11. april: 160 år sidan Nikolaus Gjelsvik vart fødd

Den 11. april 2026 er det 160 år sidan Nikolaus Gjelsvik vart fødd. Målmannen-redaksjonen hev i dag vore på ferd til Sunnfjord for å heidra ein av dei fremste talsmennene for norsk mål, rett og nasjonalt sjølvstende.

Fyrst vart redaksjonen teken vel imot på Aastun, der Norvald Aasen baud på kaffi og kakor. I den gamle stova på Aastun fekk me høve til å setja oss ned og tala um Gjelsvik – um mannen, verket og arven. Norvald Aasen synte oss ei gjestmildskap som stod i beste norsk tradisjon, og det vart ei fin råma kring vitjingi.

Sidan gjekk ferdi vidare til Gjelsvik-steinen.

Ein bauta i landskapet – og i åndslivet

Ved minnesteinen, som ligg vend mot det landskapet som forma Gjelsvik sjølv, samla redaksjonen seg til ei stille stund. Blomar vart lagde ned ved steinen, og redaktør Olav Torheim heldt ei minnetala.

I tala vart Gjelsvik lyft fram som det han var: målmann, jurist og statsrettstenkjar – ein mann som såg samanhengen millom mål, kultur og fridom.

Torheim peika på korleis Gjelsvik sitt livsverk framleis talar til oss i dag:

– «Nasjonalt sjølvstende er eit naudsynt vilkår for eit folk», skreiv Gjelsvik. Det gjeld ikkje mindre no enn då. Når me ser uro og krig i Europa, ser me kor grunnleggjande dette er.

Han lyfte òg fram Gjelsvik si djupare innsikt i kva som ber eit folk:

– Gjelsvik tala um det nasjonale livsinstinktet – den krafti som gjer at eit folk held seg oppe og verjer seg. Det er ikkje noko me kann taka for gjeve.

Von og veg

Eit sentralt punkt i tala var Gjelsvik sitt hovudverk Von og veg. Her såg han målsaki som ein del av noko større – ei reising av sjølve folket.

Torheim siterte:

«Når eg talar um von, meiner eg ikkje berre voni for det norske målet, men òg for det norske folket, for fridom og fedreland.»

Og vidare:

«Men denne kjensla kann ikkje folket få på framandt målgrunnlag.»

Desse ordi vart ståande som ei påminning um at mål, kultur og sjølvstende høyrer uløyseleg saman.

Ei åtvaring for vår tid

I tala vart det òg peika på Gjelsvik si åtvaring mot det han kalla «den rette trælelæra» – eit huglag der ein vender seg burt frå sitt eige og søkjer godkjenning hjå framande makter.

– Eit folk som misser vyrdnaden for seg sjølv, stend i fåre for å missa meir enn målet, sa Torheim.

Gjelsvik sine tankar um folkerett og nasjonalt sjølvstende vart sette i samanheng med vår eiga tid, der stormakter enno prøver å bøya mindre nasjonar under seg.

Frå stort stemne til stille markering

Då hundreårsdagen for Gjelsvik vart markert i 1966, samla det seg eit stort fylgje ved minnesteinen. Kransar vart lagde ned frå både familie, bygdefolk og målrørsla.

I dag er det færre som møter fram.

Men symbolikken er ikkje mindre av den grunn.

Tvert imot.

For som Torheim peika på i avslutningi:

– Nokon må halda fakkelen høgt. Gjelsvik sine ord stend der framleis for dei som vil lyda.

Ei levande arv

Vitjingi ved Gjelsvik-steinen vart ei påminning um at arven etter Nikolaus Gjelsvik ikkje høyrer fortidi til. Han er ein del av vår tid – i spørsmålet um mål, um kultur og um nasjonalt sjølvstende.

Og som Gjelsvik sjølv peika på:

Framsteget byrjar ein stad.

For dei som leitar, finst enno både voni – og vegen.

Olav Torheim