Lindemann den store

Lindeman-året vart markera i Noreg i 2012. Dersom ein tenkjer på kven Ludvig Mathias  Lindemann var, so kjem ein snart i burti salmen «Kyrkja ho er eit gamalt Hus». Han hev havt mykje å segja for norsk musikk- og kultur heilt fram til i våre dagar. No assosierar ein namnet hans fyrst og fremst med kyrkjemusikk og salmesong i den nasjonalromantiske perioden. Det finst knapt ei kyrkjehøgtid som ikkje Lindeman hev skrive ein salmetone til. Mange assosierar t.d. joli med «Eit Barn er fødd i Betlehem», påska med «Paaskemorgen slukker Sorgen», pinsa med «Apostlerne sad i Jerusalem» og «Kjærleik, den er ljosens Kjelde» og 17. mai med «No livnar det i Lundar». Alle er kjende og kjære norske salmar. Pluss endå fleire salmemelodiar båe i Norsk Salmebok og ikkje berre, hev kome ut frå Lindeman si penn. Under gravferd høyrer ein ganske ofte «Gud, når Du til oppbrudd kaller» med Lindeman sin melodi (dikt av Johan Lyder Brun). Og me målfolk minnast alltid «Nordmannen», mest kjend som «Millom Bakkar og Berg», på Ivar Aasen-dikt. (Den sistnemnte var for resten ståande i tidlegare utgåvor av SangBoken / MelodiBoken, tilliks med forskjellege salmar, bedehussongar og liknande, nesten atterst i boka.)

Lindeman_Ludvig_Mathias (Foto Johannes Petter Lindegaard)

For oss nordmøringar er det ekstra ære og glede å heidra Lindeman fordi han kjem frå ei stor musikalsk slekt frå Nordmøre og Trøndelag. Faren, komponisten Ole Andreas Lindeman, var surnadøl, sorenskrivarson og elev av Israel Gottlieb Wernicke frå Bergen, og Wernicke var elev av Johann Philipp Kirnberger som i si tid var elev av C.Ph.E. Bach, sonen til J.S. Bach, so kom då Lindeman-slekti slik inn under rett lærar-elev-line heilt frå sjølvaste Bach og dimed vart dei sterkt prega og hevdsbundne til Bach sin polyfoni fleire ættleder framyver. (Det var for resten Ole Andreas Lindeman som i lag med Johan Henrik Berlin hadde skipa Det Throndhjemske Kammermusikalske Selskab i 1786.) Sjølve Ludvig Mathias, sjuande barnet i familien, var fødd i Trondheim den 28. november 1812. Alt som 11 – 12-åring byrja han å vikariera som organist i Vor Frue kirke i byen. I 1833 fòr han til Christiania for å studera teologi og musikk. Teologistudium fullførte han aldri; i staden byrja han som organistvikar for bror sin Jacob Andreas i Vor Frelsers kyrkje, no Oslo Domkyrkje. Frå 1839 og fram til han døydde 23. mai 1887 var han fast organist i denne kyrkja.

Lindeman var ikkje berre kyrkjemusikar og organist. Han spelte ogso cello og kontrabass, dirigerte kor og underviste i kyrkje- og skulesong, musikkteori og sjølvsagt orgel. Samans med sonen Peter (1858 – 1930) skipa han i 1883 ein sokalla «Organistskule» som ganske straks utvikla seg til det fyrste musikkonservatoriet i landet. Millom fleire Lindeman-elevar kann ein nemna tri store komponistnamn: Johan Svendsen, Hjalmar Borgstrøm og Johannes Haarklou. Og samarbeidet med M.B. Landstad um hans Reviderte Salmebok (Lindeman komponerte ikkje berre salmemelodiar til Landstad sine dikt og umsetjingar, men ikkje minst laga han koralbok til Landstad si bok). Landstad og Moe si folkvisesamling gjorde Lindeman djupt interessert i folkemusikk (Interessa han eigentleg hadde havt sidan unge år), og sluttsatsen var fleire folkemusikksamlingar av Lindeman sjølv, den største av dei er «Ældre og nyere norske Fjeld-Melodier» i fleire hefte. Samlingi umfattar både religiøse og verdslege folketonar i fleire sjangrar, m.m. bonsullar, kjempevisor, instrumentale slåttar. Det var melodiar frå Lindeman si samling som Edvard Grieg brukte i sine «Fire Salmer» for kor – det siste verket som den sjuke Grieg hadde fullført sjølv. Lindeman komponerte ogso mykje klaver-, kammer- og kormusikk, utanom kyrkje- og orgelmusikk. Ein vikitg del av dei mest skapande arbeidi (m.m. eit stort sceneverk, strykekvartetter og pianosonate) gjekk diverre tapt under ein stor husbrann i 1859 då komponisten var midt i livet. Ein del tapte verk kunne komponisten, sant nok, atterskapa sjølv etter minne, men iallfall var det sannsynlegvis ikkje mykje av det som hadde vore til.

I 1969 skipa barnebarnet Trygve Lindeman, cellist og dirigent, tidlegare direktør av  Musikkonservatoriet i Oslo, som me nemnde ovanfor, Lindemans legat. Denne stiftingi stod i dei fyrste fire år for drifti av konservatoriet, deretter tok staten over og namnet vart skift til Noregs Musikkhøgskole. Lindemans legat delar ut Lindemanprisen kvart år og dessutan hev dei i år laga eigi netsida for Lindeman-jubileet. Norsk Musikforlag, i samarbeid med Lindemans legat og Norsk Kulturråd,  gav i 1983 ut noteserien «Lindeman-slekten i norsk musikkliv» i tri bind: bd. 1 – «Ældre og nyere norske Fjeldmelodier», bd. 2 – «Klaverbok» og bd. 3 – «Orgelbok».

Og Lindeman-slekti held fram å leva i vår tid. Den mest kjende målsmannen er oldebarnet til Ludvig Mathias, hans son Kristian sr. sitt barnebarn, uppattkalla etter bestefaren, – komponist Kristian Lindeman jr. Kristian jr. ogso feirar runddato i år – 22. november vart han 70 år. Han hev komponert ei rad ovfagre pianostykkje. Nokre av dei hev artikkelforfattaren teke med i sitt repertoar.

Og heilt til slutt: Året 2012, Lindeman-året, er ogso året for ei stor og umfattande kyrkjereform. To ting som kanskje må høyra svært dårleg saman, to nesten polare ting… Er det berre eit tilfeldig samantreff? Eller eit tragisk paradoks?.. Vanskeleg å gjeva eit beinveges svar. Men kanskje er det ikkje heilt naudsynt. Reformer er absolutt forgjengelege ting, dei berre kjem og gjeng, men norsk salmeskatt med Landstad sine dikt og Lindeman sin musikk i spissen skal leva ævleg i folkeminne, trass alle reformer, alle slags umskifte og kataklismar. Den er ein stor nasjonal kulturarv som ein ikkje skulle ha mismætt, iallfall!

Kjeldor
Cappelens Musikkleksikon. Bd. 4. J.W. Cappelens Forlag A/S, Oslo 1979, s. 357 – 362.
Grinde, Nils. Norsk musikkhistorie. Ny revidert utgave. Musikk-Husets Forlag A/S, Oslo 1993, s. 111 – 119.
Hyldbakk, Hans. Vårsøg: Dikt i samling. Surnadal Heimbygdlags skrifter, 1997. (Ordet «surnadøl» er henta derifrå!)
Lindeman-slekten i norsk musikkliv: Bd. 2. Fam. Lindeman`s KLAVERBOK. Bd. 3. ORGELBOK. Norsk Musikforlag A/S, Oslo 1983.
Muzykalnaya Encyklopedia. Bd. 3. Moskva 1976 (på russisk).
Norsk musikk: En antologi ved Nils Grinde og Kåre Grøttum. Universitetsforlaget, Oslo – Bergen – Tromsø 1974, s. 40.
Tvete Vik, Randi. 2012 – Lindemanåret // Bladet KAMMERtoner, nr. 1, 2012, s. 4.

A. Kurbanov

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!

  • Valgeir

    Det er ikke alle som er like begeistret for Lindemanns innsamling av folkemusikk. Lindemann fjernet alle kvarttoner fra og holdt ikke rede på altfor kompliserte rytmer, slik at effekten ble en forflatning av en langt rikere kultur. Og da Grieg benyttet seg av Lindemanns samlinger til hans nasjonalromantikk fikk vi fastlagt ett bilde på folkemusikk i en harmonikk som overhodet ikke gjengs med opphavet. Stemmingen av ett orkester og gamle folkemusikk instrumenter er veldig forskjellig.