Samrøda: Alberto Torresano

Målmannen hev møtt Alberto Torresano, tidlegare generalsekretær i La Falange, rørsla som styrde Spania fram til 1975. Torresano kunde fortelja um eit langt politisk liv, som han tok til på berre 11 år gamal med det som vart kalla Ungdomsfronten.
Torresano er dessutan målmann so godt som nokon, han hev studert filologi både i Frankrike og  i Tyskland og er vorten professor i spansk språk og litteratur.

torresano

Um rørsla si, La Falange, fortel Torresano at det er ei rørsla som korkje stod til høgre eller til vinstre, dei vilde samla heile folket. Dei ynskte ikkje å kalla seg for eit parti, med di dei ikkje vilde taka parti for nokor serskild gruppa i samfundet.
Sigeren i 1939 førde etter Torresano sitt syn til at Spania vann jamvekti og einskapen attende. Samstundes sikra dei nye styresmaktene arbeid til alle.
Men sidan 1975 hev det liberale demokratiet gjeve landet fem millionar fatige, den nasjonale einskapen er truga av ei rad ulike separatistrørslor, og meir enn ti prosent av folkesetnaden i landet i dag er framandkulturelle innvandrarar.

Dalen åt dei falne.

Dalen åt dei falne.

Dei fleste minnesmerki frå den nasjonalistiske epoken er dessutan vortne rivne ned. Politiske rørslor som hev vilde føra vidare den nasjonal-syndikalistiske ideologien åt La Falange er vortne forfylgde. Det einaste monumentet som dei nye styresmaktene ikkje hev våga øydeleggja er den mektige ”dalen åt dei falne”, men jamvel her gjeng ordskiftet um kva som skal henda.
Dei som tapte den spanske borgarkrigen valde å flykta til Frankrike. Her vart dei verna av dei vinstreorienterte franske styresmaktene. Den einaste opposisjonen som var att innanfor spania var den monarkistiske opposisjonen, men desse gjorde til gjengjeld eit solid undergravingsarbeid, etter Torresano sitt syn. Han syner dessutan til at den spanske kongefamilien ikkje er røynlegt spansk, men høyrer til det franske Bourbon-huset.

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1/2 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!