30-årskonserten med Emperor

Er strøymekonsert eit realistisk alternativ til konsert? Me prøvde oss ut på 30-årskonserten åt myteumspunne Emperor.

I året som gjekk hev dei fleste av oss havt nok å gjera både i hagen og kring huset, so fritidsproblem hev ikkje akkurat vore noko å snakka um, men saknet etter øl, pogo og levande musikk er likevel til å kjenna på. So når Emperor lyste ut strøymekonsert frå Notodden Teater på fyrste pinsedag i tilhøve av 30-jubileet sitt, so tenkte me i Målmannen-redaksjonen at me skulde gjera det beste ut or det.

På 30-årskonserten «A night of Emperial wrath» skulde ein få eit attersyn med alle som framigjenom hadde vore med det myteumspunne bandet frå Notodden, og det var varsla at både Faust og Mortiis skulde stella upp i lag med den «faste» Emperor-gjengen.

I svartmetall sviv det seg vel so mykje um stemningar som um musikk, og «konsertlokalet» vårt vart smykka ut i tråd med det som skulde vera svartmetallestetikken frå 1990-talet. Med retromøblar og stearinljos so var me attende til ein stad i Noreg på 1990-talet, og når klokka nærma seg åtte på kvelden so var me alle benka framfor flatskjermen i stova. Talet på kameratar som samla seg i sofaen var godt innanfor smittevernreglane.

Emperor hadde ingen andre band til å varma upp: I det klokka slo åtte so var det rett på sak med låtar frå «Anthems to the welkin at Dusk». Både musikken og videoproduksjonen var so god at det var vanskeleg å forstå at det faktisk var live-musikk som ein såg på: At Ihsahn og Samoth er millom dei fremste i norsk metallmusikk er ikkje til å lura på.

Noko av det som er so gripande med Emperor er nett det at dei både held eit so teknisk høgt nivå og likevel klarar å skapa den karakteristiske, drøymande svartmetallstemningi. Det er ein massiv vegg av ljod som strøymer på i det dei køyrer seg igjenom legendariske låtar som «The loss and curse of reverence», «Thus Spake the Nightspirit» eller «I am the black wizards». Desse låtane var høgdepunkti under konserten.

Undervegs i livestreamen so vart det fletta inn stemningsbilæte frå skogar og fjell i Telemark. Tanken var vel at ein både visuelt og musikalsk skulde måla fram mystiske landskap, men det vart diverre litt for samanraska. Her kunde dei ha gjort meir å få fram nittitalskjenslone.

Ikkje fullt so engasjerande var det når dei drog fram materiale frå «IX Equilibrium» eller «Prometheus: The Discipline of fire and Demise». Heile denne «progressive» æraen var for min part byrjingi til slutten på interessa for Emperor, og slik sett vart det greidt nok at dei la inn årane i 2001. Men der veit me at smaken er som baken, so det fær halda med det.

Me hadde gjerne vona å sjå meir til Mortiis når han endeleg var attende på scenen med Emperor. Diverre fekk me berre nokre småe glimt av mannen med dreadlocks og maska i det dei framførde «Wrath of the Tyrant» og Bathory-coverlåti «Call from the grave». Det var slett ikkje so verst, men me skulde gjerne havt meir når dei fyrst var i gong.

For ein liten time var kann henda i minste laget? Alt klokka kvart yver ni på kvelden var det slutt, i det dei tona ut med «The wanderer».

So kva er fasiten vår? Ingenting å segja på teknisk produksjon eller kvalitet i alle fall, men det er kanskje nett det som tok litt brodden av det? Til tider kjende det seg litt «NRK-koseleg», som det vart kommentert frå sofaen. Og er det i det heile mogleg å komprimera det vide Emperor-repertoaret i hop på ein liten time? Det er ikkje meir enn fem år millom «IX Equilibrium» og «In the nightside eclipse», men likevel er kontrasten i ljod- og stemningsbilæte so stor at det hadde vore betre å framført låtane på kvar sin konsert.

Klokka ni er det i alle fall ingen som er tenkt å gå heim att for å leggja seg, so då fekk kvelden halda fram i same ånd som han tok til: Me tok Youtube til hjelp og gjorde det beste ut av det – med godbitar frå både Gorgoroth, Megadeth, Windir og middagsscena i «Lasse og Geir». Diskusjonane gjekk vidare til langt på natt um både musikk, kultur og lokalpolitikk i Nordhordland – slik det plar gjera når redaksjonen er samla. Neste gong fær me kanskje laga vår eigen livestream?

O. Torheim