Eit bergensperspektiv på målsaki og målrørsla

Anne Rokkan kjem inn på det grunnleggjande spursmålet um det norske målet i Noreg. Ho segjer: «Hvorfor er målrørsla så populær, når nynorsken ikke er det? Og hvorfor blir temaet så betent for dem det berører?»

Folk fær aldri høyra kjensgjerningar frå Bergen. Eg tvilar på at det vert lov å sleppa til med dei den dag i dag. Men eg gjer ein freistnad, heilt grunnleggjande:

Målet til Ivar Aasen bygde på dei samlande dragi åt målføri i heile landet, og alle vilde tena på å læra målet kjappt. Både på Vestlandet, i Trøndelag og i Nord-Noreg var det norske målet i jamn og trygg framgang. Det låg so godt til at jamvel folk på Austlandet byrja taka det norske målet til seg, endå so sterkt motstandet var. Det er når folk vil ta snarvegar med samnorsk og gå burt frå systemet åt Ivar Aasen at alt rasar saman. Kva er det som skjer?

Vestmannalaget, med Ludvig Jerdal og Lars Bjarne Marøy i spissen, kjempa for norsk med i-mål i Bergen.

Austlandsk a-mål er framandt for bergensarar

Jau, bergensk viser dette tydeleg i ettertid. Kor mange bergensarar er det som nokon gong bruk a-mål i bokmål? Finst det slike? Nei. Bergensarane protesterte mot det nye regelverket der ein fekk bokmål med a-endingar, og Bergen Riksmålsforening markerte seg i si tid sterkt. Men Ivar Aasen som arbeidde for det grunnleggjande med i-mål, han var det mange som hadde godhug for. Vestmannalaget i Bergen hev vore ein bastion for i-målet, og i Bergens Tidende vart norsk med i-mål nytta redaksjonelt heilt fram til 1970. I-målet bryt ikkje med bergenstalemålet, det er i praksis det same – som med boken på bergensk og boki på norsk mål.

Kor som er, so hev styresmaktene slege ned på det i-målet som fekk ein atterklang hjå bergensarane. Medan det a-målet som bokmålsfolk og riksmålsfolk aldri vilde ha, det hev vorte fremja med tvang. På bokmålssida enda dette med riksmålsreaksjon og samnorskhavari, men i målrørsla hev ein halde fram med å systematisk fjerna og forby i-mål. I 2012 vart i-målet fullstendig fjerna frå offisiell nynorskrettskriving. Dama som slo den siste spikaren i kista skal vera unemnd, ho er irrelevant for målsaki.

Aasen-målet var fårlegt for bokmålsfolket. Dialekt og a-endingar var aldri eit trugsmål

Lat oss sjå endå litt nærare på korleis det var upphavleg. Ivar Aasen forstod samanhengen i det norske språket språket og kom fram til det grunnleggjande for at folk skulde læra norsk mål, men Gustav Indrebø var den grunnleggjande til å visa folket korleis ein driv norsk læring. I det grunnleggjande verket «Norsk målsoga» syner han korleis Aasen fekk samla vestlandsmål og austlandsmål i eitt norsk skriftmål. Men bokmålsfolk vilde helder ha dialekt enn standardisert norsk, og då braut dei ned det tradisjonelle målet som ein finn i Indrebø-bibelen frå 1938.

Eg er bergensar, og sjølv lærde eg i-målet på berre 5 månader. Frå då av kunde eg skriva det og snakka det utan nokon problem. Eg vart formann i Vestmannalaget i Bergen og styrde laget til dess at eg laut reisa frå Vestlandet for å få arbeidsro. Då kom eg til Kongsvinger. Der underviste eg bokmålselevar. Dei elevane som hadde det naudsynte fråstandet til målspursmålet, dei kosa seg med det norske målet når eg la det fram for dei. Andre kunde finna på å protestera.

Diverre er det ikkje lov å rettleida ungdomar i norsk mål slik som eg kunde gjera det på Austlandet. Dei som driv med språkforsking på høgskulenivå eller som skal læra burt norsk mål i grunnskule og vidaregåande, dei må halda seg til ein øydelagt og usystematisk nynorsk som ikkje fengjer nokon lenger. Vil ein formidla Ivar Aasen sitt fylgjerette, einskaplege og vitskaplegt uppbygde mål, der i-målet er ein sentral byggjestein, då held ein på med noko som er reint privat og ulovleg.

Målrørsla er komi i ein floke som dei ikkje kann løysa med pengar og statsstudnad

Skal me koma nokon veg med målsak i Bergen i dag, so må me gå attende til det grunnleggjande. Me må gjera som dei gamle vestmennene gjorde i si tid, me må arbeida systematisk og få fram norsk mål med i-mål. Me må få fram grunnleggjande verk med i-mål på same måten som med bergensk en-mål. Det er logisk og noko som folk kann forstå seg på.

Arbeidarpartiet dreiv i si tid med eit spel som førde til at målrørsla miste kontrollen med det målet dei hadde drive fram. Den offisielle nynorsken fekk banesår når i-målet vart drepe ned, og «målrørsla» av i dag er vorti ein skugge av seg sjølv. Um ho i det heile framleis finst. Noregs Mållag sit i Oslo med titals personar i fulltidsstillingar og med millionyverføringar frå staten, men pengane og fulltidsstillingane tener einast til å sementera arbeidsmetodar og strukturar som ikkje er fyremålstenlege for det norske målet. Styresmaktene hev øydelagt nynorsken samstundes med at dei hev pøst pengar inn i ei målrørsla som ikkje lenger er kompetent eller relevant.

Dei som framleis ynskjer å nytta offisiell norsk er soleides hamna i den stoda at anten kann ein halda seg til offisiell nynorskrettskriving der ein må fylgja rotute og inkonsekvente lover og reglar eller so kann ein gjera det lett for seg sjølv og helder skifta til bokmål. Det siste er mest aktuelt for meg. Soleides hev austlendingar, saman med vestlendingar som svikta oss og allierte seg med desse, terrorisert oss med a-mål og drepe det norske målet ned. Dei drap Ivar Aasen som arbeidde livet sitt for det norsk målet i Noreg.

Lars Bjarne Marøy