Systemet er problemet

Sosial dumping, lønsnedsetjing og tapte faglege og sosiale rettar er lekk i den globale økonomiske krigen USA fører. Denne krigen hev for lengst kome til Europa og Tyskland. Å avgrensa seg frå elendet hjelper ikkje.

Protestar og streikar som endar i gateslag i Frankrike. Demonstrasjonar i Belgia, Portugal og Hellas. “Innsparingspolitikken” åt dei politiske og økonomiske elitane i Europa gjeng sin gang. Stødt fleire menneske svarar med å ta til gata. Brennande bostunnor fortel um folkemassar i raseri. Politiet grip inn, brusteinsregnet vert møtt med tåregass og batongar. Upptrapping trugar.

Kva hender? Styresmaktene stryper løner, sosiale studnadsordningar og alderstrygder. Dei set upp pensjonsalderen, dei let arbeidsmiljølovfeste rettar få gå yver i soga – jamvel i Tyskland. Dei som vert råka fær høyra at endringane er “smertefulle, men naudsynte” – og alt pakka inn i mediedebattar um late trygdemottakarar og “taparane hev seg sjølv å takka”-retorikk. Samstundes fær dei rikaste gleda av å putta dei umfordelte velferdsmidlane rett ned i eigi lumma. Burtforklåringane er det ingen som kann tru på – med mindre ein tenkjer at økonomien fungerar på same måten som Oma Else si setlebok.

“Det er ikkje noko å lura på: Fordelingskampen kjem til å verta hardare.”

Lat oss koma i hug at me i våre dagar, med stødt mindre menneskeleg innsats, produserar meir enn nokosinne. Berre i det seinaste tiåret steig det verdsvide bruttoinnlandsproduktet med nesten 60 prosent – til 75 billionar US-dollar i år 2015.

Det syner oss: Kvar ei lovendring som lengjer den yrkesaktive alderen er reine tyleferdi når ein tek den aukande automatisering med i reknestykkjet. Det er berre eit middel til å skjerpa utbytingi, gjera folkemassane til kniktar under monopolkapitalen. Dei menneski som ein framleis hev bruk for skal få arbeida til dess dei stuper, dei hine skal få lov til å gå i hundane – utan studnad eller medynk frå nokon, sidan politikarar og media alt hev slege fast at det ikkje er noko synd i dei. Alt dette for å sikra rikdomen åt ein liten minoritet.

Med repressive likerettingslover som Hartz IV eller dei nyss innførde “integrasjonslovene”, so er ein sikra at det til kvar tid finst ein her av dei viljuge – uorganiserte arbeidslause som kva tid som helst kann gå inn og ta dei lågtlønsjobbane som skulde venta på dei. Ingen av dei nemnde lovene er noko anna enn eit samansurium av svartpedagogisk kadaverdisiplin. Dei segjer til den vesle arbeidsmannen: Teg stilt! Um du segjer frå, so finn me ein billegare slave som kann ta jobben din!

Resultatet: Stødt fleire vert uppsagde. Arbeidstakarane hev ingen tingingsfridom att. Dei ein gong so mektige fagforeiningane, som i millomtidi hev mutert til å verta statsbyråkratiske varveitslingsorgan, hev ingenting dei skulde ha sagt. Dei dårlegast stelte menneski kjempar um jobbane – der dei tidlegare kunde stå saman. Serskilt gjeld dette tenesteytande yrke, som i Tyskland tel heile 25 prosent av arbeidsstokken.

Millom dei arbeidslause finn ein dessutan det store fleirtalet av dei ulovlege innvandrarane som i 2015 strøymde inn i Tyskland. Sidan dei ikkje hev nokor relevant yrkesutdaning eller studiekompetanse, so vert dei verande millom klientellet. Etter at dei endelegt hev fenge upphalds- og arbeidsløyve, so hev dei ikkje anna å gjera på enn å jakta på jobbar i lågtlønssjiktet – og der er det alt mange nok um beinet. Dei vert nøydde til å beda staten um hjelp, og soleides held dei berre fram med å vera til last for sosialsystemet.

Ja, kapitaleigar-krigen mot lønsmottakarane er godt i gang. Slummen hev alt etablert seg i Europa, og – kven hadde trudd det for 25 år sidan – jamvel i dei tyske storbyane. Midt i millom oss veks det fram elendssamfund som trugar den sosiale freden.

Det er yver og ut med småe og trygge verder i trafikkfrie, grøne rekkjehus-grannelag. Ingen økobonde, ingen helsekostbutikk, ingi bio-frukostblanding kjem til å berga oss frå denne vanstoda. Miseren skriv seg ikkje frå vantande øko-bensin. Miseren er snarare super-bensinen åt elitane som stødt ynskjer snøggare umfordeling yver i eigne lummor. Stødt snøggare og meir effektivt so fyller dei denne super-bensinen på tankane sine. Superbensinen deira hev mange namn: Oreigning, hertaking, kontroll, tyning, åger…

Problemet er like globalt som rikfolket si imperialistiske krigføring for økonomisk herredøme er det. Det potenserar seg med visnande solidaritet millom millionar av småe konkurrentar som kjempar um jobbar, bustader, sosialt umdøme og den vage sjansen til å “gjera karriere”.

Det er ikkje noko å lura på: Fordelingskampen kjem til å verta hardare. Det syner seg ikkje berre med mobbing på arbeidsplassen. Ikkje berre med køar framfor bemanningsfirmaet. Ikkje berre med Pegida og med fanatiske vinstreekstreme motdemonstrantar. Det syner seg dessutan i den stille vanvyrdnaden som me møter gamle menneske og huslause med på gata. Det syner seg med vantande reaksjonar på skjerpa Harz IV-lover – eller med vantande reaksjonar på dei paternalistiske uppsedingslovene for asylsøkjar-familiar.  Dei sistnemnde er visselegt komne illegalt inn i Europa, men det er den globale giren etter nytt og utskiftande menneskematerial som hev lokka dei til oss.

I grunnen burde me verta rasande yver at elitane ikkje sjølve vil taka konsekvensane av deira eigen politikk. Elitane held i staden fram med å tyna mest moglegt ut or dei som stend ved samlebandi, dei som vaskar toalett eller dei som steller born, gamle og sjuke. Dette gjer dei i framhaldet av alt det andre dei hev gjort. For den “meirverdien” som vanlege arbeidarar hev skapt, han er for lengst komen inn på kontoane deira – ikkje våre. Men me vel å kasta blikket ned – i smug eller heilt openlyst – på dei som er endå dårlegare stelte enn oss sjølve. Komplekset um at “slike hev seg sjølve å takka”, det er diverre so altfor fast forankra.

So lenge tilhøvi ikkje endrar seg, korkje i Europa eller i verdi elles, so er det ikkje rart at arme sigøynarar satsar alt på eitt kort og freistar søkja lukka i dei “rike” vesteuropeiske landi. Ein jobb, eit hus… alt det kann ein missa. Familien derimot, han vert verande. Og slik samlar dei seg, som i hundreåri fyreåt, i moderne husvogner og legg ut på reisa. Meir enn nokosinne, for grensone er vortne flytande. Med seg på reisa tek dei det som i hundradtals år hev vore deira eigen ukultur – med tjuveri, prostitusjon og tigging. Fylgjone ser ein i millomtidi i kvar ein tysk storby der desse menneski slær seg ned.

Det er desse tilhøvi som me treng um å endra. Skal me få til det, so er det ikkje nok å solidarisera seg med eit nedrykkstruga millomsjikt. Me må ta kvar ein tiggande sigøynar, kvar ein afrikansk flyktning, kvar ein asylsøkjande muslimsk familie, kvar ein innvandra austeuropear, kvar ein heimlaus tyskar – med oss i båten. Ingen av desse fortener å sitja tiggande i ein slum i Berlin Mitte, i Duisburg-Marxloh eller i Frankfurt-Gutleutviertel. Alle desse – og kvar ein svolten unge i Somalia, kvar ei tekstilarbeidarinde i Bangladesh, kvar ei bulgarsk gateprostituert, kvar ein muslimsk familie i eit tyrkisk flyktninglæger – hev med oss òg å gjera, um me likar det eller ikkje. Dei er ein part av den røyndomen som mange let att augo for, men som berre pressar seg meir og meir på. Problemet er heile systemet!

Dette systemet skaper sosial ulikskap med di det kløyver upp samfundi, plukkar dei ifrå kvarandre og set dei ihop att slik det til kvar tid høver interessone åt storkapitalen. Det er nokre fåe menneske som kontrollerar mykje. Langt burte frå ghettoane og slummane i europeiske storbyar, i “gated communities” med høge murar, videoyvervaking og vakttenestor – langt undan all kriminalitet. Det er desse menneski som me lyt få stelt til andsvar – slik at andre menneske slepp å reisa frå heimlandi sine, men helder kann få ha meiningsfulle liv på stadene der dei hev dei etniske og kulturelle røtene sine.

Og: Me er nokre slags krigsflyktningar, me òg. Me flyktar frå økonomisk ulevelege billeg-jobbar eller me gøymer oss attum skrivebordi våre, som – enno – gjev oss ei månadsinntekt. Enno!

Th. Villmannen

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 4 2016.