Nikolaus Gjelsvik um nasjonalt sjølvstende
Nasjonalt sjølvstende er eit naudsynt vilkår for eit folk, um det skal få veksa og nytta evnene sine på beste måten og soleis fylla romet sitt og vera til størst nytte både for seg sjølv og for heile manneætti.
Tenkjer ein seg at det var berre èin stat på jord, kva slags styre vart det då? Det vilde då snart gå skeivt og skakt, mykje meir skeivt og skakt enn no, og mangt og mykje vilde snart stå i stampe. Um det ikkje vart reint slutt med alle framsteg, so vilde det i visse gå seigt og tungt med alle umbøter. Ei umbot kunde vera so nyttig og naudsynt ho vera vilde, likevel var ho ikkje lett å få igjennom. Det vilde vera som å flytja eit heilt fjell med ein gong. Soleis som verdi no er skipa, kann framsteget og umbøtene brøyta seg veg fyrst i eitt land og sidan i eitt anna. Um me tenkjer på kvinnevalretten, so ser me dette.
Hadde det vore berre ein stat på jord, vilde det vore uråd å få ei slik umbot igjennom. Ja det er endåtil rådlaust i store land som England og Frankrike, for det fyrste. Dei er for store og tunge i sessen, når det gjeld slike umbøter. Men no, då det både er store og små sjølvstendige land til, kann ei slik umbot brøyta seg veg fyrst i småe land, og so kjem turen etterkvart til dei som større er, å segja når eller um det viser seg at kvinnevalretten ikkje er skadeleg.
Ikkje berre umbøter, men jamvel det daglege styr og stell vilde ha dårlege vilkår, um det berre var eitt rike på jord. Det er lett å skyna. Ei so stor landvidd som den Sambandsstatane i Nordamerika rår yver, kan ikkje godt styrast utan ho vert uppstykkja I fleire statar med indre sjølvstyre. England må gjera likeins, um formelt på ein annan måte, når det gjeld utbygdene sine.
Russland hev derimot gjort den freistnaden å styra uhorvelege viddor utan sjølvstyre for dei ymse landsluter. At då mangt må misfarast og mykje gå skeivt og skakt, er ikkje under. Det er eit mykje større under at dete ikkje gjeng verre, so rådlaust som det er under slike vande høve, å ha det naudsynlege tilsyn og ettersyn med det ymse rikstenestemennene og dei ymse styregreinene, og so rådlaust som det er for eit senstralstyre å ha yversyn yver alt det som gjerast kann og gjerast skal I dei ymse landsluter I eit so vidsveimt rike. Men um alt dette var onnorleis, so vilde det ikkje vera nyttigt at det var berre ein stat og ein nasjon på jord. Grunnlaget for framsteget er tevling, tevling millom dei einskilde og tevling millom dei ymse folk. Den kappestriden og den sjølvhevding som dei ymse folk no er nøgde til, er ikkje den minst viktige.
Når me reiser i landet og kjem til dømes til ein stad der me hev vore fyrr, so gleder det oss hjarteleg når me ser framsteget sidan sist. Fyrr låg der kanskje ei kaldsur myr; no ser me at kaldvæta er utveita og eit stykke nyttig jord er lagt til landet og me gleder oss. Ein steinteig, som fyrr låg der nyttelaus, er no rudd og lagd under plog. Me ser dette og vert glade.
Det er ikkje sjølvbaten, sjølvgagnet, som gjer denne gleda. Nei, me gler oss for folket og landet si skuld.
Det er fortalt um Abel at han sette “nordmann” under namnet sitt på eit verk som greidde ut um ei stor matematisk uppdaging han hadde gjort. Han gledde seg på landet sine vegner.
Denne gleda, denne fedrelandsgleda gjer at folket i eit land — lettare enn det elles vilde — held ihop og tek på seg det arbeid og dei tyngsler som er naudsynlege til å hjelpa landet upp og fram og soleis løysa noko av den uppgåva — eller rettare: løysa sin lut av den uppgåva skaparen hev gjeve menneskja: å leggja jord under seg, å gjera seg skapverket nyttigt.
Ikkje under då at det ligg djupt rotfest i folkeinstinktet at det nasjonale sjølvstende må haldast uppe, kva det so kostar. Og eit folk som ikkje gjer alt det det kann til å halda seg sjølv uppe og halda seg uppe med eigi kraft, tykkjer dei andre folk inkje stor synd i um det vert ei åte for andre. Når eit slikt folk gjeng til grunns, bergar det ikkje ein gong æra. Dette ligg djupt rotfest I folkeinstiktet. Folk kjenner det på seg, so dei slepp å tenkja det ut. Eller som den namngjetne tyske juristen og rettsfilosofen Ihering segjer I eit skrift “Der Kampf ums Recht”: Det er det store og det gjæve ved den skipnaden som skaparen hev sett I verdi, at folk kjenner det på seg – utan tenkjing – kva som er naudsynleg til å halda denne skipnaden ved lag; at soleis jamvel folk som ikkje tenkjer serskilt etter, likevel vert dregne med og fylgjer uds lover for samfundsskipnaden.”
Ordi som Ihering (les: Jering) nyttar, er andre, men tanken er den same.
Alt som lever og er friskt, – ein kann gjerne segja normalt – hev sitt livsinstikt. Eit livsfriskt folk, ein livsfrisk nasjon hev òg sitt livsinstinkt; det nasjonale livsinstinktet.
Me kann tenkja oss ein mann som møter ei løve i ein skog. Han gjev seg då ikkje tid til å tenkja og grunda på um det ikkje er det beste for verdi at løva et han upp. Nei, han verjer seg mot løva, so godt han kann.
Ein livsfrisk nasjon – um han er liten eller stor, det er det same – gjev seg heller ikkje til å tenkja og grunda på um det ikkje kanskje, skulde vera det beste for verdi og for dei ætter som etter kjem i landet, at han gjeng upp i ein annan nasjon. Det er ikkje rom for den minste snev av ein tanke um noko slikt, so lenge det nasjonale livsinstiktet er i orden.
Dette folkeinstinktet ligg til grunn for folkeretten. Folkeretten kann ikkje koma utanum det. Livsretten til eit folk er fyrste retten. Dette er ei rettsgrunnsetning, og ikkje berre ei moralsk fyreseg. Einskildmannen kann ofra seg, og han må ofra seg når den borgarlege retten krev det, når fedrelandet krev det. Men folkeretten krev aldri og kann aldri krevja at eit folk skal ofra seg. Inkje noko folk er soleis skyldigt å halda ei traktat som vilde øydeleggja sjølvstendet eller setja det i fåre. Og når det er folkelege avtalor som ein med det same dei er gjorde kann segja det um; dei kjem vonleg til å setja sjølvstendet til den eine parten i fåre.
Det nasjonale instinktet synest seg sterkt i alt samfunnsliv. Det er ei makt ikkje berre i den ytre politikken, men jamvel i den indre. I eit livsfriskt folk kann soleis eit unasjonalt eller lite nasjonalt parti aldri få nokor større makt; det vil segja: det kann aldri i lengdi få ei makt som svarar til dei korti det elles hev på handdi. Det nasjonale instinktet hjå folket er i vegen.
At det nasjonale instinktet er sterkt i den ytre politikken, det syner soga greidt nok; og det kjem nettupp tydeleg fram når det gjeld det millomfolkelege samarbeidet. I tider då lovløysa folk og folk imillom (land og land imillom) var stor og rettsuvissa tilsvarande, kunde det ikkje vera tala um millomfolkeleg samarbeid I nokon større mun. So lenge dei ymse folk ikkje godkjende retten til kvarandre å vera til, måtte nasjonal avstengjing vera høgste politiske grunnsetning. Underkuing av andre og avstengjing frå andre gjekk hand i hand og laut gå hand i hand. Med nasjonal avstengjing fylgde den tankegangen at folket var seg sjølv nok og at det var Guds utvalde folk; soleis veit me frå bibelsoga at jødane trudde det um seg at dei var Guds utvalde folk; og det same trudde hellenane um seg.
Um det endå er mykje som vantar, so hev likevel lovløysa millom dei europeiske folki, – det vil i denne samanheng segja: alle folk med europeisk kultur – vorte mykje mindre no enn fyrr. Det 19de hundradåret hev her gjort mykje. Den kjensla at alle europeiske folk hev jamgod rett å vera til, hev sterkna. Mistrui, serleg utanfyre politiske spursmål, hev minka. Og sidan den stigande samferdsla hev gjort millom folkeleg samskiping og samarbeid meir og meir tvingande, so hev me no fengje traktatar og samskipnad på svært mange umkverve. Eller som den belgiske juristen Descamps skreiv I 1894: “I dei siste 20 år hev dei gjort fleire millomfolkelege avtalor enn I heile det 17de eller heile det 18de hundradåret.”
Ingen kann annan gleda seg yver dette veksande samarbeidet. Når ei samskiping hev kome i stand på eit umkverve, kann ein ikkje so lett sidan tenkja seg denne samskiping forutan. Ein kann til dømes ikkje so lett tenkja seg å vera utan den samfolkelege postunionen. Og soleis er det på so mange umkverve: Å taka burt den millomfolkelege samskiping som det 19de hundradåret hev gjeve oss, vilde vera som å slå ut den eine veggen or huset. Og ein må og segja at alle økonomiske traktater (det er: ikkje-politiske traktater, som t. d. traktater um handel og sjøfart og um konsulatstell) vert samvitsfullt haldne. Det er no regelen. Det same kann ein ikkje segja um alle politiske traktater. Um dei gjeld endå den dag I dag mykje det same som Fredrik den store sa um eit slag av dei politiske avtalor, våpenlagsavtalone: “Dei er som fint filigransarbeid, som er gildt å sjå på, men ryk sundt når ein tek burt i”.
Nikolaus Gjelsvik (1866-1938)



Nye kommentarar