Det nasjonale – eit spursmål um liv eller daude

“Ingen er barn av i dag,
du er barn av dei tusen år.
Djupt gjennom lag etter lag
røtene går.”
(Knut Hauge)

Kvifor er det so viktugt å taka vare på eige språk, på eigen kultur og eigenart? Finst det ikkje viktugare saker for engasjert ungdom å kasta inn kreftene i, som til dømes kampen mot fatigdomen? Lenge stræva eg med å finna eit fullgodt svar på dette, heilt til dess at det gjekk upp for meg at dette spursmålet var å snu ei problemstelling på hovudet.

Som Jon Fosse ein gong svara det då han vart spurd um kvifor han nytta nynorsk: han tykte ikkje han trong å svara på det. Han var no ein gong nynorskbrukar, som fylgja av ei rad ulike historiske og personlege umstende, og han upplivde det snarare slik at dei æreminka dei som vilde ha han til å grunngjeva sin eigen tilværerett.

Idèane fyrst, deretter alt det andre
Norskdomsrørsla hev alltid vore ei idèrørsla. Den dagen ideane me stend for vert underordna kvardagslege nytteumsyn, den dagen hev me tapt. Og når ein ser på den prinsippløysa som hev rådd grunnen i målrørsla dei seinaste tiåri, so er det slåande kor snøgt samanbrotet hev kome, både for nynorsk skulemål i randsonone og for den ihopskipa målrørsla som ein gong var der.

Me må alltid halda fast på at språket og kulturen vår hev verde i seg sjølv. Språket og kulturen er arven frå forfedrane våre, det høyrer til oss, det hev vore med på å gjera oss til det folket me er, til dei menneski me er – og soleides hev det eigenverde nett slik som me hev menneskeverde.  Det er vårt tilskot til heile mangfeldet i verdi , eit tilskot millom mange andre av ymise slags måtar å liva og uppliva verdi på, og dette mangfeldet kann ikkje verdsetjast i pengar eller tinglege verdiar.

17. mai på Salhus, ein nynorskskanse i Bergen.

17. mai på Salhus, ein nynorskskanse i Bergen.

Ordskiftet um nynorsk og sidemål hev altfor ofte vorte minka ned til eit spursmål um nynorsken sin nytteverdi, og kva det kostar i kronor og øyre å få undervisning og skilting på nynorsk. Men jamvel um nokon skulde greida å koma upp med ein rekneskap som syner at nynorsk var bra for norsk økonomi, so vilde eg vera mistruen til å ganga inn i ordskiftet på dette grunnlaget. Me må alltid halda fast ved at vinningi med det norske målet er på eit andelegt og kulturelt plan. For det økonomiske og materielle må alltid vera til for å tena det andelege og kulturelle, ikkje umvendt.

Skal ein vinna fram med ei sak i lengdi, må ein aldri slutta å halda seg til  grunnsetningane. Eg skal taka eit døme frå eit heilt anna felt: For nokre år sidan rota barneumbodet seg inn i eit ordskifte um lekamleg straff var bra eller dårlegt for den mentale helsa til borni. Barneumbodet meinte det let seg ettervisa vitskaplegt at born tok skade av lekamleg straff, men kvifor skulde han i det heile gjeva seg inn i ordskiftet på eit slikt grunnlag? Enn um det dukka upp einkvan som kunde slå i bordet med ei etterrøkjing som slo fast at slike skadar ikkje let seg påvisa, skulde barneumbodet då skifta syn og slå fast at lekamleg straffing av born var heilt i orden? Nei, den rette tilnærmingi hadde vore at ein heilt frå byrjingi av argumenterte prinsipielt med at born hadde det same kravet på rettsvern som det vaksne hadde. So lenge ein ikkje kann straffa vaksne fysisk, skal ein helder ikkje kunna gjera det med born. Det hadde vore ein argumentasjon som stod på eigne føter, og som ikkje kunde verta velta um 1, 10 eller 100 år av den eine eller andre forskingsrapporten.

Èi grunnleggjande læresetning: Me vil liva!
Hev du nokon gong freista hjelpa nokon med skulearbeidet deira, men til ingen nytte av di denne personen ikkje var interessert i å gjera nokon innsats sjølv? Um eit folk skal kunna yverliva, so er fyresetnaden at dette folket faktisk sjølv ynskjer å vera til. Men ynskjer det norske folket vårt å liva? Ynskjer folk flest i dag at det i framtidi med skal finnast slike som oss?

Millom målfolk finn ein gjerne det huglaget at sjølv ynskjer ein å få skriva sin eigen nynorsk so lenge ein liver, men at ungane byrjar tala bymål og byrjar i bokmålsklassa – ja, det er no berre den naturlege utviklingi det. Dei tragiske utslagi av denne tankegangen ser ein i våre dagar ikkje minst i dei gamle nynorskkommunane kring Bergen.

I gamle dagar var det sjølvsagt at eit samfund heldt seg med eit sams språk, med ein sams kultur, med sams grunnleggjande verdiar. Kva slags verdiar eit samfund skulde stå for var soleides grunnleggjande politiske spursmål, og kampen for det norske målet var ei politisk sak som sette sterke kjenslor i sving på båe sidor. Målreisingi var ei folkereising.

Når ein i våre dagar freistar å tala um at me hev fenge eit fleirkulturelt samfund, so hev dette til fyresetnad at det som i utgangspunktet var politiske verdiar er vortne privatiserte. I målspursmålet ser ein dette tydelegast: I ålmenta skal “språkfreden” herska. Tidlegare stod ein saman um å driva med måldyrking og å få det norske fram på nye felt. I dag er det upp til kvar og ein um ein vil nytta norskt mål og i kor stor mun, kvar og ein skal skriva som det kjennest “naturlegt”. Og å stella krav til målbruken åt folk vert avvist som utidig moralisering.

1968-generasjonen: Ein kultur av daude
Dei fleste menneske ynskjer seg at det er ein slags samanheng i livet. At det ein driv med på eitt umkverve kann koma til nytte på eit anna. Ein er ikkje berre på arbeid for å tena pengar, men for å knyta kontaktar som kann koma til nytte utanfor arbeidstidi med. Ein driv ikkje berre med trening for å halda seg i form, men for å verta betre disiplinert til å halda ut med dei mest mangslungne arbeidsuppgåvor. Idealet er at alt det ein driv på med skal vera med på å utvikle ein som person i den leidi ein stemnar mot. Sjølvrealisering vert det kalla i våre individfokuserte tider, og er ein ikkje komen langt nok i tide, so melder 40-årskrisa seg..

Desse...

Desse…

Ein kann få vita mykje um eit samfund berre med å sjå på kva slags tabu dette samfundet held seg med. Dei seinaste 40-50 åri er stødt fleire tabu kring sex vortne brotne ned. Samstundes hev dauden vorte det nye tabuet. Helst skal ein vera 25 år heile livet og stødt ha tilgang til nok sex, skal ein tru det ein les i vikeblad og laussalsavisor. Kvar gong eit rundt tal nærmar seg, meldar uroi seg. Uroi for å verta gamal og uattraktiv. Uroi for at ein gong er det slutt.

Dette er det grunnleggjande problemet som individualismen råkar på: Mennesket skal ein gong døy. Um einskildmennesket ikkje er til for noko anna enn seg sjølv, so er det til sjuande og sist ikkje til for noko.

I gamle dagar innsåg ein at det var grensor for det ein kunde få til i dette livet. Visst kunde ein ha høge hugmål for seg sjølv, men desse var det kanskje tanken at born eller barneborn ein gong skulde nå fram til. Ein gard skulde til dømes etterlatast i ein betre stand enn det ein sjølv tok yver. “Tytebæret uppå tuva” av Aasmund Olavsson Vinje illustrerar dette huglaget. Å realisera seg sjølv, å verta eit moge menneske, det var til sjuande og sist å kunna gjeva seg sjølv for noko større.

Og her kjem eg til poenget: Same kor mykje folk strevar for å skapa ein samanheng i livet sitt, so kjem dei likevel ingen veg dersom det einast skal handla um dei sjølve. Ikkje berre treng ein samanheng i sitt eige liv, ein treng at livet gjeng inn ein større samanheng.

Når det ein gong var so mange tabu kring sex, so var det av di seksualiteten var ei kraft som skulde temjast, til å tena livet, knyta menneske saman, byggja ein familie som gjeng vidare enn til berre denne ættleden. Ikkje berre noko som skulde vera til litt moro for den einskilde, utan at det fekk nokon fylgjor. Individet hev si tilmælte tid på denne jordi fyre det gjeng til grunne, men livet gjeng vidare. Lovene i fysikken og i termodynamikken er slik at døden heile tidi trengjer seg på, men i fødselen hender det mirakelet som gjer at livet heile tidi kann atterskapa seg sjølv og sigra yver dauden.

... Eller desse?

… Eller desse?

I våre dagar hev me fenge både p-pillor og fri abort, og ekteskapet og kjernefamilien er skift ut med seriemonogami og homoekteskap. Statistikken talar sitt tydelege språk: Kvinnor i Europa fær ikkje born lenger. Det vert sagt at 68-generasjonen og individualismen deira skulde vera so frigjerande, so full av livsgleda. Men i røyndi er det ein kultur av daude, det som dei hev skapt. Ein kultur som langsamt let folket vårt døy ut, både fysisk og kulturelt.

Og kvar vert det i dag av garden som skulde etterlatast i betre stand til neste ættled? Dei som skal arva 68-generasjonen uppliver gjerne til si yverrasking at huset, det er det banken som tek. Sume trudde kanskje at huslånet hadde vorte nedbetalt for lenge sidan, men ein ny trend millom pensjonistar er at huset vert sett i pant for å finansiera ein ny runde med reising verdi rundt…

Det nasjonale er svaret
Det er her nasjonalismen kjem inn i bilætet: Tanken um at alle dei ulike personane og gruppone i eit samfund ikkje berre er til for seg sjølve, dei stend saman for å tena noko større: tena ein ide.

Liberalismen let kvart menneske verta standande att åleine, medan sosialismen set gruppor i samfundet upp mot kvarandre.

Liberalismen trur at det er marknadskreftene som skal skapa eit betre og meir utjamna samfund heilt av seg sjølv, medan sosialismen trur at eit idealsamfund skal reisa seg berre motsetnadene millom gruppor i samfundet fær byggja seg upp til eit slikt nivå at den eine gruppa kann taka makti og utsletta alle dei hine.

Og anten det er marknadskrefter eller produktivkrefter som presser seg fram som det drivande i soga, so kann ein slå fast at det hjå båe ideologiane til sjuande og sist sviv seg einast um det reint materielle…

Um ikkje dette var nok, so førde utgangen på den kalde krigen til ein slags syntese av desse tvo ideologiane som upphavlegt vart sagde å vera motstridande. Me hev fenge ein laussleppt liberalisme på det økonomiske umkvervet og ein moralsk nedbrytande marxisme på det kulturelle umkvervet. Med andre ord det verste frå båe tvo…

Den nasjonale tanken gjeng på tvers av alt dette. Han segjer at nei, liberalistar, me stend ikkje åleine, me er alle fødde inn i ein samanheng. Og nei, sosialistar, dei ulike gruppone i samfundet ligg ikkje i vedvarande konflikt med kvarandre, dei treng kvarandre og utfyller kvarandre.

Nasjonalismen er i vår tid vorten åleine um å ha denne tilnærmingi, men slik hev det ikkje alltid vore. I gamal tid var den nasjonale tanken tvert imot so einerådande at han var sjølvsagd. Å vera tjodlynd var like naturlegt som å pusta og å tala morsmålet sitt, og det same um ein var frå Ørsta eller Ulan Bator. For i motsetnad til kunstige og moderne ovringar som sosialisme og liberalisme, so er ikkje nasjonalismen nokon ideologi. Han er ein doktrine, ei grunnsetjing, som segjer at det å verna um sine næraste og sitt eige folk, det kjem fyre alt det andre.

Eit stabilt samfund kann ikkje lata seg atomisera, korkje på individnivå eller på gruppenivå. Då gjeng det fyrr eller seinare i uppløysing av seg sjølv eller konfliktar fører til at det vert rive i filler. Eit samfund som skal verta varande må vera organisk. Det treng å verta tufta på noko samlande.

Det er difor ikkje slik at det å vera tjodlynd i eit moderne samfund skulde vera noko avaldra eller moralsk problematisk. Tvert imot, ein uppegåande person som hev sett og gjenomskoda dei kreftene som bryt ned samfundet og kulturen vår, han kann ikkje vera noko anna enn tjodlynd.

So kva kann ein gjera då? Norskdomsrørsla i dag er veik og me hev ikkje so mange av verdsens vindar med oss. Kor som er, det er nett av di me er so fåe at me helder ikkje treng å verta so mange fleire fyre me alt hev gjort ein skilnad! Det skal ikkje so mykje til fyre me alt hadde greidd å markert oss og fenge sett ein dagsetel. Å verta høgnorskaktivist er å få høvet til å setja eit varande fotavtrykk i soga. Å vera bokmålsbrukar gjer derimot ingenting til eller frå. For bokmålet hev ingen aktivistar, berre ein stor og sovande majoritet av likesæle menneske…

Det du og eg kann gjera i dag er sers einfelt: Bruk norskt mål i skrift og tala! Du treng ikkje å tala normalisert norsk, men bruk norske merke-ord so ofte du kann. Kall landet vårt Noreg! Jamvel um talemålet ditt elles er aldri so utvatna, um du so kjem frå Oslo eller Drammen, so syner du berre med eit so lite ord at du er ein person som aktivt tek stoda for det norske målet og ikkje berre er ein som “talar dialekten sin”, utan å ha tenkt noko nærare um kvifor. Kvar gong nokon vågar å gjera dette, so vinn me ein liten siger.

Hald deg med bøker og blad på godt norskt mål! Um du ikkje hev tid til å gjera noko sjølv, so hev du i alle fall ein slant pengar som du kann gjeva burt til dei som vel å gjera ein innsats, men som kanskje ikkje hev nok midlar til å få gjeva ut den boki som dei nett no held på med. Ikkje set ungane dine framfor TV’en, men bruk kveldane til å lesa nokre gode bøker åt dei! Dei beste bøkene finn du på antikvariat, men um interessa tek seg upp, so må det kunna prentast upp nye.

Bruk klede med norskdomsvenleg bodskap! Og kjøp norsk brus frå Lerum i staden for anglonorsk bokmålsbrus frå Coca Cola, um eg skal gjeva døme på korleis du kann nytta forbrukarmakti di til å sleppa det norske fram. Vis med alle dei småe vali som du gjer i kvardagen at du stend for noko som stikk litt djupare. Slik kann du gjera noko lite til noko stort!

Eg byrja med å visa til eit dikt av Knut Hauge, og eg vil gjerne avslutta med det som eg meiner er essensen i dette diktet. Du og eg, me er ikkje her berre i dag, ikkje berre i dette livet. Me hev vore her i minst tusund år, og me kann framleis vera her i tusund år til. Det er upp til oss. Når me vel å strida for vår eigen kultur, vårt eige språk, vår eigen identitet, so spring dette ut or noko som burde vera sjølvsagt for alle menneske: Me ynskjer å vera til. Ikkje berre i dag, men jamvel i morgon. Eit folk som er medvitne um dette er liv laga. Eit folk som hev gløymt dette, det hev alt lagt seg ned for å døy.

Gakk difor ut og tak striden for norskt mål og kultur. Der det finst ein vilje, finst det alltid ein veg.

Olav Torheim

Artikkelen stod på prent i Målmannen nr 1 2014. Klikk her for å få tilsendt eit gratis prøveeksemplar av bladet!