Nelson Mandela, ikonet og inkjevetta

Professor Bernard Lugan er spesialist på afrikanske spursmål.

Nelson Mandela var fødd den 18. juli 1918 i gamle Transkei, og døydde den 5. desember 2013. Han likna ikkje mykje på det upphøgde bilætet som det er politisk korrekt å laga av honom i dag. Um ein ser forbi dei mjuke ordi åt dei velmeinande kommentatorane, so gjeld det um å ikkje missa av syne det som er det handfaste i livet til Nelson Mandela:

Winne Mandela, Nelson Mandela og Joe Slovo.

Winne Mandela, Nelson Mandela og Joe Slovo.

1) Han var ein khosa-aristokrat frå Thembu-kongefamilien, og slett ingen «arm og tynt svart afrikanar». Han vart upplærd i europeisk kultur av metodistmisjonærar og byrja på høgare utdaning ved Fore Hare, eit universitet for born frå den svarte eliten. Han fullførde studia i Witwatersrand, i Transvaal, i hjarta av det som var «buarlandet». Han tok til å verka som advokat i Johannesburg.

2) Han var helder ikkje den venlegsinna reformisten som han vert framstelt som i dagspressa. Sistnemnde vil aller helst framstella honom som ein «erkeengel for freden», ein mann som kjempa for menneskerettane til liks med ein Gandhi eller ein Martin Luther King. Nelson Mandela var framfor alt ein revolusjonær, ein medhaldsmann som ikkje var redd for å setja menneskeliv på spel, korkje andre sitt eller sitt eige.

Det var difor at han var ein av grunnleggjarane åt Umkonto We Sizwe, «spjutspissen åt nasjonen», den militære greini åt ANC som han styrde i lag med kommunisten Joe Slovo. Saman planla dei og lagde dei til rettes for meir enn 200 attentat og sabotasjeaksjonar. Det var for desse aksjonane at Mandela vart dømd til livsvarande fengsel.

3) Det vert ofte sagt um Mandela at han var mannen som gav høve til ei fredeleg maktyvertaking i Sud-Afrika, frå eit «kvitt mindretal» til eit «svart fleirtal», og som slik var med på å hindra eit blodbad. I røyndi var det president De Klerk som sette inn Mandela, og det etter ein plan som han vart diktert av Sambandsstatane. Stikk i strid med alt det som han hadde lova sine eigne veljarar, so valde De Klerk å:

– Uppløysa den sud-afrikanske heren som ANC aldri var i stand til å stå upp mot.

– Setja ein endeleg stoggar for ei politisk løysing med ein desentralisert, multietnisk stat. Denne desentraliserte staten kunde ha vore eit føderalt alternativ til den einsrettande statsnasjonalisme åt det marxistiske og dogmatiske ANC.

– Torpedera dei løynde tingingane millom Thabo Mbeki og dei sudafrikanske generalane, tingingar som kunde ha leidd fram til at ANC vilde godtaka at det vart skipa ein eigen «Volkstaat» for buarane i Sud-Afrika.

4) Det lova landet til Nelson Mandela hev ikkje akkurat vilja flyta av mjølk og honning, økonomisk hev landet rutsja ned i ein avgrunn. Etter det som ein kann lesa i «den økonomiske rapporten for Afrika i 2013», gjeven ut av den økonomiske kommisjonen for Afrika og av den afrikanske unionen, so er Sud-Afrika plassert millom dei fem landi på kontinentet som gjer det aller dårlegast. Dei ligg so vidt framfor Komorane, Madagascar, Sudan og Swaziland.

Skal ein tru offisielle tal, er arbeidsløysa komi upp i 25,6 prosent av den vaksne folkesetnaden. I røyndi er trulegt heile 40 prosent av den vaksne folkesetnaden for arbeidslause å rekna.  Når det gjeld gjenomsnittsinntekti åt dei fatigaste i landet, som tel 40 prosent av sudafrikanarane, so ligg denne under helvti av det ho var den gongen det kvite mindretalet hadde makti. Frå ein folkesetnad på 51 million er det i dag heile 17 millionar svarte som ikkje yverliver anna enn takk vere sosialhjelp.

5) Nelson Mandela hev likeins mislukkast politisk. Han hev ikkje greidd å samla dei svarte i landet, tvert imot hev det vore harde samanstøytar millom khosaer og zuluar, millom marxistiske museumsvaktarar og pragmatiske marknadsliberalistar – og millom panafrikanistar og talsmenner for ei «multietnisk» lina. Likeins hev det kome til ein generasjonskonflikt millom den gamle garden av «black englishmen» og ein ny flokk av unge aktivistar som vil ganga vidare i «fridomskampen» og konfiskera gardane åt dei kvite farmarane, på same måten som i Zimbabwe.

6) Nelson Mandela hev ikkje greidd å skapa fred i Sud-Afrika. Med eit gjenomsnitt på 43 mord um dagen, so lyt ein kunna slå fast at her er det jungelens lov som rår.

7) Nelson Mandela hev ikkje skapt fred millom dei ulike etniske gruppone. Millom 1970 og 1994, då ANC låg i «krig» med «dei kvite styresmaktene», vart eit sekstitals kvite gardbrukarar drepne. Sidan april 1994, etter at Mandela kom til makti, er meir enn 2000 kvite gardbrukarar vortne myrda – utan at ein hev høyrt eit knyst um det i den europeiske pressa.

I Sud-Afrika hev kriminaliteten eksplodert. Mordarar som medvite gjeng etter etniske europearar, det er rasistane du ikkje fær høyra um i norske media i dag.

I Sud-Afrika hev kriminaliteten eksplodert. Mordarar som medvite gjeng etter etniske europearar, det er rasistane du ikkje fær høyra um i norske media i dag.

8) Til slutt lyt ein slå fast at myten um ein «regnbogenasjon» hev grunnstøytt mot dei regionale og etniske realitetane. Landet er meir kløyvt enn nokosinne, og det ser ein tydelegt ved vali. Folk røystar etter etniske skiljelinor, dei svarte for ANC og dei kvite og raseblanda for «den demokratiske alliansen».

På mindre enn tvo tiår hev Nelson Mandela og etterfylgjarane hans (Thabo Mbeki og Jacob Zuma) umdana Sud-Afrika frå å vera eit vestlegt land på sudspissen av Afrika til å verta ein av mange mislukka statar i den tridje verdi: Skort på mat og medisinar, økonomisk kollaps, og store sosiale problem med vald og kriminalitet. Denne realiteten hev late seg gøyma burt i sume sektorar som framleis gjer det sers bra, men som det vert færre og færre av.

Kunde ein ha venta seg noko anna når den rådande ideologien er tufta på den røyndomsbresten som det mangkulturelle samfundet er? Um ein tek av seg desse ideologiske brillone, so ser ein med ein gong at Sud-Afrika ikkje er nokon nasjon, men eit lappeteppe av folk som dei britiske koloniherrane samla på det same territoriet. Folk med kultur, tradisjonar og verdiar som ikkje berre var framande for kvarandre, men som gjerne stod beint i motstrid til einannan.

Den globale gudstenesta som politikarar og media i dag steller til for Mandela, ho endrar ikkje noko på denne realiteten.

Berhard Lugan