Vadim Zeland’s Transsurfing

”Transsurfing” er eit umgrip innført av fysikaren og informatikaren Vadim Zeland. Det gjeng ut på at ein sjølv kann velja sin eigen røyndom, og at draumar, ynskje og hugmål kann kann gjerast til røyndom når ein gjer eigne val. Dette er eit emne som mange alt er kjende med gjenom til dømes den populære boki og filmen ”The Secret”. ”The Secret” segjer at berre du trur sterkt nok på det sjølv, so kjem du til å lukkast med alt det  du gjeng inn for å lukkast med. Alt det du ynskjer deg er sikra berre du hev sterk nok tru på det. Du kann tru på det eller ikkje, men slik vert det sagt. Men det er meir i det enn berre dette. Transsurfing gjeng utyver vanleg ”positiv tenkjing” og fortel kvifor me ofte endar med å få det me aller minst ynskjer oss. Han innfører umgrip som ”jamvektskrefter”, ”variasjonsrom”, ”gliding” – og serskilt ”val” – og han nyttar desse umgripi til å skildra korleis me byggjer våre eigne liv og lagnader. Transsurfing gjev oss dessutan eit eineståande utsyn yver det som Zeland kallar for ”pendelrørslor”.

transsurfing
Det finst ein grunnleggjande balanse i heile Universet. Naturi søkjer balanse, og mennesket vert påverka av dei kreftene som finst i universet. Dette vil til dømes segja at når me legg altfor mykje vinn på eitkvart, so vert det sett i sving krefter som freistar motverka dette. Um me braglar og skrøyter eller kjenner oss store og mektuge, so kjem det til å vera krefter i universet som vil avleida denne overskotsenergien.
Det Zeland kallar ”variasjonsrommet” er noko slikt som ein leikeplass for ulike parallelle univers. Dei livi me liver er tufta på kva for nokre av desse parallelle universi det er me vel å gå inn i med tankane våre. Um tankevibrasjonane våre svarar til ein serskild variasjon, so er dette det som kjem til å koma til uttrykk i livi våre. Um me ikkje er nøgde med stoda slik som ho er, so kann me brigda kvaliteten på tankane våre og soleides koma til nye resultat.
”Glidingar”, slik Zeland skildrar det, er aukeglas (linsor) som me ser verdi gjenom. Når me byrjar sjå oss sjølve på negativ vis, kanskje ”for tjukk”, ”for dum”, og so burtetter, då er dette det som kjem til å verta spegla attende til oss – jamvel um det faktisk ikkje skulde vera slik.
Zeland understrikar kor som er at ein kann nytta ”glidingar” til å uppnå positive resultat med. Du kann velja sjå på deg sjølv som intelligent, intellektuell, hugtakande og ven, og dinæst liva ut dette bilætet av deg sjølv i dagleglivet. Jamvel um du ikkje maktar lura deg sjølv til å byrja med, so kjem denne ”illusjonen” til å verta røyndom um ein berre er uthaldande nok. Det som det handlar um er å få ånd og intellekt til å spela i lag. Det som åndi strevar etter, og som fornufti tenkjer er moglegt å få til,  det hev ein kraft nok til å arbeida fram. I motsett fall, når fornufti gjeng på tvers av det som åndi strevar etter, so hev ein fenge ein blokade.
”Pendelrørslor” er ei sers forvitneleg ovring, med di verdi er av full av deim. I eit ideellt pendelsystem kann pendelrørsla halda fram for alltid, men i eit pendelsystem som ikkje er ideellt vil friksjonen i systemet føra til at pendelrørsla langsamt døyr ut um systemet ikkje vert tilført ein impuls utanfrå. Det er denne siste typen pendelsystem som Zeland skildrar. Eit system, ei eining, ein ide, som treng vedvarande tilførsla av energi utanfrå for å ikkje langsamt døy ut. Nokre døme kunde vera styresmaktene eller ein person styrd av sitt eige ukontrollerte sinne (der ”sinnet” eller dei bisnelege kjenslone vilde ha vore pendelen). Ein person kann sjølv henta den energien som han treng, medan eit pendelsystem treng tilførsla av energi frå andre for å kunna halda det gåande i lengdi.
Ei riksmakt er ein skipnad laga til av menneske, det hadde ikkje eksistert um det var menneske som mata energien sin inn i det. Det skræmer deg med di det trugar deg med bøter, fengsel, og so burtetter, um du ikkje lyder det.
Det er di eigi redsla som sikrar at systemet kann få lov til å halda fram.
Dersom ein ynskjer å sjølv velja kva slags røyndom ein skal liva i, so lyt ein slutta å gjeva energi til negative pendelsystem. Det heiter, å slutta attleta på alt, slutta ottast, slutta tvila, med di alt dette berre bringar ein det som ein minst ynskjer. I verste fall risikerar ein at ånd og fornuft tek til med eit negativt samspel, der negative og hatefulle tankar vert para med ventnader um at det ein ikkje ynskjer mest sannsynleg er nett det som kjem til å skje. Ingen god kombinasjon…
Me vert dragne mot det me matar energien vår inn i, og medvit er soleides eit lykjelord. Medvit um kreftene i universet, i naturi, i samfundet ikring oss, og um korleis alt dette verkar inn på oss. Skal me gjera verdi til ein betre stad, lyt me fyrst ta til med oss sjølve. Og for han som vil koma vidare personlegt er kjenselivet vel so viktugt som den kalde fornufti. Vakn upp og ver medviten!

Megan L.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!