Uppstoda åt Vestmannen: Askelands neste redaktørkupp?

Er bladet Vestmannen daudt og gravlagt eller skal bladet stå upp att i ei nettutgåva? Redaktør Kjell Kjerland er sjølv er upprådd yver stoda for bladet og gjev Jon Askeland andsvaret for at ingenting skjer. Samstundes varslar Jo Gjerstad frå Bodoni Hus at eit nytt nummer alt er i kjømdi.

-Kva hende med Vestmannen, redaktør Kjerland? Siste nummeret kom i 2010 og etterpå hev ingen sett meir til det. Kann ein etter seks år slå fast at Vestmannen er nedlagd for godt?

Nei, bladet finst enno – og det er framleis eg som er redaktør. Det skal koma ei nettutgåva.

-Kann du segja noko um kva tid me kann venta oss å sjå Vestmannen på nett då?

Det er stjorni i Vestmannalaget som avgjer dette, men formann Jon Askeland er stødt so uppteken med andre ting. Det er snaudt råd å få tak i honom…

Øvst til vinstre: Det siste Vestmannen-nummeret fyre Marøy og redaksjonsmedarbeidarane hans vart sette på porten. Nedst til høgre: Det siste Vestmannen-nummeret som Kjell Kjerland redigerte - fyre Jon Askeland stogga prentingi av fleire nummer.

Øvst til vinstre: Det siste Vestmannen-nummeret fyre Marøy og redaksjonsmedarbeidarane hans vart sette på porten (2002). Nedst til høgre: Det siste Vestmannen-nummeret som Kjell Kjerland redigerte – fyre Jon Askeland stogga prentingi av fleire nummer (2010).

-Og dei gamle skribentane, som Horge og Steffens, stend dei reiduge til å kasta seg inn i arbeidet med nettutgåva?

Det er diverre lenge sidan Horge og Steffens gav ljod frå seg…

-Kva er grunnen til at utgjevingi på papir hev stogga då, og det utan ein gong å varsla um at det skulde halda fram i nettutgåva?

Eg hev aldri slutta å arbeida med Vestmannen, men sende jamt og trutt stoff til Bodonihus som tok seg av det prentetekniske. Brått so vart det berre full stopp med prentingi av fleire nummer – og det som vart sagt til meg er at det vart for dyrt å gjeva ut bladet på papir. Samstundes gjorde styreformann Askeland det klårt at bladet ikkje var lagt ned og at eg framleis var for redaktør å rekna. Eg er aldri vorten fortald noko anna.

-No hev det gjenge seks år sidan siste papirutgåva kom. Du talar altso um ei framtidig nettutgåva, men finst det handfaste planar um å koma i gang att med bladet?

Det skal sendast ut eit papirnummer til tingarane for å varsla dei um nettutgåva, men kva tid må du spyrja Askeland um – det er han som sit med pengane.

-Finst det ikkje pengar att hjå Vestmannen då?

I Vestmannalaget finst det pengar. Vestmannalaget arva nylegt pengane åt ein rik sympatisør i utlandet (som Målmannen-redaksjonen veit var god for kring 10 millionar, red.). Men det er Jon Askeland som sit med pengesekken.

-Dersom det skal sendast ut eit nytt papirnummer til tingarane, so er vel det på høg tid no som det er seks år sidan fyrre nummeret kom ut. Tingarar både flytjer og døyr i millomtidi, so di lengre tid det tek, di færre kjem det framtidige siste nummeret til å nå ut til.

Alt dette er slikt som du må segja til Askeland, det er berre å skvetta vatn på gåsi å segja det til meg.

-Korleis kann det ha seg at det ikkje skjer noko med Vestmannen då? Er ikkje bladutgjeving og onnor utetterrett verksemd noko som eit høgnorsk mållag faktisk bør prioritera?

Du må spyrja Askeland um dette òg.

Boki um sjukdom og helsestell, med fyreord på bokmål, er den siste boki i ein lang serie frå utvandringssenteret - som vert finansiert av det tradisjonsrike høgnorsk-mållaget Vestmannalaget.

Med det tradisjonsrike bladet Vestmannen vart det bom stopp i 2010 – grunna altfor høge kostnader. Samstundes held Vestmannalaget fram med å finansiera den eine boki etter den andre hjå Vestnorsk Utvandringssenter på Radøy – der den siste boki i serien kom i vår. Eit spursmål um prioriteringar?

-Det er lenge sidan no, men den gongen me stod på kvar vår sida i striden i høgnorskrørsla, so sveiv det seg etter vårt syn um nett dette spursmålet: Skulde Vestmannalaget prioritera bladutgjeving og utetterrett verksemd eller skulde det vera ein intern koseklubb for pensjonistar? Me meinte Askeland-lina vilde føra til at Vestmannalaget sovna inn som mållag og at det berre var eit tidsspursmål fyre Vestmannen vart lagd ned. Kann ein ikkje segja at me hadde rett i kritikken vår?

Jau, det kann du godt segja.

-De tok yver eit blad som hadde vorte drive i meir enn 15 år, med stort skribentgalleri og med hundradtusundtals kr på konto. 8 år etter so var det slutt. Målmannen laut derimot starta frå grunnen av, etter at upptaksmennene var vortne sparka ut or Vestmannen-redaksjonen, og no er det me som er inne i 15. årgangen. På Facebook hev me fenge meir enn 1000 stydjespelarar. Kann ein ikkje segja at Målmannen no hev teke yver den rolla som Vestmannen hadde tidlegare?

Jau, det kann du godt segja…

Det var ikkje råd for Målmannen å koma i kontakt med Jon Askeland, som korkje tok telefonen på heimenummeret sitt eller på jobbnummeret på Universitetet i Bergen. Derimot so greidde me å koma i kontakt med Jo Gjerstad frå prenteverket Bodoni Hus:

-Kann du svara oss på kva som skjer med Vestmannen, Jo Gjerstad? Er bladet nedlagt eller skal det koma ut att?

Nei, bladet er ikkje nedlagt. Det skal koma eit stort og utvida Vestmannen-nummer til jol, og bladet skal koma både på papir og digitalt.

-Kva er grunnen til at bladet ikkje hev kome ut sidan 2010?

Grunnen er skort på kapasitet.

-Skort på kapasitet, kva meiner du med det? Skort på pengar, skort på skribentar eller skort på blekk hjå Bodoni Hus?

Det hev som sagt vore skort på kapasitet til å gje ut bladet.

-Kjem Kjell Kjerland til å vera redaktør for det nye nummeret som du no varslar skal koma ut?

Det kann eg ikkje gje deg noko svar på. Men eg hev ikkje tid til å snakka meir no, du må ringja meg upp att i morgon dersom du vil vita meir.

Noko av det siste som Vestmannen-utgjevarane gjorde fyre dei stogga prentingi av fleire nummer, det var å beda tingarane um meir pengar...

Noko av det siste som Vestmannen-utgjevarane gjorde fyre dei stogga prentingi av fleire nummer, det var å beda tingarane um meir pengar…

Askelands neste redaktørkupp?

Konfrontert med upplysningane frå Jo Gjerstad so vert Kjell Kjerland reint ovandotten. -Til meg er det heile tidi vorte sagt at eg framleis er redaktør og at det var reint økonomiske grunnar til at bladet enn so lenge laut ta ei pause, hevdar Kjerland.

Formann i Vestmannalaget, Jon Askeland, var diverre ikkje tilgjengeleg for kommentar (Foto: Skjermdump frå heimesida åt UiB).

Formann i Vestmannalaget, Jon Askeland, var diverre ikkje tilgjengeleg for kommentar (Foto: Skjermdump frå heimesida åt UiB).

Kjerland undrast no på um Askeland hev valt å køyra sitt eige laup, medan redaktøren vert halden i myrkret um den røynlege agendaen. -Eg veit at Askeland og Gjerstad hev tett kontakt, segjer han.

Målmannen-redaktør Torheim er på si sida ikkje det minste undren yver det som kjem fram. Han minnar um at handlemåten slett ikkje er so ulik den som Askeland tok i bruk for å kvitta seg med Vestmannen-redaktøren og redaksjonsmedarbeidarane hans i 2001/2002. -Soga tek seg alltid upp att, som Karl Marx ein gong sa det: Fyrste gongen som tragedie, andre gongen som farse…

Redaksjonen

Les ogso: Askeland festar grepet – innfører gubbevelde i Vestmannafondet