Berre daud fisk flyt med Strømmen

Innlegget stod på prent i Dag og Tid den 24. mai 2014

Øyvind Strømmen vert kalla ”ekspert” på ”høgreekstremisme”, men kvar han hev ekspertisen frå er ikkje godt å vita. På sitt beste slær han inn opne dører, på sitt verste nøgjer han seg med insinuasjonar for å fram alt det han ikkje hev dekning for å hevda ende ut. Kommentaren 10. mai var døme på det siste. Strømmen og meiningsfrendane hans hev ein klår dagsetel: Dei som ytrar seg utanfor dei tronge norske konsensusråmone skal stemplast som høgreekstreme, rasistiske eller homofobe, alt etter kva som er tema og kven som skal setjast på plass. Realiteten spelar ingi rolla. Konspiranoia er endå ein diagnose dei likar setja på annleistenkjande, men som framfor alt råkar deira eigi jakt på fårlege nettverk og bakspelarar.

Øyvind Strømmen, bloggaren og aktivisten som i media er vorten upphøgd til "ekspert" og "autoritet" på ekstremisme.

Øyvind Strømmen, bloggaren og aktivisten som i media er vorten upphøgd til «ekspert» og «autoritet» på ekstremisme.

Strømmen & Co nyttar seg av ein kjend teknikk som heiter ”guilt by association” eller ad hominem: Um B helsar på A som er utropa som ekstremist, eller kanskje deler ei uppfatning med A, men ikkje alle, so vert B som A. Dei fleste kjenner att denne samanstellingi frå den tvilsame enden av journalistikken.

Nylegt fekk eg uppliva kva det vil segja å falla i unåde hjå dei nemnde politiske smaksdomarane: Eg som til dessar hadde rekna meg som ein uinteressant privatperson fekk lov å fylla heile framsida på Næravisa i Volda, med krigstypar på svart bakgrunn. Eg kunde lesa at eg var i nynazistisk selskap, dreiv med nyfascistisk politikk kamuflert som kultur – og hadde vore med på å grunnleggja eit internasjonalt høgreekstremt nettverk saman med ein terrorist! Kjelda for denne ville og lygnaktige reportasjen var ingen ringare enn Øyvind Strømmen sjølv.

Brotsverket mitt? Som skribent for Målmannen hadde eg skrive reportasjar frå tilskipingar kringum i Europa, sume med nasjonalistiske tilsnitt, andre reine kulturtilskipingar, og atter andre minnemarkeringar for tyske krigsoffer. Eg hadde jamvel vore på samlingar med autonome, vinstreradikale og miljøvernarar. Dette av di eg vilde få eit innblikk i straumdragi som rår millom idealistisk ungdom i dag, anten dei stend til høgre eller vinstre. Og eg freistar møta dei med eit ope sinn, framfor å fyrehandsdøma eller trengja folk inn i ein trong bås som skal høva ein konspirasjonsteori eller ein politisk agenda.

Javisst er eg uppteken av å verna norsk kultur. Javisst er eg innvandringskritisk. Men tilnærmingi mi hev allvegen vore opi og sanningssøkjande. Agendaen er eine og åleine min eigen, og ikkje den Strømmen vil tilleggja meg og bladet mitt. Eg hev våga uppsøkja og skriva um tilskipingar som norske media vil tegja i hel, og det jamvel um dei samlar tusundtals menneske og eit stort politisk spektrum. Eg tillet meg å møta fram og gjera upp mi eigi meining. Dette gjer meg snarare til ein fritenkjar enn til den høgreekstreme nettverksbyggjaren som Næravisa og Strømmen freistar framstella meg som.

Det er tydelegt at Strømmen ikkje kann ta meg meg på noko av det eg hev sagt eller skrive. Difor er Plan B å knyta meg upp mot andre personar og gruppor som alt er ferdugt stempla og utdefinerte frå offentlegt ordskifte (flugepapir-prinsippet). Eg krev kor som er retten til å stå til andsvar for mine eigne meiningar, og ikkje andre sine. Skuldingane Strømmen sette fram i Næravisa er grundig attendeviste i ei klaga som skal upp på møte i PFU 28. mai. Øyvind Strømmen hev gjort seg eit namn på å synsa, setja folk i bås og hindra meiningsfullt og fritt offentlegt ordskifte – men det er enno ikkje for seint for han å gjera seg eit namn på sanningi.

Næravisa vart felt for brot på god presseskikk under PFU-møtet den 25. juni 2013. Red.