Vestlandsk metallmusikk

Ein finn røtene til svartmetallmusikken i Skandinavia, men det var eit engelsk band som fyrst fekk mynta ut termen svartmetall (Venom). Den svenske Bathory (Thomas Forsberg) stod fram under det svarte merket med myrke og illevarslande stemningar, fødde ut or dei kalde nordanvindane, og med harde og inntrengjande sjølvljodar (vokalar). Ljoduttrykket hans vart førande for dei som vilde fylgja i desse myrke fotefari. På denne måten kom den norske metallmusikken nokre år seinare. Det var ein sereigen musikk med stormslag (blastbeats), med kalde, myrke og nordiske gitarriff – og med tekster som gjekk i djupni på det heile. Ein stor part av desse myrke hordane kom frå vestkysten av Noreg.

Taake på festivalen ”Kings of black metal”, Giessen, Tyskland, 2011.

Taake på festivalen ”Kings of black metal”, Giessen, Tyskland, 2011.

Ein kann merka seg at det finst eit stort framspring av tonediktarar i lengjingi av den klassiske musikken til millom andre Edvard Grieg og Geirr Tveitt, og ein kann byrja undra seg yver kva det er som set serpreget til slik stor musikk. Me finn motstykket til den klassiske musikken i den myrke skaparkrafti til svartmetallartistane. Kvar og ein som hev vore i Vest-Noreg må ha bite seg merke i dei monumentale landskapi som reiser seg frå fjøre til fjell, gravne ut og forma gjenom titusundtals år av elvar og isbredar. Desse majestetiske landskapi hev kveikt musikkgruppor som Windir, Immortal, Taake, Gorgoroth, Burzum, Enslaved, Obtained Enslavement, Ancient, Helheim, Hades, Forgotten Woods. Dei hev alle lekamlege røter knytte til Vestlandet. Dei metafysiske røtene deira er òg her.

Den segnumspunne landkunna til Vestlandet hev ofte ytterleggåande utformingar med svære, høge fjell og djupe vatn. Den djupaste innsjøen i Europa er i Vest-Noreg, Hornendalsvatn. Lange dalar og store mengder regnfall pregar landsluten. Det er myrke skogar og myrke vintrar. På dei høge fjelli legg snøen og isen seg tidleg, og takk vere sjøen vert klimaet verande vått og rått til langt ut på våren.

Hades og Taake: Det kom eit skip til Bjørgvin…
Senteret på Vestlandet hev lenge vore Bergen. Det var her at langvegsfarande skip lagde til kai, og jamvel i dag er det den største byen. Dei sju fjelli som umkransar byen hev ein mytisk plass i soga, serskilt heksefjellet Lyderhorn der det heiter seg at heksene møttest på Valborgsnatti (natt til 1. mai), Jonsokaftan og Jolaftan. Bergensgruppa Hades hev laga ei låt, “An Oath Sworn to Bjørgvin”, der teksti knyter seg upp mot ei tilsvarande mystisk fjellscena:

“In my dreams I saw them
They made me swear the oath
At the seventh of the seven mountains
The twenty first of December”

Lyrikken vekkjer liv i ei heidensk fortid, kannhenda var det her forfedrane verkeleg heldt dei viktigaste rituali og seremoniane, det var her eidane vart svorne. Same kva kjensgjerningane måtte vera i desse uppdikta forteljingane, denne diktingi kallar fram minne av heidenske og hendingsrike kveldar på bergenske fjell.

Bergen skal vera millom dei byane i verdi der det regnar mest. Dette vert godt innfanga i albumet av Taake som heiter “Over Bjoergvin graater Himmerik”. Tåke er eit namn for den skodda som ofte legg seg yver Bergen, og den myrke naturen i umrådet som ofte fylgjer med i umrådi kring Bergen er teken inn i musikken på sine eigne underfundige måtar.

I teksten “Nattestid Ser Porten Vid”, ser me ein poetisk strofe som den nedanfor :

” Dagen er kvelt
Natten er vores igjen
Og vanære lurer
Bak hvert kaldt tre
Under de hatske fjells
Storkronede tinder”

Fjell er kruna med stjernor som på ei klår og kald natt i Bjørgvin. Bandet Helheim hev òg lyrikk som fører saman bilete frå ulike sidor av det vestnorske kystlandsskapet.

“I havets svarte dyp, under den farefulle sjø
Havet rundt alle land, der ferdes ingen mann
Kom søsken av Jormundgand, bli med i den siste strid
Kom i deres fars navn, Loke venter dere i krig”

Dei djupe sjøvegane som ligg kring Bergen og som gjorde Bergen so viktig då sjøtransporten var den førande måten å reisa og frakta varor på, er den viktigaste byggjesteinen for fantasileiken i denne samanhengen. Fantasileiken gjeng naturlegvis langt burtanfor vår tids forfina smak, og legg seg meir som eit mystisk og mytisk yverbreidsle yver det myrke og veldige havet som ligg kring den vestnorske kysten.

Immortal og Burzum: Iskalde fjell og fjordar, fantasifulle meisterverk
Immortal er ei musikkgruppa som hev henta den musikalsk kledebunaden frå landskapet ved naturen og kulturen innanfor tonediktingi si. Dei tok bileti sine til det fyrste albumet “Diabolical Full Moon Mysticism” frå ruinane ved Lysekloster. Dei skreiv songar som “A Perfect Vision of the Rising Northland” og “Mountains of Might”. Songar som er fulle av fantasi og tankeleik som dei hev laga sjølv. Noko av musikken er fiksjon, men fylgjer i trappestegi til den episke vestlandsnaturen med fjordar og fjell. Dei synte aldri beinveges til Vestlandet eller Bergen, men um ein les tekstene deira so kann ein tydelegt sjå fyre seg fjelli på Vestlandet um vinteren, dekte av is og snø:

“So rightly I am watching
These mountains that I know
Forever standing here
These mountains northern face”,  

Burzum er ein annan umtykt – og illgjeten – artist som skapte si eigi fantasiverd utan å syna beinveges til nokon lekamleg stad i Noreg. Samstundes manar det myrke og iskalde ljosbilætet fram bilæte frå Vestlandet. Og les ein tekstene er det likeins:

“I immaterialize
And slowly drift
Into the unknown
With the cold winds with soul
The wintery plains lie untouched
I ride on my elements
Towards the stars unseen”

Dette er ei draumeverd som er meir av det indre slaget, og mindre av det ytre. Dette i motsetnad til Taake der dei musikalske tankeføringane munnar ut i ein endefram hyllest til Bjørgvin. Det myrke musikklandskapet til Burzum er av det episke og sveipande slaget, nett som fjelli. Her lyt ein “lesa millom linone”, men um ein gjer det so finn ein den same hyllesten til det dramatiske og storslagne landskapet som finst på Vestlandet.

Windir: Sogemedviten sognametall
Windir frå Sogn skreiv tekstene sine på målføre, “sognamaol”, og dei var ikkje redde for å blanda bitar av hevdvunne melodiar inn i metallmusikken sin. Musikken kjenner seg sers “vestlandsk” på denne måten. Jamvel um dei bergensbaserte gruppone sumtid nyttar noko som liknar moderne, utvatna bergensmål i tekstene sine, so skil det seg ikkje so mykje frå bokmål. Tekstene til Windir er tvert imot godt røtte i den lokale dialekten:

“I skjine ao maon va ra nåke eg saog, nåke so leea seg i skogen vaor.
Traska ondrande opp fø å sjao ken da va.
Da vakkje nåken, men nåke ra va.
Eg kjende ri va rar, men utn å kjenna.
Eg håyrde ri va rar, men utn å håyra.
Eg saog ri sto rar, men utn å sjao.
Eg følde instinkte å innøve eg for.
Ke konne ra vera, Haukarei va vaor?”

Det heile skaper ei stemning som fører oss attende til den avsidesliggjande landsbygdi. Det er ei folkloristisk tilnærming i tekstene som minnar um eldgamle sogor som vert førde frå ættled til ættled.

«Ai jenta gjikk i krystallnatti, hinna skjede so raine å uåpna.
Hinna haor blafra i ran kalde vidn I maonaskjine saog ho ljøse ao vegen.
Vegen ti han ho fann.
Ain stålte å staute strismann.
Daira liv skolde no førainast i ai flåtte krystallnatt.
Snyen laog so kvite å fine Gudadn viste seg i maonaskjine.
Gudadn teke seg ao rai baiggje å om strismann» skolde faidla.
Unga ska no veksa opp i ait rike so staut å stålt «

Attåt sjølve innhaldet i tekstene, so gjev sjølve dialekten oss ei god kjensla av å vera på Vestlandet. Samstundes gjev melodiane ei kjensla av noko eldgamalt og hevdvunne.

Svartmetall: Ei kultorovring til å rekna med
Dei som ikkje alt er kjende med svartmetall, dei tenkjer gjerne at denne musikken er berre hard og rå, upprørsk og imot det meste. I millomtidi er svartmetall vorte ei av dei fremste kulturovringane som Noreg kann nå ut med til resten av verdi. Sume gruppor hev jamvel kome inn i hovudstraumen åt populærmusikken (Dimmu Borgir, Satyricon, Enslaved). Dei gruppone og tekstene som eg hev nemnt i dette bladstykkjet er på eine eller hin måten framleis røtte i den upphavlege åndi åt svartmetallmusikken. Det er ein slags musikalsk ekstremisme fødd i det kalde nord. Han var ikkje driven av noko ynske um å verta kjend eller illgjeten, men var eit uttrykk for ein vokster som einast kunde koma ut frå den ville naturen og det tronge kulturelle kringværet i Noreg.

Ein kann segja heilt ålment at svartmetall, kannhenda berre kann koma frå og verta fødd i ein kultur som den norske. Det hev vore ein mest tvangsprega likeverdskultur i Noreg som krev eit slags einkynde og ei tilknyting til luthersk protestantisme og dei grunnleggjande verdiane som høyrer til denne formi for kristendom. Likeins hev etterkrigstidi vore prega av eit sosialistisk system. Utfrå denne stoda kom det fram ei kunstform som kasta alle desse byggjesteinane for vind og ver. og kalla på dei mest ville sidone av det hevdvunne norske livet, det mystiske, myrke, det elementære, det eldgamle åndelege som kom frå dei myrke skogane og sveipte seg langs fjelli.

Megan Leo

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 3 2013. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!