Intervju med «Der Dritte Weg» (Tridje Vegen)

Det nasjonal-revolusjonære partiet Der Dritte Weg hev markert seg sterkt i Sud-Tyskland med politiske aksjonar og demonstrasjonar på gata. Interessa for rørsla er aukande, og Målmannen hev teke ein prat med partiformann Klaus Armstroff.

-For dei av lesarane våre som enno ikkje kjenner til rørsla dykkar: Kann de stutt fortelja oss litt um Der Dritte Weg?

-Den 28. september 2013, i den historiske byen Heidelberg, vart partiet “Der III. Weg” grunnlagt som eit nasjonal-revolusjonært partipolitisk alternativ til BRD-partisystemet.  “Der III. Weg” reknar seg ikkje berre som eit valparti, det er snarare ei nasjonal folkerørsla. Me tek meiningane våre med oss ut på gata, me driv med kulturarbeid og me vil skapa ei hopehavsånd som gjeng vidare enn det reint partipolitiske. Til dømes med sports- og fritidstilbod for aktivistane våre. Det er ikkje berre tyske statsborgarar som kann verta med, me er opne både for folketyske, utlandstyske og tyskarar i Sveits og Austerrike.

Uppstilling til demonstrasjonstog med Der Dritte Weg, 1. mai 2016.

-De skildrar dykk sjølve som “nasjonale”, “revolusjonære” og “sosialistiske”. Kva tyder desse tri umgripi for dykk?

-Partiet “Der III. Weg” reknar seg sjølv som nasjonalt, revolusjonært og sosialistisk. Når ein set desse tri umgripi saman, so gjev dei ein heilskapleg verknad: Ein fører det politiske, det økonomiske, det sosiale og det åndelege livet saman i ein syntese som danar grunnlaget for ei meiningsfull og livsnaudsynt samfundsordning for det tyske folket.

Sjølvforståingi vår, sjølvforståingi åt kvar og ein som er med i partiet vårt, ho er altso nasjonalt og sosialistisk prega. Ho syner seg i revolusjonær handling på alle livsumkverve og samfundsumkverve.

Dei realpolitiske konklusjonane åt “Der III. Weg” er soleides:

Me er NASJONALE

Av di ei grunnleggjande samfundsendring – ei uppattnying – einast kann skje innanfor eit nasjonalt råmeverk. Det er innanfor det råmeverket nasjonen gjev oss at målsetnader for heile folket – nasjonale målsetnader – kann definerast og kjempast fram. Desse nasjonale målsetnadene er både politiske og kulturelle, og det sviv seg um å sikra yverlivnaden åt det tyske folket som naturlovfest yverlevingshopehav.

Me er  REVOLUSJONÆRE

Av di den nemnde uppattnyingi av samfundslivet, med og for folket vårt, einast kann verta nådd med ei total åndeleg uppattnying av den politiske tenkjingi. Revolusjonær heiter altso at me ynskjer oss ei heilt ny stemneleid, både politisk og kulturelt. Me reknar det tyske folket som livsmidpunktet, og upp mot den internasjonale og kapitalistiske ideologien set me fyrestellingi um ein progressiv og sosialistisk nasjonalstat av det “völkische” slaget. Det revolusjonære i dette er at det inneber ei total uppattnying på alle umkverve i samfundslivet åt folket vårt. Me reknar verdsåskodingi vår som altumfemnande.

Me er SOSIALISTISKE

Av di me arbeider for ei rettvis samfundsordning for heile folket vårt. Ei samfundsordning der folket er for eit organisk hopehav å rekna – der kvar og ein hev si eigi sergjerning å setja ut i livet, i tenesta for heile folket. Soleides kann liveregelen vår einast lyda slik: Frå MEG til OSS!

Dette heiter ikkje at me ser burt frå verdien åt det einskilde mennesket, snarare tvert imot. Me reknar menneskeverdet for ein sentral verdi i eit sunt samfund, og me ynskjer på ingen måte å tyna personlegdomen åt einskildmenneske – slik dei i si tid gjorde i dei likeretta kommuniststatane. Me ynskjer snarare å hjelpa personlegdomane fram og få det beste ut or kvart unike einskildmenneske. Soleides dyrkar me fram personar som gjev den størst moglege skaparkrafti – ei skaparkraft som kjem heile folket til gode.

-Kva slags aktivitetar legg de tyngdepunkti dykkar på? Korleis gjeng de fram i kvardagen for å styrkja og byggja den politiske rørsla dykkar?

-Aktivitetane våre er tufta på konseptet um “tri søylor”: Den politiske kampen, den kulturelle kampen og kampen for hopehavet.

Den politiske kampen fører me framfor alt med flygebladaksjonar, demonstrasjonar, infostands, folkemøte og med ei alltid godt uppdatert nettsida.

Utyver dette so tek me vare på vår eigen kultur med årlege festdagar som hausttakkefest (Erntedank), vårfest, jolefest, jonsokfeiring og vintersolvendingsfest.

Sams utflukter, sportsaktivitetar, vandringar, læger og musikkveldar er med på å styrkja hopehavet vårt.

-Nasjonalistane var i årevis dei einaste som åtvara mot problemi med masseinnvandring og globalisering. Som fylgja av dette hadde eit radikalt parti som NPD gjort det bra med inntog i delstatsparlamenti i Sachsen og Mecklemburg-Vorpommern. No hev ein fenge AfD som dukka upp mest yver natti og som alt hev tilslutnad frå kvar fjorde tyske borgar. På denne måten er det vorte klårt og tydelegt for alle at borgarane for lengst er luta leide av mangkulturen, og like fullt vonar folk flest at endring skal koma innanfor råmone åt det rådande systemet. Finst det her eit potensial for ei radikalisering?

-Mange tyskarar hev røysta på AfD av di media hev framstelt desse som eit alternativ til makteliten. Og mange borgarar tenkjer at dei med ei røyst til AfD faktisk kann uppnå noko – medan ei røyst til meir radikale parti er for ei “burtkasta” røyst å rekna. Sjølve trur me ikkje at AfD kjem til å driva igjenom nokor røynleg samfundsendring. Men mange borgarar hev med sine AfD-røyster for aller fyrste gongen våga å ta steget og taka stoda for eit “nasjonalt” partialternativ. Det heiter at terskelen er vorten lågare for å slutta upp um endå meir radikale alternativ i framtidi.

Til dømes var det interessant å sjå resultati i 2016 for kommunalvali i Hessen: I byane Wetzlar og Büdingen stelte AfD ikkje til val, og der var det i staden NPD som fekk meir enn 10% av røystene. Ein kann altso slå fast at veljarane alt no er reiduge til å gå for endå meir radikale parti enn AfD.

-Korleis er stoda når det kjem til statlegt represjonstrykk mot rørsla dykkar, og korleis møter de denne represjonen?

-Represjonen og det offentlege trykket aukar heile tidi på. Forfylgjingi av nasjonalsinna i BRD kjenner ingen grensor. Det same gjeld i privatlivet. Utstøyting på arbeidsplassen og i idrottslag hender dagstødt. Antifa og massemedia verkar her som handlangarar for systemet.

Me freistar å verna um medlemene våre so godt som det let seg gjera. Upp mot den statlege represjonen steller me vårt eige intakte, solidariske hopehav. Aktivistane våre veit at dei hev andre ikring seg som steller upp i alle slags naudsituasjonar.

-Svært mange nasjonalistiske demontrasjonar hev framigjenom vorte forbodne av politiet eller blokkerte av vinstreekstrem mobb. “Der III. Weg” hev i dei seinaste åri lukkast med å pressa igjenom sine eigne fyrstemai-tog og Heldengedenken-markeringar. Dette hev de lukkast med, endå so mykje dei vinstreekstreme mobiliserte og endå so brutale og upålitelege som politiet hev vore.  Korleis klarar de dette?

-Når ein set seg målsetnader, so må ein ogso verkelegt ha viljen til å nå desse målsetnadene. Det fører til dømes ingen stader når ein lovar medlemene og veljarane sine at ein skal koma inn i eit delstatsparlament – og det når ein ikkje ein gong sjølve trur at ein skal klara dette og målet under alle umstende er umoglegt å nå. Slik demotiverar ein berre sine eigne troppar. Nett på same måten er det med våre demonstrasjonar, som på 1. mai.

For oss var det alt på fyrehand klårt at dei vinstreekstreme, i samarbeid med styresmaktene, kom til å freista å stogga demonstrasjonen vår. Slik var det i 2015 i Saalfeld og på same måten var det i 2016 i Plauen. Båe gongene so svara me med å offisielt uppløysa demonstrasjonen og lata dei um lag 1000 demonstrasjonsdeltakarane få gjera det som dei reint individuelt skulde få lyst til å finna på. Heftige samanstøytar med politiet fylgde ved båe høve, og endskapen var kvar gong at ein fekk marsjera likevel.

Slike framgangsmåtar krev under alle umstende at den einskilde aktivisten er reidug til å ofra seg. Samstundes er det grunnleggjande viktugt at det framfor kvar demonstrasjon vert gjort eit godt mobiliseringsarbeid og at demonstrasjonen er godt planlagd og organisert. Utyver dette so gjeld det at me offentlegt stend fram i eit best moglegt ljos, til dømes at alle kler seg einskaplegt med eigne kampanjetrøyor.

-Kva er dei viktugaste dagsaktuelle politiske emni som de kastar fram i ålmenti?

-Den systematiske framandgjeringi med etnisk og kulturelt framande utlendingar, og serskilt asylstraumen inn i Europa, er det temaet som me nyttar mest kraft på å kasta fram i offentlegt ordskifte. For denne framandgjeringi fører folket vårt rett i døden.

Utyver dette so gjenomfører me stødt småe kampanjar – som til dømes mot dyremishandlingi på sirkus, minneaksjonar for dei fordrivne tyskarane, boikottaksjonar mot imperialistiske statar eller tysk vinterhjelp der me hjelper vandslegstelte tyskarar med gratis klede.

Tysk vinterhjelp: Aktivistar frå Der Dritte Weg steller upp med innsamla klede til vandslegstelte tyskarar.

-Noko meir som de gjerne vil segja til lesarane våre?

-Det me vil at dei norske lesarane skal ta med seg vidare på vegen, det er at det einast er med ein heilskapleg strategi at me enno kann berga heimlandi våre. Denne heilskaplege strategien inneber både politisk kamp, kulturell kamp og eit liv i hopehav med meingsfrendar og kampfelagar. Me kann ikkje avgrensa oss til ein kamp for å få plass i parlamenti.

Intervjuet stod på prent i Målmannen nr 4 2016.