Det handlar framleis um Aasen og Indrebø

Utan Ivar Aasen og det vitskaplege arbeidet hans so hadde me ikkje havt noko grunnlag for å kunna granska, læra og ikkje minst bruka norsk mål. Gustav Indrebø bygde vidare på dette grunnleggjande arbeidet, og soleides kunde han få fram kontinuiteten i norskt mål heilt attende til dei eldste tidene. Saman med bror sin, Ragnvald Indrebø, fekk han dessutan gjeve ut heile Bibelen på mynstergild norsk.

Det var eit enormt arbeid som Gustav Indrebø lagde ned, og han må ha visst at han ikkje hadde meir tid enn han trong. Nynorskbibelen kom i 1938, det same året som styresmaktene tvinga igjenom den nye rettskrivingi. 1938-utgåva av Bibelen vart ståande som einerådande heilt fram til 1978, og soleides heldt Bibelen uppe standarden for god norsk målføring i kyrkja i meir enn ein mannsalder etter at styresmaktene tok til å øydeleggja det norske målet.

Gustav Indrebø er hamna heilt i skuggen av Ivar Aasen, men utan Indrebø hadde det truleg ikkje vore nokon nynorsk i dag i det heile. Det var Indrebø som rakk å skapa noko solid fyre samnorskpolitikken kunde riva alt ned att.

Og skal det heile verkeleg verta noko meir, so lyt ein arbeida vidare på dette grunnlaget – Aasen og Indrebø er ikkje til å koma i frå.

Ivar Aasen
Ivar Aasen gjekk vitskapleg til verks for å henta fram dei samlande dragi i dei norske målføri – både vestlandsk, austlandsk, trøndsk og nordnorsk. Det var han som laga eit uppsett og som gav oss kunnskapen um korleis det norske målet er sett i hop. Fyre Ivar Aasen si tid kunde ein påstå at norskt mål var døydd ut med norrønt, men med Ivar Aasen sitt arbeid var den ballen lagd daud. Det er Ivar Aasen som fører attende det grunnleggjande norske språket.

Gustav Indrebø
Gustav Indrebø sette saman soga um det norske målet frå dei eldste tider til i dag. Han tok fyre seg den norske soga og knytte denne soga saman med den norske målvoksteren heilt fram til dagsens nynorsk. Han synte oss korleis målet heng saman og korleis det kann brukast frå ulike hald. Dette heng 100 prosent saman med arbeidet til Ivar Aasen. Det grunnleggjande er at ein set saman målet og måtane å skriva på det nye norske målet på.

Når ein kjem til Bibelen, som han var med på å få gjeve ut, so ser ein både perspektiv og samanheng til andre land. Det var med umsetjingi av Bibelen at dei fleste andre europeiske landi i si tid fekk skriftfest sine eigne mål – som til dømes med den tyske lutherbibelen. Takk vere Indrebø fekk ein den same tilretteleggjingi av målet til bibelverket.

Ivar Aasen og Gustav Indrebø gjev oss altso eit skriftmål som er 1) fylgjerett og einskapleg og dimed lett å læra, 2) sermerkt norsk med ein svip og ein klang som tydeleg skil seg frå det norskdanske målet og 3) eit mål med lange linor i soga og klår kontinuitet attende til vårt gamle norrøne mål og den klassiske norrøne litteraturen.

Målsaki treng eit sogeperspektiv

Kvifor hev ikkje målrørsla kome seg lengre sidan den gongen? Kvifor hev nynorsken i etterkrigstidi gjenge frå skanse til skanse når det kjem til uppslutnad? Skal ein kunna svara på dette, so lyt ein byrja med å sjå på arbeidet for det norske målet i eit sogeperspektiv.

Kva for slags mål som skal lærast burt i skulen hev vore heilt avgjerande. I 1884 vart norsk mål jamstelt med dansk, og i 1896 tok dei fyrste skulane til å undervisa på norsk. Med rettskrivingsendringane i 1907 so fær ein for fyrste gongen den dansknorsken som seinare skal verta til bokmål. Det er den fyrste av ei rad statlege rettskrivingsendringar som skal ta brodden av det nasjonale i målstriden. Blandingi av mål var svært stor i 1917 og ikkje minst vart ho i 1938 obligatorisk og under tvang. For bokmålet sin part vart 1938-rettskrivingi seinare reversert, men for det norske målet heldt uppblandingi fram med 1959-rettskrivingi.

Her skal ein ikkje berre ha burt nynorsken si historiske tilknyting til det gamle norrøne målet, men heilt grunnleggjande serdrag i språket skal viskast heilt burt. I-mål (1938), o-mål (1938) og jamvel a-infinitiv (1959) kverv til e-mål. Dette er heilt sentrale målmerke som til dømes skil strilamål frå bergensmål, og med desse endringane vert nynorsken for bergensarar berre endå eit bokmål.

1938- og 1959-rettskrivingi høgg ned heilt grunnleggjande målmerke. Det gjer det norske målet mindre markert, det er ei tilnærming til dansk mål som fær fram det unorske i all skriving – og som fær nynorsken til å høyrast ut som kunstig knut i øyro åt både byfolk og bygdefolk.

«Tilnærmingi» millom bokmål og nynorsk hev stødt berre gjenge èin veg. Frå nynorsk til bokmål. Eller frå vest mot aust, for å segja det slik. For det er folk på Austlandet som styrer det heile. På Vestlandet er det aldri nokon som godkjenner eller tvingar igjenom endringar i det andre målet. Einaste undantaket er Martin Birkeland, tidlegare formann i Vestlandske Mållag og grunnleggjaren av Fana Folkehøgskule. Birkeland er pressa og bøygjer seg for tilretteleggjingi. Han vert sett til å forsvara målblandingspolitikken på vegner av skyldfolket til Sigmund Skard. Mannen som er i-målsmann i starten vert snudd av Halvdan Koht som aldri var målmann, men snarare målblandar.

Lars Bjarne Marøy