Siss og Unn – Ein roman etter «Is-slottet»

Siss og Unn / Inger Bråtveit.  
Oslo: Forlaget Oktober, 2009
176 s.,  ISBN 978-82-495-0704-7 (hf.)

Det er mange år sidan eg byrja å lesa ei bok av Tarjei Vesaas, og av alle Vesaas sine rike og beintfram ovstore verk, stend Is-slottet (1963) i ei serstoda, i jambreidd med nokre andre. På slump uppdaga eg denne titelen i ein bokhandel på verdsveven, og nyfiken som eg er, måtte eg røkja etter kva dette var, eg hev alt lese alle bøkene til Vesaas i fillor. Alle gode nordmenn veit vonlegvis at nett Siss og Unn er hovudpersonane i ein Vesaas- roman um uppvokster og um det vandslege og usegjelege millom vener i det nordiske vinterlandet, altso “Is-slottet”. Jamvel um dette er ei sjølvstendig soga, lyt ein leggja vikt på at ein fær mest ut or henne um ein fyrst les Vesaas-romanen. For dette er ei merkeleg blanding av ei bok: både eit framhald av Vesaas si soga um livi til desse tvo jentone, men ei sjølvstendig soga med, som hev lagt handlingi til i dag, og ho tek upp eksperimentelle emne.

Unn og Siss.

Unn og Siss.

Skrivarinna er Inger Bråtveit (fødd 1978) frå Suldal, som nok er meir kjend for boki Munn mot ein frosen fjord (2002) som gjekk sin sigersgang i den gongen. Ein merkar godt påverknaden frå Vesaas, både med tanke på grunnmotivet i boki med desse tvo vare jentone, men språkleg au med det eksperimentelle språket ein kjenner frå Vesaas som nærsagt flyt av garde og ofto slær fram ein surrealistisk, elder i alle fall tankefull tone. Språkleg er boki morosam å lesa for målfolk, for ho er både skrivi på godt landsmål (um enn ikkje på høgnorsk) og store bolkar av boki er jamvel på svensk. For i Bråtveit si utgåva av soga er Siss svensk tilflytjar til eit dalføre i Noreg, og Unn den heimefødde norske jenta. I dei indre og ytre dialogane til Siss, vert det både skrive og tenkt på svensk, noko som er eit kjærkome påfunn for ein samskandinavist som bokmeldaren.

Me fær fylgja desse tvo gjentone frå dei er unge gjentor og, slik bokmeldaren tolkar det, gjeng på barneskulen, og fram til dei byrjar på universitetet, Unn i Bergen og Siss i Stockholm. Venskapen millom deim veks av di dei er einsame, og dei er skilde frå dei hine på skulen på eit vis. Tilliks med Vesaas- romanen vert det ikkje fortald beint fram kva som i grunnen gjer desse gjentone so vare. Unn bur i skogen på ein gard som er utleigd,  faren fór sin veg ein dag og kom aldri attende, og mori let seg meir og meir inn i seg sjølv, til slutt vart ho råka av daudeleg kreft med spreiding. Mummy Big er det merkelege namnet hennar, og Unn vert meir og meir sjukepleiaren hennar, og mindre og mindre dotter hennar. Unn fær god hjelp til å stella mori av ei plikttrugi moster, som bur i skogen, ho med, i ein annan part av bygdi. Siss bur derimot med båe dei svenske foreldri sine, men faren pendlar oftare og oftare til hyrnesteinsverksemdi og mori vert meir og meir kjenslenæm og ute or lage med kvart som åri gjeng. Dette driv faren til å arbeida lengre og lengre kvar dag. Til slutt byrjar han å sova yver i pendlarhuset på arbeidet, noko som gjer mori endå meir skipla. Siss freistar å halda huslyden samla, for det meste ved å freista gjera mori meir vaksi, men det er hardt for henne med på heimefronten.

Mummy Big døyr med kvart av sjukdomen, og Unn flytjer saman med moster, som er ei sterk og god kvinna som heile livet hev sett sine eigne livsmål på vent, so ho kunde hjelpa dei som var ikring henne, og no er det for seint med noko eige, slik ho ser det. Ho liver difor gjenom Unn, på sett og vis. Det er so mange vene sitat frå boki ein kunde velja ut, for Bråtveit er sanneleg ei kunstnarinna av rang med ordleikar verdige den rike seden me hev fenge frå ordtrollmannen frå Telemark: «Kva hjarta til Siss er laga av? Stål og fløyel er eit slikt jentehjarta laga av» (side 144). Ordet som høver best på denne boki er var.  Båe gjentone er merkte av korleis dei hev det heime, og slik veks jentone upp og skal ganga kvar sin veg gjenom livet, endå um båe freistar finna vegen attende til den venskapen dei hadde i lag då dei var yngre. Siss finn seg til rettes i det intellektuelle kringværet i Stockholm på kunstsogestudiane, medan Unn flytjer til Bergen for å freista finna noko av den same lukka der som ho ser Siss hev funne i Stockholm. Det er ikkje til å stikka under ein stol at Unn er den av dei tvo jentone som slit mest med arven frå uppvoksteren. Boki er til tider hjarteskjerande når ein anar korleis venskapen vert meir og meir til at Unn freistar å bruka Siss til å kara seg attende til livet med dei sterke hendene til Siss. Siss hev funne ein eigen streng å spela på, og er i stødt meir i stand til å hjelpa Unn. I god Vesaas-ande er ikkje dette ei bok som leflar med lukkelege endingar av det nord-amerikanske slaget, men kva meir som hender fær lesaren finna ut sjølv.

Det er mykje godt ein kunde draga fram i denne boki. Målet er rikt og det verkar utforskande og dei sinnelagsbileti som Bråtveit målar for lesaren gjer at ein vert sitjande å tenkja medan ein les, endå um boki er etter måten stutt. Boki liknar Vesaas-romanane. Den ytre hendingi er sparsam, men den indre handlingi er rik. Er ein er vand med den handlingsrike, våsute og tidstelande kriminalromansjangeren som mange nordmenner les no um dagen, då er nok ikkje dette boki ein skal kjøpa. Men tykkjer ein um den norske bokheimen med skjønnlitterære verk som burde vera nok til å vara livet ut for mange av oss, so kann denne boki vera verd å få med seg. Og hev ein vorte fengd av sogor som Is-slottet, og er open for moderniseringar og utforskingar av den litterære arven frå Vesaas, då burde dette vera ein framifrå lesnad. Det er ei bok denne bokmeldaren held kjær, og ho eignar seg godt til å lesa fleire gonger, av di dei mange sinnbileti i boki gjev mykje rom til ettertanke. Ho er beint fram varmt tilrådd.

S. Andresen

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!