Homolobbyen, finst han?

Slagordet “Knus homolobbyen” hev i vika som gjekk skapt yverskrifter både i NRK og Dagbladet, og bylgjone hev gjenge vidare i sosiale media. Det faktum at det er «nynazistane» i Nordfront som hev kasta umgrepet ut i offentleg norsk debatt hev gjeve god grobotn for eit moralsk indignert hylekor. Men kva er ein “homolobby”, og finst denne lobbyen eller finst han ikkje?

Det liberale demokratiet er i hendene på lobbyar av ymist slag. So lenge det er presidentvalkampen i USA som er konteksten, so er det ikkje ein gong noko spursmål um det. Militær-industrielle kompleks, olje-lobby, atom-lobby, Israel-lobby: Ingen kjem seg upp og fram utan å ha eit organisert nettverk å stø seg på, det er NRK- og Dagblad-journalistane hjartans samde i. Men i Noreg, her stend me vel alle på like fot, same um me heiter Jens Stoltenberg eller Jørgen Hattemakar? I grunnen veit me alle at me ikkje gjer det…

"HOMOLOBBY": Det var Nordfront som var fyrst ute i Noreg med å setja namn på eit velorganisert gender-ideologisk nettverk, og media fylgjer gladelegt upp med eit hylekor som skal tabuisera denne unemnelege lobbyen ein gong for alle (lyder det ikkje litt kjent, når ein tenkjer etter?).

«HOMOLOBBY»: Det var Nordfront som var fyrst ute i Noreg med å setja namn på eit velorganisert gender-ideologisk nettverk, og media fylgjer gladelegt upp med eit hylekor som skal tabuisera denne unemnelege lobbyen ein gong for alle. Lyder det ikkje litt kjent, når ein tenkjer etter? (Foto: Skjermdump frå dagbladet.no).

For å forstå agendaen åt det som ein kann kalla for “homolobbyen”, so må ein fyrst forstå umgripi “kritisk teori” og “interseksjonalitet”. Den kritiske teorien uppstod på 1930-talet. Sentrale tenkjarar var Adorno, Horkheimer og Marcuse, og dei er vortne kalla for “Frankfurterskulen”. Kjernehypotesen åt Frankfurterskulen er at heile samfundet er gjenomsyra av ymse slags ideologiar som held einskildmenneske nede. Den kritiske teorien kann nyttast til å dekonstruera desse ideologiane og soleides frigjera einskildmenneski.

Kritisk teori: Kunnskap um røyndi finst ikkje. Alt er ideologi.

Frankfurterskulen vart upphavlegt kalla for “nymarxistisk”, med di han bygde vidare på marxistisk teori. I marxismen skil ein millom yverbygnad og materiell basis (produksjonsmidlar og produksjonstilhøve). Etter det som Karl Marx sin dialektiske materialisme fortel, so er religionar, ideologiar og andre slags tankebygnader einast den materielle basisen som vert avspegla i menneskeheilen. Um undertrykkjande ideologiar og religionar hev sett seg faste på det åndelege planet, so er det av di dei er til for å legitimera ei handfast undertrykkjing og utbyting på det materielle planet. Når den materielle undertrykkjingi og utbytingi tek slutt, so lovar marxismen oss at dei undertrykkjande ideane i neste umgang kjem til til å verta bytte ut med nye og frigjerande fyrestellingar.

Dette fekk ikkje dei nymarxistiske teoretikarane til å stemma: Med dei kommunistiske statane i Aust-Europa og med dei sosialdemokratiske statane i Vest-Europa so tok staten meir og meir kontroll yver økonomien. Motsetnaden millom arbeid og kapital skulde soleides verta løyst, og dimed skulde grunnlaget for undertrykkjingi vera burte. I staden upplivde ein at samfundet vart meir totalitært, som med stalinismen i Sovjet. Nymarxistane valde dimed å gå burt frå Karl Marx sin historiske materialisme. Det var likt til at dei undertrykkjande ideologiane levde sitt eige liv, utan umsyn til materielle tilhøve.

Tradisjonell lingvistisk teori gjeng ut på at setningar kann brytast ned i proposisjonar, påstandar som anten kann vera sanne eller usanne. Ei tala eller ein tekst er soleides ein straum av sovorne proposisjonar.

Kriteriet på sanning er at teorien vert stadfest i praksis (“the proof of the pudding is the eating”). Ei setning, til dømes “det regnar ute”, kann verifiserast eller falsifiserast med di ein opnar vindauga og stikk hovudet ut. Kritisk teori avviser på det sterkaste at dette er moglegt. I eit nordeuropeisk klima er kann henda regn noko heilt anna enn det er i eit meir tropisk klima. Og kva med observatøren: Kann henda personen som stikk ut hovudet er frå Bergen og hev ei heilt onnor fyrestelling um regn enn det ein person frå Oslo vilde havt? Ut frå kritisk teori er det soleides ingen kunnskapsverdi i setningi “Det regnar ute”. Det er tvert imot ei ideologisk meiningsytring som tvingar andre til å forstå verdi ikring seg på ein serskild måte.

Kritisk teori avviser soleides den hypotetisk-deduktive, vitskaplege metoden. Kunnskap er ikkje spegelbilæte av røyndomen, Kunnskap er ideologi. Ideologi som priviligerar sume menneske og undertrykkjer andre – som eit resultat av måten ein strukturerar verdi ikring seg på.

Som me kann sjå so er den kritiske teorien i sin ytste konsekvens ein slags obskurantisme, ein fiendskap mot kunnskap.

Kritisk teori: Undertrykkjande ideologi priviligerar og diskriminerar

Når ein segjer at det finst kvite menneske, so skil ein millom kvite og ikkje-kvite menneske. Det å vera kvit vert soleides eit “privilegium”, medan det å vera ikkje-kvit vert ein ettermun. På same måten er det med kynsrollor. Når ein skil manneætti upp i kvinnor og menn, so tvingar ein menneske inn i ein identitet. Å vera mann i kvinnekropp eller umvendt vert ikkje moglegt, langt mindre å vera halvt kvinne og halvt mann.

Ut frå klassisk vitskapsteori so vilde “Det gjeng ei kvinna ute på gata” vera ein fakta-påstand som kann vera sann eller usann (syntetisk setning). Ut frå kritisk teori er det ei ideologisk meiningsytring som tvingar eit menneske inn i ein identitet som det ikkje hev valt sjølv.

Interseksjonalitet: Yverlappande privilegium skaper ein rangstige

Dersom det er slik at ein undertrykkjande ideologi priviligerar sume og diskriminerar andre, kva skjer når fleire undertrykkjande ideologiar verkar på ein gong? “Interseksjonalitet” handlar um at undertrykkjande ideologiar av mange ulike slag gjeng inn i eit samspel. Privilegium av ymist slag kann yverlappa kvarandre – “intersect”, som det heiter på engelsk. Di fleire yverlapp, di høgare upp på rangstigen kjem ein. Mest priviligert er ein som kvit, heterofil mann. Minst priviligert er ein som svart, lesbisk kvinna. Sidan kvite, heterofile menner einast er ein minoritet i samfundet – på global basis ein knøttliten minoritet – so heiter det at det store fleirtalet i folket er undertrykte. Ikkje nok med det, folket undertrykkjer seg sjølve – berre med måten me alle tenkjer på.

Korleis skal ein so verta kvitt denne undertrykkjingi? Dersom det er slik at språket og umgrepsapparatet vårt i seg sjølv er ei kjelda til undertrykkjing, so trengst det eit nytt språk. Me kann ikkje lenger snakka um svarte, um homsar, um kvinnor – for då tvingar me dei til å vera nett det. Me må byrja å sjå oss sjølve som individ som sjølve vel kva me vil vera. Identitet, både nasjonalt og seksuelt, er noko som ein kann plukka og setja saman sjølv – nett som ein plukkar varor på ein supermarknad.

Eit verkty for liberalkapitalismen

Det segjer seg sjølv at kritisk teori og interseksjonalitetsteori er perfekt for det liberalkapitalistiske samfundet – nett av di det hev frikopla ideologiar frå dei materielle tilhøvi, og nett av di dei steller einskildindividet åleine framfor ei endelaus rekkja med val (som ingen kann gje deg fasiten på, men der misnøgje og uvisse er ei framifrå inntektskjelda for alle slags kommersielle interessor).

På denne måten er det fritt fram for “nye” politiske rørslor som til dømes Miljøpartiet Dei Grøne og Feministisk Initiativ. Klassekamp høyrde gårsdagen til. I dag er det “utsleppsfri” kapitalisme og “arbeidsliv utan diskriminering” som gjeld (lik rett for alle til å verta midlertidig tilsett…).

I staden for å analysera og kritisera det kapitalistiske systemet, so skal me kritisera og dekonstruera alle strukturar som kunde ha gjeve eit råmeverk for å by den globale kapitalismen motstand. Me skal ikkje ein gong få lov til å tenkja på at dei finst.

Den fyrste homofile interesseorganisasjonen vart skipa i 1950, og bar namnet “Det norske forbundet av 1948”. Den gongen var homofili framleis forbode, og homoseksualitet var so tabutyngt at dei ikkje ein gong kunde ha eit namn som fortalde kva det sveiv seg um. Seinare skifte dei namn til Landsforeningen for lesbisk og homofil frigjøring (LLH) – og i dag kallar dei seg for “Foreningen FRI – For kjønns- og seksualmangfold”.

Norsk “homolobby”: Frå avkriminalisering til tankepoliti

Desse tri namneendringane fortel um korleis fokuset deira hev endra seg: Dei byrja med å vera ein organisasjon som vilde avkriminalisera privatlivet åt ein liten minoritet og endar med å vera ein organisasjon som skal “dekonstruera majoriteten”. Den sokalla “heteronormativeten” må rivast ned, slik at ein fær eit spekter av alle slags glidande og yverlappande identitetar. På denne måten er dei i same båt som Antirasistisk Senter som arbeider for å gjera fyrestellingar um nordmenner og norskdom um til alt og ingenting – og der det hev kome so langt at ikkje ein gong kong Harald kann gjera anna enn å jatta med.

LGBT-organisasjonane er millom krondømi på vellukka lobbyisme. Barnetrygdi hev vore på 970 kr i månaden sidan år 2000. Meir enn ein halv million husstandar med born i alderen 0-17 år hev ikkje fenge ei kruna meir. Samstundes hev 2500 FRI-medlemer både fenge retten til å gifta seg kynsnøytralt og til å adoptera born – og kyrkja skal vigsla dei…

Eller tenk sjølv: Kvifor i alle dagar skal ein homofil platearbeidar på Stord vera meir uppteken av å jobba for Høgre-ordføraren i Oslo sin rett til å gifta seg med ein annan mann enn å stydja sin eigen heterofile arbeidskollega i ein lønskonflikt? Um ein ser på uppslagi i media eller engasjementet på sosiale media, so er det ingen tvil um kvar hen dei sterkaste kjenslone vert manipulerte fram…

Det er elles verdt å merka seg korleis vestlege styresmakter – på høgst selektivt vis – nyttar seg av feministar og seksuelle minoritetar i den geopolitiske kampen mot stabile statar som byd globalkapitalismen motstand. Nylegt kunde Klassekampen fortelja at våpenprodusenten «Kongsberg Gruppen» hadde nytta eit hundretusundtals kronor på å taka ungdomsparti med seg til USA – der dei millom anna fekk møta LGBT-rådgjevaren i Det Kvite Hus («Sponsa flytur», Klassekampen 20. september 2016).

Korleis møta homolobbyen?

Kva hev ein røyrleggjar i Arna, ein advokat på Os og ein elektroingeniør på Sotra sams? Ingenting, skulde ein tru – men brått var det einkvan som fekk ideen um å setja eit eige namn på folk som laut reisa ekstra langt til arbeid. Dei er alle pendlarar! Og vegen derifrå til å krevja eige reisefrådrag i sjølvmeldingi var ikkje lang…

Skal ein vinna yver ein motstandar, so må ein byrja med å sanna at denne motstandaren faktisk finst. Setja ord på honom. “Homolobbyen” er ein politisk og ideologisk aktør som finst, men som ikkje vågar eller vil segja namnet sitt. Slett ikkje alle er homofile, ikkje ein gong eit fleirtal av dei. Det dei hev sams er ikkje seksualiteten sin, men det at dei arbeider trottugt for å prakka på oss eit tankesett der det ikkje lenger skal vera lov å ha ein identitet som er røtt i noko handfast – korkje nasjonalt eller seksuelt.  Der “homo” i morgon er like fy-fy som “heteronormativ” er det i dag. Dette kjem til å koma som ein boomerang attende på oss alle.

Det er mange homofile som slett ikkje hev noko ynske um å dekonstruera samfundet ikring seg, men som liver godt med å vera eit standardavvik eller tvo utanfor det som er “normalt”. So lenge det finst ei Gauss-korg, so vil det finnast noko som er normalt og noko som er utanfor normalen. I alle fall so lenge ein er med på at det finst ein røyndom og at livet kann læra oss noko um denne. Diverre er det nett det som den kritiske teorien, interseksjonaliteten og “homolobbyen” ikkje vil vera med på.

O. Torheim