Eileen Noise: Draumen um å setja seg i ein bil og stikka
Det hender at ein ny song ikkje høyrest ny ut, men som noko som hev lege og venta i ein krok av minnet.
Fyrst trur ein gjerne at ein berre høyrer eit ekko frå nittitalet: nokre grunge-gitarar, ei sår kvinnerøyst med den gamle blandingi av sinne, sjølvmedynk, lengt og trass. Men so merkar ein at dette ikkje er eit gamalt band som hev kome attende. Det er noko nytt og meir underleg: eit soloprosjekt frå vår eigi tid, med digitale røyster, fjernarbeidde vokalar og ein heil estetikk bygd upp av restar frå den alternative rocken slik han lydde i åri kring 1995–2003.
Prosjektet heiter Eileen Noise.
Attum namnet stend den elles ukjende Marco Marroni, ein bassist og låtskrivar frå Roma. «Eileen Noise» er ikkje eit band i gamal meining, det er snarare eit studio- og forteljarprosjekt, der musikken vert bygd upp av gitarar, myrke stemningar, gjestevokalar og digitale røyster. Albumet «No one leaves clean» kom ut 23. mai 2026 og hev fjorten låtar. På strøymetenestone er Marco Marroni kreditert som låtskrivar og komponist for albumet, og «Eileen Noise» vert på YouTube presentert som Marroni sitt soloprosjekt.
Det var ikkje fyrst og fremst musikken som fekk meg til å stogga, men videoen til “Miles of Nothing”. Ein bil glid frametter ein veg, filma bakfrå, langs landskap, fjell og hav. Det minte meg um gamle køyrespel – OutRun, Test Drive – frå ei tid då ein bil på ein skjerm kunde vera eit heilt lite fridomsprogram. Vegen låg framfor ein, horisonten var open, og ein trong ikkje tenkja på rekningar, born, arbeid, trøyttleik eller alt det som sidan skulde verta kalla vaksenlivet.
Men songen trur ikkje heilt på dette biletet.
Det er nett difor han verkar.
For bilen i videoen kann sjå ut som fridom, men han er ikkje berre fridom. Han er òg flukt. Han er òg avstand. Han er òg draumen um å koma seg vekk utan at ein treng bryta med noko. Ein kann køyra langt, men likevel taka med seg heile livet i baksetet. Ein kann lata som vegen er ei løysing, men stundom er vegen berre ein måte å halda uroi i rørsle på.
Dette veit ein betre når ein ikkje lenger er i tjueåri – nett den tidi som musikken bringar assosiasjonane attende til. No er ikkje fridom berre eit spørsmål um å sleppa seg laus. Fridom er vanskelegare enn so. Ein hev arbeid som må gjerast, born som treng ein, pengar som skal strekkja til, relasjonar som både varmar og slit, og dagar der ein ikkje heilt veit um ein lengtar mest etter å vera åleine eller etter at nokon endeleg skal vera der. Det finst ein type vaksen trøyttleik som ikkje er dramatisk nok til å verta tragedie, men som likevel legg seg som eit grått slør yver alt. Då kann eit enkelt bilete av ein bil på veg burt råka sterkare enn det skulde.
Det er ikkje fordi ein verkeleg vil burt frå alt. Det er fordi ein stundom vil burt frå tyngdi av alt.
Eg sende albumet som eit musikktips til ein kamerat. Han hadde ikkje høyrt det enno då han svara, men berre miniatyrbileti på YouTube fekk honom til å segja at dette såg ut som noko som kunde vera fullstendig KI-generert. Han drog fram dette nye fenomenet: artistar som ser ut som artistar, låtar som høyrest ut som låtar, videoar som ser ut som videoar — men der noko likevel ikkje passar heilt saman. Det er ei kjensle ein no ofte fær i møte med KI-innhald. Alt er der, og likevel er det som um handlingi, uttrykket og opphavet ikkje høyrer heilt naturleg saman.
Eg kjende att det han meinte. Det var nett dette som òg gjorde Eileen Noise interessant for meg. Ikkje fordi eg trudde alt var ekte, men fordi eg ikkje var heilt viss på kva som var ekte. Songrøysti høyrest tidvis kunstig ut. Videoane hev eit lett uverkelegt drag. Samstundes er musikken ikkje berre tom imitasjon. Han hev ei stemning, ein lengt, ein litt merkeleg samanheng millom nittitalsnostalgi og samtidskunst. Kanskje er nett dette “det passar ikkje heilt saman”-draget ein del av verknaden.
Me lever no i ei tid der det kunstige ikkje lenger berre er dårleg kopi. Det kunstige kann vera godt nok til å uroa oss. Kameraten min nemnde Udio, der han alt hadde laga små operettar um den lokale stordomen i Pfungstadt i Hessen og mellomalderlege bardesongar for å terga ein gamal ven. Han sende òg ein KI-parodi på Harry Potter som Balenciaga-modell. Slike videoar er absurde, men òg imponerande. Eg fekk litt av same kjensla som då ein såg Amiga-demoar på nittitalet: “Er dette moglegt?” Den gongen var det ei teknisk undring yver kva ein datamaskin kunde pressast til å visa. No er undringi flytt til eit anna nivå: ikkje berre grafikk og lyd, men stil, røyst, kulturelle referansar, stemning, nesten heile draumeverder.
Og då vert spursmålet um musikk endå merkelegare. Kva er det eigentleg me lyder etter?
Eg hev nok ofte havt ein litt akademisk inngang til musikk. Ein ven sa det til meg ein gong då me freista jamma litt på gitar: at eg nærma meg musikken svært akademisk. Truleg hadde han rett. Eg hev alltid tenkt litt matematisk på musikk, kanskje fordi matematikk er ei av dei språki der eg kjenner meg mest heime. Frekvensar, harmoniar, triklangar, skalaer og rytmar kann alle modellerast. Ein kann telja taktar, finna mønster, sjå korleis spenning vert bygd upp og løyst ut.
Men musikk vert keidsam for meg på tvo ulike måtar. Den eine keidskapen kjem når eg ikkje skjønar noko av det som hender. Mykje jazz hev ofte verka slik på meg. Eg fær ikkje tak i strukturen, og då fær det heller ikkje meining. Den andre keidskapen kjem motsett veg: når eg skjønar alt for fort. Enkle melodiar, enkle harmoniar, same takt, same toneart, same forventa vendingar. Då er det ikkje lenger noko att å opna.
Det interessante ligg ein stad midt imillom. Ein må skyna noko, men ikkje alt. Ein må ana ein struktur, men ikkje knekka heile koden. Det må vera noko att som ikkje lèt seg tøma.
Kanskje er det difor Eileen Noise verka meir enn eg fyrst hadde venta. Hadde dette berre vore ei kunstig efterlikning av 90-tals-grunge, hadde det fort vore uinteressant. Hadde det vore heilt framandt og utan struktur, hadde eg heller ikkje fått tak i det. Men her er det nok attkjenning til at ein kjem inn: gitarane, røysti, myrkret, vegen, nittitalsljoden. Og samstundes er det nok uro og kunstige klangar til at ein ikkje vert ferdig med det. Ein høyrer noko ein kjenner, men ein er ikkje heilt viss på kva det er ein høyrer.
Det same ligg i “Miles of Nothing”. Bileti syner draumen: vegen, rørsla, landskapet, havet, den opne horisonten. Songen syng prisen: tomleiken, lengten, det som ikkje let seg løysa av at ein berre flytter seg frå ein stad til ein annan. Difor samsvarar ikkje videoen og songen heilt. Dei skal ikkje samsvara. Dei står mot kvarandre. Videoen syner fridomen slik han ser ut i draumen. Songen syner fridomen slik han kjennest når ein vaknar.
Musikalsk er Eileen Noise lett å plassera og vanskeleg å plassera på same tid. Ordet som vert brukt er «dark grunge». Det er ikkje ein ny musikksjanger på same måten som grunge var ein ny scene i Seattle kring 1990. Det er heller eit etterliv. Grunge etter grungen. Nittitalet slik det kjem attende i ei digital tid, reinska gjenom minne, algoritmar og heimestudio.
Ein høyrer noko frå Nirvana i dei einfelde og urolege gitarane, men Eileen Noise er ikkje Nirvana. Ein høyrer noko frå Alice in Chains og Soundgarden i alt det myrke, men musikken er ikkje so tung og maskulin som det. Ein høyrer kanskje endå meir av dei kvinnelege alt-rock-røystene frå nittitalet og tidlegt totusental: Alanis Morissette, The Cranberries, Meredith Brooks, Natalie Imbruglia, kanskje ein tryggare skugge av PJ Harvey. Det er den skøyre, litt pressa, litt for opne kvinnorøysti som ber mykje av kjensla. Ho syng ikkje som ein polert popfigur. Ho syng som ein som hev noko på hjarta, men ikkje heilt veit um det hjelper å segja det.
So er det òg eit anna myrker i dette. Ikkje berre grunge-mørker, men eit meir gotisk bakljos. I sume stemningsbilete kann ein koma til å tenkja på Type O Negative, ikkje fordi musikken liknar direkte, men fordi fargane liknar: svartgrøne netter, vegar, tap, ironi, lengt, det vene som hev byrja rotna litt i kantane. Type O Negative var mykje tyngre, meir teatral og meir kynisk, men det finst ein sams sans for det romantiske myrkret. Hjå Eileen Noise er det berre mindre kyrkjegard og meir motorveg.
Det mest tidsrette ved prosjektet er likevel ikkje gitarane, men røysti. Eileen Noise er knytt til ein digital persona kalla Sophie, ei røyst eller ei indre figur som ikkje er ein vanleg vokalist i eit band. Samstundes finst det òg ekte menneskelege røyster i prosjektet. “Miles of Nothing” er mellom anna utgjeven i ein versjon med Lee-Loo på vokal, og strøymetenestone krediterer låten som “Miles of Nothing (feat. Lee-Loo)”.
Det avgjerande spursmålet er ikkje berre um røysti er naturleg. Spursmålet er kva røysti ber. Og i Eileen Noise ber røysti noko attkjennelegt. Ho ber minne som ikkje er ferdige med oss. Ho ber kjærleik som ikkje vart rein. Ho ber relasjonar som både gav og tok. Ho ber den merkelege vaksne sanningi at ein kann sakna det som gjorde ein vondt, og at ein kann vera takksam for det som samstundes batt ein fast. Ho ber den gamle rockekjensla av å stå i eit rom der ein ikkje høyrer heime, og likevel ikkje vita kvar ein elles skulde fara.
Det er difor denne musikken ikkje berre er retro. Hadde han berre vore retro, hadde han vore uinteressant etter tvo låtar. Men i dei beste augneblinkane vert Eileen Noise noko meir enn ei stiløving. Det vert ein måte å høyra nittitalet på etter at ein sjølv hev vorte vaksen. Den gongen var grunge og alternativ rock ofte musikk for ungdom som kjende seg framande i verda. No kjem same estetikken attende til menneske som hev vorte eldre og framleis kjenner seg framande, men som ikkje lenger hev luksusen av å kunna gjera framandkjensla til heile identiteten sin.
Eileen Noise kjem neppe til å verta noko stort musikalsk tidsskilje. Men prosjektet syner noko interessant: korleis nittitalet og det tidlege 2000-talet no kann høyrast på tvo måtar samstundes. For oss som var unge då, kjem musikken som eit ekko frå ei eigi tid, ei tid då livet stod meir ope, men eit ekko me høyrer med vaksne øyro. Ein gong kunde ein tru at vegen førde burt frå alt. No veit ein at han oftast berre fører vidare. Ein kann køyra frå ein stad, men ikkje frå det ein hev vorte.
For dagens tenåringar er den same tidi noko anna. Ho er ikkje minne, men mytologi: gamle gitarar, gamle spel, gamle videoestetikkar, grunge, mørk alt-rock og det analoge som no hev vorte eksotisk. Det som for éin generasjon var kvardag, vert for ein annan generasjon retro og draum. Det merkelege er at når ein slik freistar å gjenskapa totusentalet, so kjem ikkje totusentalet attende slik det var. Det vert skapt noko nytt — eit produkt av vår eigi tid, med våre maskiner, våre algoritmar og våre draumar um det som var.
Kanskje er det difor Eileen Noise kann verka på båe. Den vaksne høyrer att noko han ikkje lenger kann venda attende til. Den unge høyrer ei fjern fortid som aldri var hans eigi, men som nett difor kann brukast fritt. Millom desse tvo lyttemåtane ligg bilen i “Miles of Nothing”: på veg frametter, med havet ved sida og horisonten framfor seg.
Det er ikkje milevis av ingenting. Det er milevis av lengt — både etter det som var, og etter det som aldri heilt hev funnest.
O. Torheim

Nye kommentarar