Europeisk fridom

Innlegget stod på prent i Dag og Tid, fredag den 6. juni 2013.

For snaude tri månader sidan trudde Øyvind Strømmen at Målmannen skulde lida same lagnaden som andre han hadde kasta seg yver. Det var berre å venta ein dag eller tvo etter det ville og lygnaktige uppslaget i Næravisa i Volda, og so skulde han triumferande få sanna at artiklar og innlegg vart tekne burt frå netsidone våre. Det motsette hende: Me la alle kort på bordet, og publiserte alle PDF-utgåvor av Målmannen på heimesida maalmannen.sambandet.no og på maalmannen.wordpress.com. Lesarane skulde få døma sjølve.

Etter å ha saumfare seinaste årgangane våre, kann Strømmen avsløra at eg skal ha nytta ordleidingi “europeiske frendar” um tilreisande frå andre land til sjølvstendedagen 11. november i Polen. Målmannen kunde gjeva norske lesarar eit unikt innblikk i denne tilskipingi, som samla meir enn 50.000 menneske. Likeins skal eg ha helsa på folk frå La Falange og Chrysi Avgi under tradisjonsrike Fête de Jeanne d’Arc i Paris, og eg skal ha nytta formuleringi “ung og gåverik” um ein person som Strømmen vil døma nord og ned. Det er alarm, på vegner av vanvitugt mang… eh, Øyvind Strømmen altso.

DDR-nostalgien stend høgt i kurs hjå den nye generasjonen av Stasi-yvervakarar.

DDR-nostalgien stend høgt i kurs hjå den nye generasjonen av Stasi-yvervakarar.

For Strømmen er det uråd å tenkja seg at det kann finnast eit genuint idealistisk engasjement millom folk som høyrer til eit anna politisk spekter enn hans eige. Då eg fortalde Næravisa at ungarske Festival Boreal faktisk samla meir enn 10.000 ungdomar til ein kulturfestival som femnde um langt meir enn berre rein politikk, vart Strømmen rasande og skulda meg for “reint vrøvl”. Dette jamvel um eg som einaste nordmann hev vore til stades og kunna gjort meg upp mi eigi meining.

Strømmen skuldar meg for å ha ein løynd, metapolitisk agenda – paradoksalt nok av di eg hev vore open og ærleg um det eg hev drive på med. Strømmen kann ikkje visa til noko anna enn det eg sjølv hev skrive um i eigne artiklar. Men Strømmen ser noko som andre ikkje ser, han veit at det må vera noko meir! Dei som kjenner meg veit kor som er at ihugen min for høgnorsken hev vore genuin heilt sidan gymnastidi. Målmannen er i tolvte årgangen med artiklar um dei mest mangslungne emne, men arbeid for det nedervde norske målet alltid hev vore den raude tråden – og ikkje den svarte som Strømmen insisterar på…

Når eg hev rapportert frå alternative politiske markeringar ute i Europa, so er det nett av di eg ynskjer å finna nye framvegar for målsaki og rista liv i tenkjingi åt sovande målfolk. Me er einaste sjølvstendige målbladet utanfor den statsfinansierte målrørsla. Einast bladpengar og gåvor frå einskildmenne hev halde oss i live alle desse åri. Det segjer sitt.

Strømmen ytrar seg som um han veit betre enn eg sjølv kva eg stend for, som um han var i posisjon til å fortelja andre um kva eg i røyndi driv på med. Det kann han spara seg for: Eg hev budd dubbelt so lenge ute i Europa som det Strømmen gjorde, eg talar fire ulike språk flytande og eg hev fenge innsyn i ei rad ulike rørslor og subkulturar – dette i det verkelege livet, og ikkje på eit diffust definert, “myrkt nett”. Eg kom attende til Noreg med doktortitel og ikkje som halvstudert røvar. Men diverre er den politiske ståstaden min ikkje heilt A4, difor er tilhøvet millom oss tvo i dag at eg hev drive den sjølvstendige skribent- og reiseverksemdi mi for eigi rekning, medan Øyvind Strømmen hev fenge 3 millionar i løyving frå Fritt Ord til å yvervaka frittenkjande menneske. So lenge det er slik, trengst det europeiske frendar som vil arbeida for europeisk fridom: Fridom til å liva, uhindra av maktmenneske.