasjon som Jensen eine og åleine hadde kome med i politiforklåringi si tok til å versera i media…

Det var i det heile ingen grensor for kor vondskapsfull og «fascistisk» Jensen skulde vera – um ein skulde tru massemedia. Han var fritt vilt i flestalle kommentarartiklar. Ein namngjeten mediekommentatorar jamførde honom jamvel med Julius Streicher, “Der Stürmer”-redaktøren som under Nürnberg-prosessen vart dømd til døden – eine og åleine for skuld ei redaktørgjerning som retten meinte hadde skapt ei hatstemning møt jødane og soleides medverka til folkemord. Jamføringi med Streicher gjer Jensen rasande.

Ein liberaldemokratisk anti-islamist

No gjeng det visselegt ein raud tråd frå sigerherre-justisen i Nürnberg, der NS-leidarane med attendeverkande kraft vart dømde for brotsverk som dei allierte sjølve hadde gjort seg skuldige i, og fram til dei vestlege maktene sin “carte blanche” til å bomba og drepa i demokratiet sitt namn (sumaren 2011 var norske bombefly millom NATO-koalisjonen sine mest aktive i den folkerettsstridige Libya-krigen…).

I Nürnberg sat britane og amerikanarane, sjølve andsvarlege for massemordet i Dresden, saman med russarane som hadde invadert Polen, Finland og dei baltiske statane, og etla ut dødsdomar til tyskarane for brotsverk mot manneætti og brotsverk mot freden.

Dei nyliberale brotsverki hev det aldri kome til nokor uppgjerd med, her hev det tvert imot vore slik at gamle brotsverk hev legitimert dei nye – som når Madeleine Albright på slutten av 90-talet kunde få seg til å segja at ein halv million ihelsvoltne irakiske born var «verdt prisen»…

Under prosessen i Nürnberg trong ikkje aktoratet ein gong å føra prov for brotsverk som det vart hevda var “ålment kjende”, og meir enn 70 år seinare er den andre heimskrigen framleides full med tyngjande tabu som hindrar fritt ordskifte kring brennande spursmål. I Noreg risikerte Jensen til sjuande og sist ikkje anna enn mediehets, sosial utstøyting og stengde dører på arbeidsmarknaden. I andre europeiske land risikerar ein jamvel å verta hanka inn av lovi sin lange arm.

Det er ein kontinuitet frå Jalta-kompromisset i 1945 og vidare til murens fall i 1989 med “slutten på soga” (Fukuyama). Den etterfylgjande nasjonalistiske nyuppvakningi i Europa og Samuel Huntington sitt “clash of civilizations” hev vorte instrumentalisert til å styrkja eit nyliberalt hegemoni som slavebinder nasjonar og einsrettar kulturar yver heile kloten (jamfør til dømes uppløysing av Jugoslavia på 1990-talet eller Irak-krigen på 2000-talet).  Men Jensen kjem aldri i nærleiken av å gå inn i ordskiftet på slike premissar. Han insisterar på å vera ein forsvarskjempar for vestlegt demokrati i møtet med islamsk ekstremisme, og soleides er han milelangt burte frå å vera den radikale nasjonalisten som Øyvind Strømmen og andre medie-upphøgde “ekspertar” hev freista gjera honom til.

Samstundes so terpar Jensen i forsvarsskriftet sitt på det vantande samsvaret millom eigne ytringar og Breivik sine handlingar, og der hev han visselegt ei god sak. Medan Jensen hev åtvara mot islamsk ekstremisme, so hev Breivik i “manifestet” sitt tvert imot ein openberr fascinasjon for massemord-metodane åt Al-Qaida.

Eit verbalt forsvarsverk

Det er i seg sjølv tendensiøst at media konsekvent hev tala um Breivik sitt “manifest”, for det nemnde «manifestet» er so langt undan eit manifest som det er moglegt å få det. Breivik hev raska saman meir enn 1000 sidor med ymse slags tekster til det han kallar for eit “kompendium”, og med det hev han sjølv demonstrert at han ikkje er i stand til å skapa nokon kompakt og forståeleg syntese av det som han hev lese. Breivik er med andre ord ingen ideologisk tenkjar. Det einaste han er i stand til å tenkja ut og gjenomføra er massemord. Det er media som hev insistert på at han skal vera ein politisk aktør med ein klårt definert ideologi, og det var til dette prosjektet dei trong Peder “Fjordman” Jensen…

Nett av di fyrste bolken i «Vitne til vanvidd» er so dramatisk som han må verta, so er lufti på mange måtar ute or ballongen i dei tri etterfylgjande bolkane – endå so utførlegt Jensen tek fyre seg både Breivik-”manifestet” og rettsprosessen kring Breivik. Boki tek seg likevel upp att mot slutten, der Jensen gjer greida for sine eigne politiske synsmåtar.

Jensen er grundig og detaljert, sume vil kanskje segja at han er altfor detaljert. Samstundes er det forståelegt at Jensen vil nytta høvet til å heilt konkret få attendevist det som han er vorten skulda for i massemedia. Den jobben hev han no gjort, og i ei ideell verd so hev kritikarane rett og slett ikkje gjort heimeleksone sine dersom dei held fram med å kolportera gamle skuldingar utan faktisk grunnlag. I den verkelege verdi derimot, der er nok Jensen nett like brennmerkt og utestengd frå det offentlege norske ordskiftet som han var frå fyrr av…

O. Torheim

  • spirild

    Mediene, politikerne, migrantene; Hva jobber de med?

    • spirild

      Mediene jobber for ytringsfriheten-
      Politikerne jobber for Folkemakt-
      Migrantene jobber for å tilpasse seg-

      • Olav Torheim

        Var det sanningsministeriet eller satireseksjonen som det heitte der du hadde fenge deg ny jobb, sa du?

        • spirild

          Pick and choose…

          Artikkelen din fortjener oppmerksomhet.

  • Peder Fjordman Jensen

    Takk for anmeldelse. Du var ikke ukritisk, men du omtalte i det minste boka. Det er mer enn de fleste norske massemedier har gjort.

    Min bok er faktisk kortere enn boka Åsne Seierstad skrev om samme sak. Jeg vil forsvare lengden med at jeg dokumenterer en del sider ved denne saken som ingen andre bøker har gjort. Hvis jeg ikke gjør dette blir det ikke gjort, og disse sidene ved saken vil forsvinne inn i historiens glemsel.

  • Utmerket og grundig artikkel. Den behandlingen Jensen er blitt utsatt for i den norske offentligheten er avskyelig. De som er ansvarlig, både for å pushe den og de som «bare» har hengt seg på, er usinger av simpleste kaliber. En dansk motstandmann sa en gang at «de bakerst i 4. divisjon blir de fremste i 5. kolonne». Det ser vi tydelig i det skaldrekoret som har angrepet Jensen og som også står for alt som er galt med Norge i 2016.

    Selv om jeg støtter Jensen for hans sivilkurasje og som menneske i den prosessen han har vært igjennom, er jeg samtidig likevel kritisk til en side ved hans informasjonsvirksomhet.