Intervju med polske Maria frå «Christian Women against FEMEN»

Dei sokalla ”kvinnesakskjemparane” frå FEMEN såg dagsens ljos i Ukraina i 2008. Sidan den gongen hev dei stade fram med ein aktivisme som gjeng yver alle grensor. Sjølve kallar dei det for ”sextremisme”, og hevdar at det sviv seg um å verna ”kvinnerettane”. Kor som er, fyrst og fremst er det dei driv på med eit åtak på europeisk religion, der me millom anna minnast korleis dei gjekk inn i ei kyrkja og skjenda kristne symbol. Dette hev vekt sterke reaksjonar.

Dei seinaste månadene hev FEMEN både vore på reisa i Vest-Europa og opna eige lokal i Paris. Tek ein lønsnivået i Ukraina med i reknestykkjet, so tyder det siste på at dei hev meir å rutta med enn berre pengegåvor frå vanlege aktivistar… Dei hev dimeir vore med på valdelege åtak mot ”Manif pour tous”, ein fredeleg demonstrasjon der franskmenner gav til kjenne si misnøgja med ei ny lov som gjev homoseksuelle løyve til å gifta seg og adoptera born.

På Internett hev ymse slags motsvar til FEMEN gjort seg til kjenne. På Facebook finn ein til dømes  upptaket « Muslim Women Against Femen ». Eit anna upptak kjem frå Polen, kalla Christian Women Against FEMEN. Det er den 26 år gamle tvobarnsmori Maria Piasecka-Lopuszanska som stend attum det heile. Ein fransk Målmannen-tingar hev teke ein prat med henne. Resultatet er eit intervju som er å finna hjå pressebyrået Novopress, og som Målmannen hev umsett til norsk med løyve frå forfattaren.

Maria Piasecka-Łopuszańska, talskvinna for "Christian Women Against FEMEN".

Maria Piasecka-Łopuszańska, talskvinna for «Christian Women Against FEMEN».

Maria Piasecka-Łopuszańska, talskvinna for « Christian Women Against Femen »

Kvifor hev du gjort upptak til gruppa “Christian Women Against FEMEN”?

Maria : Slik eg ser det, so hev FEMEN gjort upp rekning utan vert når dei hevdar målbera interessone åt alle kvinnor. Eg vil helder segja det slik at dei skjemmer ut oss kvinnfolk! Det er berre å sjå sjølv korleis dei fer åt, korleis dei ter seg, og korleis dei (ikkje) kler seg. Dei hædar alt det som me trur på og stend for, og ikkje minst kyrkja vår. Me er ikkje tenkt å berre sitja i ro og sjå på at kristendomen vert herja med på denne måten.

Dessutan so vil me få folk til å vakna upp og sanna det me ein gong alle visste, at det faktisk er naturlege skilnader millom mann og kvinnor. Dette er ikkje det same som å hevda at kvinnor vantar logikk og vanlegt gangsyn, slik FEMEN tydelegvis må gjera når dei demonstrerar nakne for å protestera mot pornografi!

Det hasta med å få synt fram det ovstore gapet millom røyndomen og den medieskapte propagandaen. Til dette fyremålet hev Internett vore eit godt verkty. På berre ei vika hev me fenge meir enn 3000 tilhengjarar, og målet vårt er å få fleire tilhengjarar enn det FEMEN hev på sine eigne sidor.

FEMEN er vortne verdskjende, takk vere dei grensesprengjande aksjonane deira. Hev de tenkt å gjera noko tilsvarande for å gjera dykkar eigi røyst høyrd?

Maria: Javisst, men det held me enn so lenge for oss sjølve. Me kjem til å nytta oss av yverraskingsmomentet, og difor segjer me ikkje meir um det no… Men når den rette augneblinken er komen, so krevst det at me fær mest mogleg støtte for at aksjonen vår kann rulla vidare, so ver på vakt!

Nett no er det eit hundradtals polske kvinnor som hev lasta upp bilæte av seg sjølve der dei kjem med ei klår melding til FEMEN. Det er eit fyrste steg, som ber bod um at det kjem fleire.

"Skam dykk FEMEN!" Ei melding som ikkje er til å taka i miss av.

«Skam dykk FEMEN!» Ei melding som ikkje er til å taka i miss av.

Du er med i kvinnerørsla ”Kvinnor for fedrelandet” (Kobiety dla Narodu). Kann du fortelja oss litt um denne rørsla? Kva stend de for?

Maria: I Polen hev den feministiske rørsla rota seg langt ut på vidotta: Feministane gjeng laus på morsrolla, på huslyden, på religionen og på fedrelandet. Dei høgg laus på alt det som hev vore sjølve berebjelkane i samfundet, alt det som hev gjeve oss kraft til å liva ut kvinnerolla.

Det er grunnen til at me hev gjort upptak til å skipa Kobiety dla Narodu, ei rørsla av og for kvinnor med umsut for fedrelandet. Det er ikkje dei vestlege feministorganisasjonane av vår tid som me tek oss mål av, men tvert imot dei kvinnelege, patriotiske gruppone som fanst i Polen i det nittande og tjugande hundradåret. Det var hardtarbeidande småkårskvinnor frå landsbygdi som var kjernen i desse gruppone.

Me vil at kvinnor skal gjera røysti si høyrd i ålmenta, og at dei skal ha den same retten som alle andre til å stå for tradisjonelle verdiar. Me vil hevda ytringsfridomen vår og gjeva den katolske trui og fedrelandskjærleiken vår til kjennes.

I Polen hev unge gjentor eit sterkt engasjement for tradisjonelle verdiar. Polakkane makta for eit tjugetals år sidan å rista seg lause frå kommunismen. Det gjorde dei for å gjeva nytt liv til tradisjonen, ikkje for å verta valsa ned av vestleg normuppløysing.

Polakkane makta for eit tjugetals år sidan å rista seg lause frå kommunismen. Det gjorde dei for å gjeva nytt liv til tradisjonen, ikkje for å verta valsa ned av vestleg normuppløysing.

Soleides skulde det vera klårt nok at me er ”feministar” i ei onnor tyding enn den ein høyrer i daglegtala. Me er for kvinnelege verdiar, det heiter at me er for livet, me er mot pornografi – og me legg oss etter skikkelege mannfolk og ikkje andre damor, måvita. Likeins er me upptekne av å taka vare på identiteten og kulturen vår. Me vil ha ein konservativ revolusjon, ikkje ein seksuell ein!

  • Det er noko heidensk over Femen, som eg likar, synleg i deira kritikk av mono-teismane.
    Samstundes kan ein ikkje sjå vekk frå at dei berre er eitt nytt skot på stamma av marxistiske rørsler med mål om å bryta ned verdiar. samfunn og tradisjonar..
    Denne bloggaren hev mykje om Femen: http://tannhauser3.wordpress.com/femen/

    Ellers ser den nye polske rørsla ut til å vera ei kvinnerørsle på kvinnfolka sine eigne premissar og ikkje som nyttige idiotar for internasjonale krefter.

    Men, denne er fin enten det er so eller so: Kristne og HMS-ansvarlege får sjå den på eigen risiko:
    http://www.youtube.com/watch?v=U1Ce5UlLtgc

  • Ingmar Castell

    Alla krafter mot femen, o deras propaganda, är av godo.
    Kvinnor for fedrelandet/ Kobiety dla narodu är rätta tag.