Steingrab: Ljos i Lærdalstunnelen

Dersom ikkje «Malum Genesis» klarar å vekkja ein nerve, so er du rett og slett døv…

Tyske Steingrab debuterte som eit einmannsprosjekt i 2009, men hev i periodar havt mannskap nok til å vera eit fullt band. Dei hev gjort seg kjende for den myrke og depressive svartmetallen sin.

Dei gamle Steingrab-platone hev vore stemningsfulle, men den massivt tunge stemningi hev ført til at eg einast kann lyda til dei i porsjonar. Malum Genesis er litt mindre myrkt enn tidlegare plator. Jamvel på vokal er Steingrab langt meir nyansert enn på tidlegare plator.

Med Malum Genesis kjenner det seg litt som ein køyretur gjenom Lærdalstunnelen. Endå so lang tunnelen er, so kjem ein sumtid inn i store upplyste hallar – og so er det inn att i myrkret.

Det fyrre Steingrab-albumet, «Jahre nach der Pest», fekk framifrå umtalor i flestalle metall-zines – burtsett frå hjå norske heavymetal.no der Steinar Selstø dømde dei nord og ned som lite engasjerande. Dersom helder ikkje «Malum Genesis» klarar å vekkja ein nerve, so er Selstø rett og slett døv…

Den fyrste låti dreg i gang med eit drivande riff som kunde minna litt um ei av dei tidlege Kampfar-platone. Mot slutten byrjar ein å få eit sterkare og sterka piano-innslag, og dimed glid ein naturlegt yver i den neste låti, Kain. Her vert den tunge riffingi fylgt med eit nær sagt popmusikk-klingande pianospel, det minnar litt Dimmu Borgir sitt «Spiritual Black Dimension» eller kanskje Dismal Euphony sitt «Autumn Leaves». Det slær tonen for resten av plata med.

På «Gottes Gnade» vekslar ein millom seige riff, blastbeats og hamring på pianoakkordar – ein kjenner seg litt som um ein er attende ein stad i Obtained Enslavement sitt melodiske metallmeisterverk, «Soulblight».

Den instrumentale piano-avslutningi med 0 gjer at spenningane løyser seg litt upp, alt nullar seg ut.

Melodiane er som regel ikkje lengre enn 2-3 minutt, so det vert aldri uttværande.

Alt tekstmaterialet er på tysk, og ein tek fyre seg emne som svik, vonbrot og illusjonar som brest. Ein kjenner at tekstforfattaren må ha upplevd mykje vondt, men samstundes stend han att rakrygga utan å ha mist seg sjølv.

Ljodbilætet er heile vegen klårt og massivt, mest som på eit Emperor-album, men tippar aldri yver i det yverproduserte. Og det er ikkje berre det at produksjonen er bra: Riffingi og melodiane er intelligente og interessante i seg sjølve, som til dømes «Stadt des Schweifels» – som gjerne er den «naknaste» av alle låtane på plata.

Mykje svartmetall er gjerne bygd upp kring stemningar og image, men med eit låtmateriale som haltar. Her er det ikkje slik, her heng alt i hop.

Her er det so mange referansar til alle slags svartmetallprosjekt framigjenom. Den myrke og seige introen på «Gottes Gnade» er som henta rett ut frå eit tidleg Kampfar-album.

Ein kjenner at artisten dreg vekslar på heile spekteret av myrk metallmusikk. Ein fær attende litt av den same kjensla som når ein for fyrste gongen høyrde Dimmu Borgir sitt «For all tid» for aller fyrste gongen.

Og det er nett det: Steingrab dreg vekslar på heile spekteret av gamal myrk metallmusikk, men ein tenkjer aldri at «dette hev eg høyrt fyrr». Steingrab legg si eigi skaparkraft inn i gamle idear og gjer dei levande att.

O. Torheim