Kva skal vera ditt Meland?

Ein skal ikkje ha budd so lenge på Holsnøy fyre ein skynar at det finst ikkje lenger eitt Meland, det finst tvo…

Det finst eit stort og anonymisert Meland, skapt av private utbyggjarar og byfolk som vil ha «billeg tomt» (som Frank Årebrot sa det). Medan folketalet hev auka på, so hev kommunesenteret vorte redusert til Rema 1000 og Max Fitness. Frekhaug er åt å verta ein sovande bergensutkant, ikkje so ulikt Flaktveit i Åsane.

Faksimilie frå Avisa Nordhordland, 26. desember 2018.

Ein skal ikkje so mange kilometer lengre nord fyre ein finn eit  anna Meland. Eit Meland der alle kjenner alle, og gjerne heilt sidan dei var småe. Der tilflytjarar må rekna med at folk ser deg an i nokre år fyre dei tek deg inn i varmen – eller let vera, um dei helder vil det.

So nære kvarandre, og likevel so langt burte.

Den franske politiske tenkjaren Charles Maurras tala um tvo land, «det lovlege landet» og «det røynlege landet». Det lovlege landet var den liberaldemokratiske staten, eit abstrakt og andletslaust system der personlegt andsvar var pulverisert. Det røynlege landet var tufta på lokalsamfund, på blodsband og på personleg venskap. Det røynlege landet forvitrar burt under trykket frå det lovlege landet – me vert gjorde til forbrukarar, til klientar, passive mottakarar av offentlege, private og kommunale «tenestor».

I siste nummer av MelandJul fær me småe glimt frå eit Meland som er under press, men som enno yter motstand. Med Nordhordlandspakka skal endå fleire vegar byggjast og endå fleire byggjefelt opnast, men det landskapet som vert lagt under asfalt og betong er ikkje utan soga.

Lokalhistorikar og vasskultiveringsentusiast Arnt Brakstad gjev oss yversyn yver dei mange fjelltoppane i kommunen. Det er ikkje ein einaste steinknaus som ikkje hev havt eit namn. Og apropos stein: Er det noko som Meland framigjenom hev vore rikt på, so er det steingardar og steinkonstruksjonar. Mållagsmannen og turrmuraren Håkon Aasen tek fyre seg dei tradisjonelle jordkjellarane som Nordhordland hev flusst med. Her kann både eple og potetor lagrast frostfritt heile året. No som smartmålarar og sjøkablar er åt å føra straumprisane upp på kontinentalt nivå, so er desse «straumlause kjøleskåpi» kanskje verdt å ta i bruk att?

I våre dagar er det kommunen som syter for vassforsyning, med ny vassleidning og nytt pumpehus ved Storavatnet som det siste prosjektet. Men ein skal ikkje meir enn nokre tiår attende i tid fyre Rossland hadde sitt eige vasslag, og der vassleidningi vart lagd på dugnad. I MelandJul fær me lesa soga um «Rossland Vasslag».

Storavatnet på Holsnøy, sett frå Eldsfjellet.

Av andre gripande vitnemål frå ei tid og eit samfund som snart er burte so kann me høyra um menneskelagnader på Io i gamal tid, um born som voks upp foreldrelause og som sjølve upplivde å missa helvten av ungane sine. Eller um sjøfolk frå Mollekleiv som vart torpederte og yverlivde 48 dagar på ein flote i Atlantaren. Dei let seg ikkje knekkja. Harde tider skaper harde menneske.

Frå fysikkens lover so veit me at ein ikkje kann flytja noko utan at ein sjølv hev tyngd (konservert rørslemengd). Eit levande lokalsamfund treng menneske som er røtte i eigen kultur, soga og identitet.

Meland kommune gjeng snart yver i soga, men det heiter ikkje at ein treng å hanga med hovudet. Um det um 10-20 år framleis finst eit Meland, so er det det Meland som ein finn vitnemåli frå i MelandJul – og ikkje i festtalor frå politikarar, frå gigantomanien åt private utbyggjarar eller kunstige storkommunar og monsterregionar. Det kjem ikkje lenger til å vera noko ein vert slusa inn i heilt av seg sjølv, men noko ein i sjølv aktivt må uppsøkja og slutta seg til – dersom ein ynskjer det.

O. Torheim